Sambåndet

Onsdag 12. mai 2021
RSS
INTERNAT: Av 27 elevar som var igjen på internata ved KVS Bygland i helga, er ti smitta av koronaviruset. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Engelsk virusvariant òg på KVS Bygland

SAKA BLIR OPPDATERT 15 personar tilknytta den ImF-eigde vidaregåande skulen KVS Bygland har testa positivt for covid-19, melder Bygland kommune.

Skrevet av Petter Olsen den 11. april 2021.

Bla nedover for å få siste nytt. Saka vert oppdatert i kronologisk rekkefølge med den opphavlege artikkelen, som vart publisert 11. april, nedst.

Oppdatering måndag 12. april:

Ytterlegare ein positiv test er påvist. Det betyr at 11 personar tilknytta KVS Bygland er stadfesta smitta av koronaviruset. Desse 11 er i isolasjon. Elles er 18 personar i karantene.

Måndag vart det tatt sju testar. Desse vil det koma svar på i løpet av tysdagen.

Oppdatering tysdag 13. april:

Tysdag er ytterlegare tre personar tilknytta KVS Bygland stadfesta smitta. Det vil seia at 14 personar no er i isolasjon. 15 personar er i karantene.

Oppdatering onsdag 14. april:

Onsdag var det ikkje nye smitta. Bygland kommune melder at fleire elevar er blitt køyrt heim, slik at talet på isolerte personar no er nede i fem. 14 personar er i karantene. Talet på peronsar i karantene er justert etter kor mange som har reist heim og kor mange som har blitt testa i løpet av dei to siste dagane.

Oppdatering fredag 16. april:

Torsdag kom det ein positiv test til. Det betyr at 15 personar tilknytta KVS Bygland no er stadfesta smitta.

– Fire av desse 15 er tilsette, seier rektor Steffen Røykenes til sambåndet.no fredag formiddag 16. april.

Fredag var åtte av 51 elevar framleis på skulen. Fire av dei er i isolasjon og fire i karantene. Resten av elevane er reist heim og får digitalt undervisning der.

Bygland kommune fekk laurdag 10. april melding om eitt stadfesta smittetilfelle av covid-19 knytta opp mot KVS Bygland. Det blei sett kriseleiing. Kommunen meldte laurdag at den smitta er i isolasjon, og at alle nærkontaktar vert testa og sit i karantene. Nærare bestemt var 36 personar i karantene og 27 i ventekarantene. Pr. laurdag kveld er smittekjelda ukjent. Ordførar Sigbjørn Åge Fossdal seier til Agderposten at det blir jobba på spreng med å finna smittekjelda, og at dette vil vera viktig for å få kontroll på smitteutbrotet.

Testing sundag kveld

Sundag melder kommunen at av dei prøvane som blei tatt laurdag, har det førebels kome melding om ni positive og to usikre. Dei ni positive kjem altså i tillegg til den eine på laurdag.

Kommuneoverlegen oppmoda sundag alle som har vore i kontakt med elevar og lærarar ved KVS Bygland, om å møta opp for testing på teststasjonen kl. 18 om kvelden. Kl. 21.20 sundag kveld melde kommunen om at 34 personar var testa sundag. Ti personar var i isolasjon og 64 i karantene.

– Smittesporingsteamet og kriseleiinga har arbeidd i ettermiddag, og vi føler at vi førebels har kontroll på situasjonen. Det vi ser, er at smittesituasjonen hovudsakeleg gjeld KVS. Lærarar og elevar ved KVS er sette i karantene. Dei smitta er sette i isolasjon, skriv kommunen på si nettside sundag kveld.

Symptom torsdag

sambåndet.no snakka med rektor Steffen Røykenes ved KVS Bygland sundag kveld.

– Eleven som vart stadfesta smitta laurdag, fekk symptom torsdag og blei testa fredag. Eg snakka med han for kort tid sidan, og det går bra med han. Det er snakk om litt feber og hovudverk, seier Røykenes.

23 elevar heime

23 av dei 51 elevane reiste heim for helga fredag. Då det laurdag vart klart at ein av de 28 som var igjen på skulen, var smitta. vart alle dei 27 andre elevane – og nokre av dei tilsette – testa i løpet av laurdagen. Kommunen oppmodar dei 23 elevane som reiste heim, og familiane deira, om å testa seg i heimkommunen. 

– Eg reknar med at vi vil få full oversikt over smittesituasjonen tysdag kveld. Alle dei 23 tilsette er testa, og alle som per sundag kveld har fått prøvesvar, har testa negativt, seier Røykenes.

Alvorleg

Kommuneoverlege Åsulv Horverak i Bygland seier til Agderposten at situasjonen er uoversiktleg og alvorleg. Kommunen har om lag 1200 innbyggarar.

– Det er blodraude tal om ein ser på antal smitta per 100.000 innbyggarar, er Horverak si vurdering av ti smitta.

– Faren for ytterlegare smittetilfelle er stor, legg ordførar Sigbjørn Åge Fossdal til.

Digitalt

Rektor Steffen Røykenes opplyser til sambåndet.no at det blir digital undervisning frå måndag av, i første omgang ut veka. Det vil gjelda både for dei elevane som er igjen på internata, og for dei som er heime.

– Dei som er på internata, skal jo ha mat, så nokre av dei tilsette vil vera på skulen. Lærarane underviser heimefrå, seier Røykenes.

Som kjent er 25 personar tilknytta KVS Lyngdal,  smitta.

I aprilnummeret av Sambåndet, som blei trykt 8. april og kjem ut til alle abonnentane tysdag 13. april, er det omtalt ei sak der foreldra til ein elev tidlegare i år klaga på KVS Bygland fordi dei meinte  skulen hadde hatt for strenge smitteverntiltak i januar.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Nytt for 2021-sesongen på Lyngdal Bibelcamp (LBC) er at også de som kommer med bobil, campingvogn eller telt, må bestille plass på forhånd.

Øystein Engås er tilsett som ny rektor ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund frå 1. august 2021.

Åkrehamn Bedehus har stiftet forsamling som står tilsluttet ImF og NLM.

Den finske riksdagspolitikeren Päivi Räsänen er tiltalt for tre tilfeller av straffbar agitasjon mot en minoritetsgruppe. En av anklagene gjelder et bibelvers hun postet på sosiale medier.

Tro & Medier vil undersøka kva små trusfellesskap har betydd gjennom pandemien, og korleis kristne forsamlingar kan bruka dei digitale erfaringane godt vidare.

Copyright © Sambåndet 2021