Sambåndet

Mandag 17. mai 2021
RSS
SETTE SPOR: Hans Nielsen Hauge sette store spor etter seg. «Haugianarane» vart sentrale personar både i verdsleg og åndeleg verksemd mange stader. Her er dei avbilda av Adolph Tidemann i måleriet Haugianerne. FOTO: Nasjonalgalleriet/Wikimedia

Hans Nielsen Hauge: Profet eller opprørar?

3. april 2021 er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Få nordmenn har skapt sterkare engasjement enn han.

Skrevet av Lars Inge Magerøy, Kristelig Pressekontor den 3. april 2021.

Tilhengarane såg han som ein profet, ein Guds reiskap til å vekka folket opp av åndeleg sløvhet. Mange prestar vurderte han som ein folkeforførar. Styresmaktene meinte han var ein oppviglar og ein trussel mot staten. Få nordmenn har skapt sterkare engasjement enn Hans Nielsen Hauge.

Dei fleste kjenner Hauge som lekpredikant. Men han var mykje meir. Den aktive perioden hans strekte seg over berre åtte år, frå 1796 til 1804. Kva han rakk på desse åra er nærast utruleg. Han tråla landet på tvers og på langs, så langt nord som til Tromsø, for det meste til fots. Og han heldt oppbyggelige møte overalt der han kom.

3.april i år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Han var bondeson frå garden Hauge i Rolvsøy og vaks opp i enkle kår med lite skulegang. Heimen var prega av gudsfrykt med nøysemd. Barndommen var ikkje lykkeleg, han grubla mykje over livets store spørsmål. Men han viste òg stor tiltakslyst og lærte seg fleire ulike handverk.

Gudsoppleving i åkeren

Den 5. april 1796 gjekk Hans og pløgde åkeren heime på Hauge. Medan han song salmen «Jesus, din søte forening å smake», skjedde det noko. Slik skildrar han det sjølv seinare: «No vart sinnet mitt så oppløfta til Gud at eg ikkje sansa meg eller kan seia kva som føregjekk i min sjel, for eg var utanfor meg sjølv. Straks eg kom til meg sjølv, forstod eg at eg ikkje hadde tent den kjære og over alle ting gode Gud, og no syntest eg ingen i verda var verd å akta.»

For Hauge førte opplevinga til ei forvandling, frå ein grublande ungdom til ein mann som var trygg på at Gud hadde utvalt han til ei stor oppgåve: Å kalla landsmennene sine til tru og etterfølging av Jesus Kristus. Straks starta han gjerninga si som forkynnar, først i nærområdet, sidan utover i heile landet. Han utgav òg snart dei første skriftene sine.

Provoserte prestar

Men verksemda møtte sterk motstand. Lekfolk hadde ikkje lov til å forkynna Guds ord offentleg, det kunne berre prestane ifølgje «Konventikkelplakaten», ein kongeleg forordning frå 1741. Prestane vart provoserte av at ein uskolert lekmann samla mange menneske om si forkynning. Hauge svarte med å angripa prestane for maktmisbruk og grådigheit.

Hauge sine krasse angrep fall prestane tungt for brystet. Dei var embetsmennene til kongen og kunne setja ordensmakta inn mot den frimodige predikanten. Han vart arrestert eit titals gonger, inntil han vart endeleg fengsla og knebla i 1804. Men då hadde han skapt ein livskraftig rørsle med tilhengarar over nesten heile landet. Øvrigheita likte det dårleg, livredd som han var for kvart og eit teikn til uro.

Gründer

Hauge var ikkje berre predikant. Han såg det òg som Guds vilje å engasjera seg i «verdslege» verksemder som handel, handverk og industri. I 1801 skaffa han seg handelsborgarskap i Bergen. Han var ein gründer av nasjonalt format: Mellom 30 og 50 ulike bedrifter medverka han til å etablera, frå papirfabrikkar og trykkeri, til møller, sagbruk, skipsverft, saltverk m.m. Han oppmuntra òg tilhengarane til å starta verksemder. «Haugianarane» vart sentrale personar både i verdsleg og åndeleg verksemd mange stader. Fleire av dei vart stortingsmenn.

Hauge kjempa for å fjerna monopola som hemma næringsutviklinga. Fridom frå statlege restriksjonar, både på det religiøse og det kommersielle området, er ein fellesnemnar i kampen hans. Han var produktiv òg som skribent og var den første norske forfattaren som nådde «heile folket» med bøkene sine.

250 ÅR: 3. april 2021 er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Få nordmenn har skapt sterkare engasjement enn han. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Forut for si tid

Hauge var forut for si tid på mange område. At han verka som lekpredikant og fekk andre til å gjera det same, vakte forarging. At han òg fortrudde unge kvinner å gjera det, vart sett på som svært upassande. Men Hauge meinte at «nådegåva til å tala og forklara Guds Ord» er gitt til både kvinner og menn. Verken kjønn, alder eller sosial status skulle vera avgjerande for kven som kunne brukast i Guds teneste. Dette var radikale tankar.

Han fekk mange mektige fiendar, også heilt til topps i Kanselliet (regjeringa) i København. I 1804 sette Kanselliet – på initiativ frå biskop Peder Hansen – i verk ein knusande rettsprosess mot Hauge. I fleire år satt han i rådshusarresten i Christiania under umenneskelige forhold. Bøkene hans vart forbodne og eigedommane inndratt. Mannen og rørsla skulle knekkast.

I 1809 oppstod det ein akutt mangel på salt i Noreg, som følgje av den engelske blokaden. Hauge melde seg til teneste, og i eit halvt år fekk han permisjon til å reisa rundt og oppretta saltverk langs kysten. Han starta anlegg til å utvinna salt av sjøvatn, frå Lillesand i sør til Sunnfjord i vest. Då jobben var gjort, vart han fengsla på ny. Det var takka frå styresmaktene!

Vekte folkeanden

Prosessen mot Hauge trekte i uendeleg langdrag. Først i 1814 fall den endelege dommen: Ei bot på 1000 riksdalar for brot på Konventikkelplakaten. Alle andre skuldingar vart fråfalne. Ved hjelp av venner klarte han å betala bota og å kjøpa seg ein liten gard. Seinare kjøpte han ein større gard: Bredtvedt i Aker, der han levde dei siste åra sine, sterkt svekt, men som ein respektert borgar i det nye Noreg. Han døydde i 1824 og vart gravlagt ved Gamle Aker kyrkje. Rørsla han starta, fekk stor tyding både for kyrkja og samfunnet.

Hauge sette djupe spor etter seg. Åndshøvdingen Grundtvig skreiv i 1850: «Med Hans Nielsen Hauge vakna folkeanden i Noreg». KPK

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gratulerer med dagen!

Samtidig som ImF Sunnmøre søker etter Ung-leder og barne- og ungdomsarbeider, søker Nordmøre og Romsdal Indremisjon etter Ung-leder.

Festivalen Jærgårds satsar på at dei kan få samla opp mot tusen konfirmantar frå heile Jæren til festival og konsert på Kleppeloen i august.

For Plussreiser ser høsten og neste år bra ut med tanke på bestillinger, men noen av turene i Norge har vært vanskelig å selge.

Nytt for 2021-sesongen på Lyngdal Bibelcamp (LBC) er at også de som kommer med bobil, campingvogn eller telt, må bestille plass på forhånd.

Øystein Engås er tilsett som ny rektor ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund frå 1. august 2021.

Copyright © Sambåndet 2021