Sambåndet

Mandag 18. januar 2021
RSS
VEST FOR ELVA: Dei bibelske kjerneområda Judea og Samaria, også kalt "Vestbreidda", er omstridde i manges auge. Bildet er frå 2015. FOTO: PETTER OLSEN

Biskopane om kristensionisme og Israel

Kyrkjeleiarane i Jerusalem ber kyrkjene leggja press på begge partane i konflikten mellom Israel og palestinaarabarane. Biskopane svarar med press mot den eine – kombinert med stigmatisering av ei gruppe. Det blir lite truverdig. 

Skrevet av Karl Johan Hallaråker, KOMMENTAR den 13. desember 2020.

Professor Carl Fr. Wisløff blir sitert på følgjande utsegn (fritt gjengitt): «Jeg har ikke brukt benevnelsen pietist om meg selv, men om andre gir meg attesten, takker jeg for det.»

Etter å ha lest bispemøtet sin uttale mot kristensionismen er eg freista til å låna professoren sitt poeng. Med det meiner eg å seia at dette var tynn karikerande argumentasjon med store negative konsekvensar.

Blandar kristensionistar teologi og politikk, ja, så gjer biskopane det same i høg grad. Men sidan dei følgjer dagens politiske straumdrag, får dei nok applaus. Eg les uttalen som vennleg helsing til palestinaarabarane og Kirkenes Verdensråd – utan forståing for jødane sin lagnad. Ei heller syner biskopane respekt for ulike vurderingar mellom kyrkjer og menigheter i regionen. Den lutherske biskopen har ikkje sanninga åleine.

Eg les uttalen som vennleg helsing til palestinaarabarane og Kirkenes Verdensråd

Etter oppmoding frå fleire vil eg her kort gjera greie for desse vurderingane:

Bibelen

I Bibelteologisk er det tre sentrale poeng som vi må løfta fram om det jødiske folk og Israel:

A. Bibelen viser at det jødiske folk er Guds utvalde folk like frå lovnadane til Abraham. 1. Mos 12 ++. Gud angrar ikkje (Rom 11,29).

B. Lovnadane gjeld også i NT – både frelseslovnaden og landlovnaden. Les Rom 9–11 og 15,8 og Luk 21,24. Jerusalem skal vera nedtrakka «heilt til tida for heidningane er ute». Å skilja totalt mellom jødane og staten Israel blir umogeleg, sjølv om staten og den til ei kvar tid sitjande regjering, ikkje skal guddommeleggjerast.

C. Den kristne kyrkja har fått eit kall til å velsigna jødane og dela evangeliet med det jødiske folk. «For jøde først» er ikkje ferdig fortid (Rom1,14ff).

Å karikera for så å angripa karikaturen, er velkjent, men ingen stor kunst

Unyansert

II Eg les biskopane sin uttale som unyansert både om kristensionisme og om politiske realitetar i regionen. Slik eg kjenner Israels kristne venner, har dei ulike politiske og teologiske vurderingar på fleire felt – også om dei har merkelappen «kristensionistar – som sionistar generelt. Å karikera for så å angripa karikaturen, er velkjent, men ingen stor kunst.

Så skal eg gjerne presisera: Eg òg les ein del israelslitteratur der eg kan undra meg over korleis dei får det til. Men nett nå undrar eg meg mest over korleis biskopane vel sine kampar. Folks inntrykk er at det berre er på konservativ side det galne er. Når tok biskopane sist oppgjer med liberal teologi?

Eg har stor forståing for Vårt Land sin leiarartikkel 21.10. som saknar fleire poeng og påpeikar manglar hos biskopane. Eg tek inn eit sitat: «Det er problematisk å lese gamle profetier slik at alle politiske hendelser i dag er forutbestemt av Gud. Da fratas mennesker ansvaret for historien samtidig som Gud reduseres.» Kvar har biskopane slike skuldingar frå? Eg har ikkje møtt slike. Sjølv har eg stor respekt for at vi kan tolka og forstå mykje ulikt. Men det er freistande å spørja vidare: Dersom ein les profetiar som Guds lovnader, er det å redusera Gud?

Dersom ein les profetiar som Guds lovnader, er det å redusera Gud?

Politikk

FÅR KRTIKK: Biskopane i Den norske kyrkja i oktober 2018. Bak fra venstre: Jan Otto Myrseth (Tunsberg), Olav Øygard (Nord-Hålogaland), Halvor Nordhaug (Bjørgvin), Atle Sommerfeldt (Borg), Anne-Lise Åndøy (Stavanger), Stein Reinertsen (Agder og Telemark) Framme fra venstre: Ingeborg Midtømme (Møre), Herborg Finnset (Nidaros), Kari Veiteberg (Oslo), Helga Haugland Byfuglien (no avgått og erstatta som preses av Olav Fykse Tveit), Solveig Fiske (Hamar), Ann-Helen Fjeldstad Justnes (Sør Hålogaland). KILDE: WIKIMEDIA COMMONS

III I den politiske situasjonen kan vi som kristne ikkje sjå bort frå desse teologiske poenga. Men vi lyt også ta med politiske realiteter både for jødane og dei andre folka i området. For meg tyder det kort sagt følgjande:

A. Vi må bekjempa alle former for antisemittisme – både politisk og teologisk. Det trur eg også biskopane meiner.

B. Vi må forsvara folkeretten sine fakta og ikkje la oss blenda av «fake news» som gjev seg ut for å vera folkerett. Viser her til Ragnar Hatlem si nylege bok om temaet. Her stiller biskopane svakt. Biskopane sin ordbruk om okkupasjon og menneskerettar er tendensiøs aggresejon mot Israel.  

c. Vi må oppmuntra israelske politikarar til å arbeida for fredeleg løysing med andre folkegrupper i respekt for deira århundrelange tradisjon i regionen. Det kan gjerast utan å krenka Israel som jødisk stat. Trist at palestinaarabarane med sine leiarar aldri blir med på det laget. Her kunne biskopane lagt inn press.

D. Vi må ha respekt for at Israel som demokrati vel sine leiarar – og ikkje guddommeleggjera bestemte politiske retningar i Israels politikk. Som rettsstat skal rettsstaten sine premisser gjelda også her.

E. Eg anbefaler interesserte å lesa Ole Andersen si bok «Sluttspillet om Israel». Den boka frå den danske lutherske teologen burde også biskopane lesa. Her er edrueleg materiale om Israel.

Eg har stor respekt for biskopane sin kompetanse, deira arbeidsmengde og utfordringar. Men her er vi på kollisjonskurs

La meg så til slutt presisera: Eg har stor respekt for biskopane sin kompetanse, deira arbeidsmengde og utfordringar. Men her er vi på kollisjonskurs. Når dei tek opp eit så brennbart tema, forventar eg at dei skriv meir sakleg og fyldig enn denne uttalen. Diverre liknar det meir på ein moteriktig studentresolusjon enn ein seriøs og sakleg bispeuttale. Biskopane siterer følgjande «Kirkeledere i Jerusalem har bedt verdens kirker og det internasjonale samfunnet om å legge press på partene for å forhandle fram en rettferdig fredsløsning og få slutt på den ulovlige okkupasjonen og forskjellsbehandlingen av innbyggerne.»  Då er det ekstra trist at biskopane vel å legga press berre på den eine parten og så tendensiøst diskreditera ei gruppe. Dette var eit lite klokt bidrag.

Karl Johan Hallaråker er tidlegare generalsekretær i ImF

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Etter 36 år som ansatt på Nordhordland Folkehøgskole går Jan Inge Wiig Andersen av med pensjon til høsten.

Søndag 17. januar er det mange digitale møter å velge blant fra indremisjonsfamilien. Her får du en kretsvis oversikt.

Hovedtrekk i Åpne Dørers årlige tilstandsrapport viser at covid-19 utnyttes av ekstremister, legitimerer økt statlig overvåkning og forsterker forfulgte kristnes sårbarhet.

Sverre Dag og Randi Ljønes bor 5 km fra rasområdet i Gjerdrum og har vært med å jobbe for at Gjerdrum barnehage mandag kunne flytte midlertidig inn i Misjonshuset.

(Korona) Over natten måtte Bildøy Bibelskole og ImF-eide videregående skoler omstille seg til rødt smittevernnivå.

Copyright © Sambåndet 2021