BRANN: Sotrabrannen sett frå Algrøy. Foto: Solveig Berge

Fjell-ly ga ly til evakuerte

ImF Midthordland gav kost og losji på leirstaden sin til nokre av dei som måtte evakuera på grunn av storbrannen på Sotra.

Storbrannen starta torsdag formiddag. Bt.no opplyser at politiet fekk melding om brannen klokka 11.57, og at brannen skal ha starta i nærleiken av ein snuplass ved eit bustadområde ved Fjæreide på Kolltveit.

Torsdag kveld vart rundt 500 menneske evakuerte, og dei fleste av dei overnatta hos vener og kjente. Nokre, 54 ifølgje dagen.no, overnatta på Fjell-ly, ImF Midthordland sin leirstad, etter avtale med kriseleiinga i Øygarden kommune.

Til sambåndet.no tidleg fredag ettermiddag seier dagleg leiar Solveig D. Holth ved Fjell-ly at dei har fått melding om å ikkje uttale seg til pressa.

Flytta heim
Tidleg fredag ettermiddag var situasjonen enno uavklart. Ifølgje nrk.no brann det då på tre ulike fjelltoppar eit stykke frå bustadområdet. Utover dagen skal politi og brannvesen vurdere kva som skal skje med dei evakuerte. Kommunen villle senda ut sms innan klokka 16 med oppdatert informasjon om evakueringa.

Beskjeden i den meldinga var, ifølgje nrk.no, at alle evakuerte kunne flytta heim igjen. To hus brann ned.

– Brannvesenet opplyser at det fortsatt vil koma noko røyk fra området, men det er trygt for dei evakuerte å venda tilbake til heimane sine, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden til nrk.no.

Langvarig

– Vi byrjar å nærma oss å gå over i en etterslokkingsfase, seier innsatsleiar Jarl Hestad i Øygarden brannvesen til nrk.no like over klokka 14 fredag.

Med hjelp av regn har brannvesenet fått slokka store deler av grassbrannen på Sotra. Fortsatt er det mange mannskaper ute. Og brannvesenet trur innsatsen vil fortsetja lenge.

– Dette kan bli langvarig. Jeg har vore med på skogbrannar som har krevd vekesvis med innsats, og dette har vore ein veldig intens brann, seier Hestad til nrk.no.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.