Sambåndet

Mandag 14. juni 2021
RSS
FESTIVAL: Gruppa LZ7 frå England skal opptre både på konfirmanthappeninga og sjølve festivalen Jærgårds. PROMOFOTO: LZ7

Vil samla rundt tusen konfirmantar

Festivalen Jærgårds satsar på at dei kan få samla opp mot tusen konfirmantar frå heile Jæren til festival og konsert på Kleppeloen i august.

Skrevet av Kristelig Pressekontor den 14. mai 2021.

Fredag 20. august planlegg Jærgårds at konfirmantar frå heile regionen skal få samlast til festival og konsert.

Det er fjerde året på rad at det blir invitert til Jærgårds i friluftsområdet Kleppeloen i Klepp. Hovudfestivalen skal gå av stabelen laurdag 21. august, men kvelden i forvegen blir det planlagd ein skikkeleg konfirmanthappening same stad.

– Vi hadde opplegg for konfirmantar fredag kveld også i 2020, men då vart heile festivalen gjennomført på «korona-vis», med maks 200 tilskodarar per arrangement. Dermed kunne vi berre invitera konfirmantar frå Klepp på fredagskvelden, men i år håper vi på at det blir opna opp for tilnærma normale tilstandar i slutten av august, seier festivalsjef Jan-Gunnar Haraldseid i ei pressemelding.

600 påmelde

Festivalsjefen set si lit til at talet vaksinerte innan august vil gjera det mogleg å gjennomføra ein større festival enn i fjor.

– Med oppløftande vaksinetal i ryggen har vi invitert konfirmantgrupper frå Sør- og Nord-Jæren. Så langt er det påmeldt rundt 600 deltakarar, i tillegg er det fleire kyrkjelydar som truleg blir med. Per no har vi påmelde konfirmantar frå mellom anna Finnøy, Stavanger, Bryne og sjølvsagd Klepp, opplyser Haraldseid.

På festivalplakaten står mellom anna den kristne gruppa LZ7 frå England.

– Dei har vore på Jærgårds tidlegare, i 2018 og 2019, og leverer eit forrykande show på scena – med Jesus i sentrum. I år skal dei spela både på konfirmanthappeningen fredag og på sjølve festivalen laurdag, fortel festivalsjefen.

Hungrar etter festivalliv

Haraldseid fortel at teamet bak Jærgårds vel å vera optimistar med tanke på smittevernsituasjonen på seinsommaren.

– Slik det ser ut no, vel vi å vera optimistar og satsar på at det blir tillate å samla mykje folk i Kleppeloen i august. Der er det uansett ikkje vanskeleg å halda både ein og to meters avstand om det skulle trengst, seier han.

Han trur festivalen er etterlengta både for konfirmantane og dei andre festivalgjestene.

– Etter eit og eit halvt år med korona-restriksjonar trur eg folk hungrar etter litt festivalliv, seier Haraldseid. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Synodemøtet i Frikyrkja har gitt synodestyret i oppdrag å få på plass igjen eit papirmagasin med uavhengig redaktør.

– I dag har vi heist flagget, sier prosjektleder Odd Inge Austevoll.

ImF Midthordland gav kost og losji på leirstaden sin til nokre av dei som måtte evakuera på grunn av storbrannen på Sotra.

ImF har sett ned ei ad hoc-gruppe som skal sjå på korleis ImF sentralt og kretsane eventuelt kan bidra med innhald til TV12 Bedehuskanalen.

ImF og kretsene vil nå sende ut ansatte og ulønnede medarbeidere som normalt og ber også forsamlings- og foreningsstyrer om å forberede åpningsfester til høsten.

Copyright © Sambåndet 2021