SALMEDIKTER: Elevine Heede fra Arendal var salmedikter, men er kanskje mest kjent for sine oversettelser av andres salmer til norsk. FOTO: Metodistkirken Norge

Songverset som vart borte

Den mykje brukte songen "Ånd fra himlen, kom med nåde" hadde eigentleg fire vers. Det siste, som handla om åndsdåp, vart ikkje tatt med i songbøkene.

15. september 2020 var det 200 år sidan salmediktaren og salmetekstomsetjaren Elevine Randea Heede frå Arendal vart fødd.

– Ho er faktisk ein av dei mest betydelege kvinnelege salmediktarar i Noreg dei siste 100-150 åra, sjølv om ho på mange måtar er både gløymd og oversett, seier Nils-Petter Enstad, busett i Arendal, til Kristelig Pressekontor.

Andens dåp

Forfattaren, som òg bur i Arendal, har skrive fleire bøker om gospelmusikk, salmar og kristen organisasjonshistorie. I jubileumnsåret for Heede gav han ut ei eiga bok om bysbarnet sitt.

– Boka er faktisk det første, større arbeidd som presenterer henne og livsverket hennar, seier han.

Enstad kan avsløra at salmen hennar, «Ånd frå himlen, kom med nåde», opphavleg hadde eit fjerde vers som ikkje er tatt med i dei fleste salmebøker og songbøker som nytta songen.

– Han sluttar med å døypast med Andens dåp, og det vart nok litt for heftig for nokon. Og sjølv om verken Frelsesarmeen eller Pinsebevegelsen har noko problem med Andens dåp, så er det verset vorte borte òg i songbøkene deira, seier forfattaren som sjølv har vore offiser i Frelsesarmeen.

I skuggen av Sandell og Crosby

Enstad meiner Heede har hamna i skuggen av andre kvinnelege salmediktarar som svenske Lina Sandell og amerikanske Fanny Crosby.

– Etter vurderinga mi er ho på nivå med dei, men det har til no vore lite merksemd rundt henne og livet hennar.

Forfattaren trur noko av grunnen til at få har vigd Elevine Heede merksemd, ligg i at ho kanskje er meir kjent for songane ho har omsett enn dei ho skreiv sjølv.

– Desse omsetjingane er veldig gode og er jo songar vi har vakse opp med, som til dømes «Hvilken venn vi har i Jesus», seier han.

Gate oppkalla etter seg

Enstad innrømmer at han sjølv fekk auga meir opp for Heede etter at han flytta til fødebyen hennar, Arendal.

– Ho har til og med ei gate oppkalla etter seg her i byen, og det er det ikkje mange andre kvinnelege salmediktarar som har. Eg veit ikkje om nokon i Noreg, seier forfattaren.

Han fortel at det vesle som har vore skrive om Heede tidlegare, har vore prega av å visa til dei same kjeldene. Han byrja å samla stoff om Elevine Heede, mellom anna i fylkesarkivet kalla Kuben, og har prøvd å finna informasjon som ikkje er så godt kjent.

– Fylkesarkivet for gamle Aust-Agder hadde ei mappe med informasjon om henne. Og så har eg plukka litt her og der, seier Enstad.

Noregs første metodist?

Elevine Heede var medlem av Metodistkyrkja dei siste åra av livet sitt, men Enstad trur salmediktarens tilhøyrsle var lengre enn det.

– I hjartet sitt var ho nok metodist frå ho var tjue år gammal, men då fanst det jo ikkje noka metodistkyrkje i Noreg, seier han.

Heede kom ifølgje Enstad i kontakt med metodismen då ho budde hos ein engelsk metodistfamilie under eit studieopphald i Frankrike.

– Ho vart personleg kristen og fekk sin åndelege forankring der.

Etter studieopphaldet kom Heede tilbake til Noreg.

– Det kan tenkast at ho då var Noregs første, og til tider einaste, metodist, spekulerer Enstad.

Uglesett

Salmediktaren framheva ikkje sjølv kyrkjetilhøyrsla si då det på den tida ikkje var godkjent for lærarinner som henne å tilhøyra noko anna enn Den norske lutherske kyrkja. Enstad trur òg at frikyrkjetilhøyrsla kan vera ein grunn til at Elevine Heede har vorte litt gløymt og oversett.

– Ho var ikkje ein del av den breie lutherske allmennhet. Når ho endeleg flagga si tilhøyrsle, på 1870-80 talet, var metodistkyrkja og andre kyrkjesamfunn utanfor den lutherske kyrkja framleis ganske uglesett i samfunnet, seier Enstad.

– Kva ønsker du at lesarar av boka skal sitja igjen med?

– Eg håper dei vil sitja igjen med ei god forteljing om eit interessant menneske, og at ein kanskje kan bli oppmerksam på salmane hennar og omsetjingar på ein ny måte, avsluttar Enstad. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.