Sambåndet

Lørdag 8. august 2020
RSS
TRIVST: Jan Arild Åkre lærer bort stangfiske i eit fjellvatn aust for Bygland til dottera Rebecca (5), medan sonen Samuel (3) ikkje heilt er i gong med slikt enno. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Sommarstemne av enklaste slag

Småbarnsfamilien Åkre vært ikkje dradd mot store kristne stemne. Dei har funne sin feriestad i Bygland der det er låg puls, god forkynning, fint turterreng og lett å få kontakt med alle.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 11. juli 2020.

REKRUTTERENDE: – Vi startet egentlig denne leiren fordi vi ville vise indremisjonsfolket hva skolen vår er for noe, sier den tidligere rektoren ved KVS Bygland, Ommund Tveit (til høyre), her ved siden av stevneleder Olav Nilsen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Fakta

Bibel- og naturcamp 

 

  • Tid: 5. - 12. juli
  • Stad: Kristen Videregående Skole Bygland, «midt i hjertet av Setesdal».
  • Bibeltimar med Roald Evensen, kveldsmøte med Halvard Myhren.
  • Barnemøte med Regine Austegard og Pascaline Sagbakken.
  • Bibelsamlingar for ungdom med Edvard Foss.
  • Song ved Wigdis Trøim.
  • Deltakarar: Noko over 100, derav 32 barn.

– På området her kan vi berre sleppe ungane laus, seier pappa Jan Arild Åkre.

Han og familien fann sitt sommarstemne berre ein dryg halvtimes køyring frå Evje i Setesdalen der dei bur. På området til Kristen Videregående Skole Bygland (KVS) har dei vore med campingvogna på bibel- og naturcampen dei siste to åra. 

Campen i Bygland, litt opp i dalen for Evje, er ikkje av dei store og prangande plantene i den kristne stemnefloraen, men sjølv i koronaåret samlar dei bra med folk, for 18. sommaren på rad. Over 100 deltakarar har vore her den andre veka i juli.

Lyngdal Bibelcamp er det store sørlandske trekkplasteret for ferierande i Indremisjonsforbundet (ImF), men for dei som vil ha ei rolegare stemneutgåve, finst det eit alternativ. Halvannan time i bil frå Kristiansand har bibelcampen ein lillebror som ikkje gjer fullt så mykje av seg.

Storslått natur

Her er det ikkje antydning til røyk- eller lysshow, og ikkje noko utstyrstungt lovsangsband. Det er ikkje effektane, men det enkle som trekk folk hit, ikkje berre barnefamiliar, men også middelaldrande og eit betydelig antal pensjonistar. Her får dei ei roleg veke med bibelforkynning og sjanser for turar i storslått natur.

Dessutan får dei rikeleg med tid til å nyte omgjevnadene sidan programmet ikkje er tettpakka. Etter frokost og bibeltime har deltakarane seks heile timar til rådvelde for turar i skog og mark og einskilde andre tilbod før det er middag. Lunsjmaten smører dei sjølv under frokosten. På kvelden er det møte att.

­– Traust

BIBELTIMER: Roald Evensen har forkynt om Moses’ stav under bibeltimene rett etter frokost. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Forkynninga er til å kjenne att for dei som soknar til eit heimleg bedehus. I år er ImF-forkynnar Roald Evensen bibeltimehaldar veka igjennom.

Han har undervist om Moses og hans stav. På torsdagen snakka han om Aron og Hur som hjalp Moses med å heve armane ein heil dag slik at israelittane kunne vinne over amalekittane.

Evensen er ein erfaren indremisjonsforkynnar som har reist masse rundt om i Noreg. Han har ofte vore i Lyngdal på bibelcampen der, medan det er første gongen han er talar i Bygland.

– Her er det meir traust, seier Evensen som sjølv ser ut til å trivast godt både på talarstolen og på tur i terrenget rundt skulen i Bygland.

Påfyll og fellesskap

Jan Arild Åkre (32) er her saman med kona Gurid Kristine og dei tre borna deira, Johannes (8), Rebecca (5) og Samuel (3). I Bygland har dei funne rette feriestaden for seg og sine.

– Her får vi andeleg påfyll og fin fellesskap. Og så er vi på ein mindre plass der det er bra for ungane å vere og dei kan knyte kontakt med andre born. Nokre har dei truffe før, men så treff dei også nokre nye, seier Jan Arild til Kristelig Pressekontor.

Han set óg pris på turterrenget, og midt i veka tok han og kona alle dei tre ungane med på ein nokså lang tur i heiene aust for bygda.

– Ungane kan bli slitne, men det går fint når vi har med litt kjeks og turproviant til å bestikke med, seier Jan Arild med eit smil.

Vi finn han i strandkanten ved eit fiskevatn der Rebecca er ivrig etter å lære å kaste med stanga. Det er ei god oppleving sjølv om det ikkje vert nokon fangst denne gongen.

Kona Gurid Kristine har vakse opp med Lyngdal Bibelcamp, og i løpet av sommaren vert det kanskje eit par dagsvitjingar dit, men korkje ho eller mannen er avhengige av store tilhøve.

– Vi har det så greit her, seier Jan Arild som ikkje vert dratt mot dei store stemna. – Her er det mykje mindre tihøve, og då får vi betre kontakt med folk, både unge og gamle, seier han.

Ville rekruttere

Olav Nilsen (61) er leiar for campen. Det har han vore dei siste åra. Skulen i Bygland er eigd av Indremisjonsforbundet. Han var tidligare eigd av Aust-Agder fylke som dreiv skogskule på staden. I 2003 tok Indremisjonsforbundet over skulen, og allereie etter fyrste skuleåret i 2002-03 tok dåverande rektor Ommund Tveit initiativ til eit sommarstemne.

– Naturopplevingar er det store her, og vi freistar å ha ein aktivitet kvar dag. Vi har hatt eit par turar inn på heia denne veka, men vi har også vore i viltparken Elgtun og på gokart-banen i Evje, seier Nilsen.

– Det var i Ommunds periode som rektor skulen vart bygd opp. Han er ein gründar, og han er stemnegründaren også, seier Nilsen.

– Vi starta eigentleg denne leiren fordi vi ville vise indremisjonsfolket kva skulen vår er for noko, slik at vi kunne få fleire til å kome hit som elevar, fortel Tveit.

– Det kom ein del foreldre med barn og besteforeldre med barnebarn hit, og vi fekk ein del rekruttering ut av det, seier Ommund Tveit som 17 år etter er godt nøgd med resultatet av initiativet han tok då han var styrar for skulen i Bygland. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Den avdøde evangelisten blir etter planen innlemma i National Statuary Hall i hovudstaden Washington DC neste år og erstattar då ein som blir oppfatta som forkjempar for kvit overherredømme.

Stefanusalliansens partnarar i Beirut ber om forbønn for alle som er ramma etter eksplosjonen i byen.

Lyriker Haldis Reigstad er tildelt Kongens fortjenstmedalje etter mangeårig forfatterskap. Utdelingen skjer på lørdag.

DEBATT Ein må ikkje seia farvel til eit konservativt kristent verdsbilete for å vera reflektert, Emil André Erstad.

På Reach The City lærer kristne å dela evangeliet med framande på gata i Oslo. Dette er ein type praktisk undervisning mange saknar i den lokale forsamlinga si.

Copyright © Sambåndet 2020