SETESDAL: Bileta er frå tidlegare utgåver av Bibel- og naturcampen. BEGGE FOTO: OLAV NILSEN

Bibel- og naturcampen går som planlagt

Når første veke av Lyngdal Bibelcamp er over, er det start for Bygland bibel- og naturcamp.

Koronapandemien stoggar heller ikkje campen i Setesdal. I år vert den arrangert frå søndag 5. juli til søndag 12. juli.

Første bibel- og naturcamp vart arrangert i 2003, så no er det 18. gongen me samlast ei veke på vakre Bygland – midt i hjartet av Setesdal og i dei fagraste omgjevnader ein kan tenkje seg!

Romsleg

På KVS Bygland, der campen vert arrangert, er det mykje plass både inne og ute, noko som kan vera verdt å ta med seg i desse tider.

Ute på det koselege skuletunet har me god plass både til campingvogner, campingbilar og telt, og internatbygga er inndelt slik at dei fleste familiar og einskildpersonar kan få ein eigen del å bu og boltra seg på.

Matsalen er stor og romsleg, og er det fint vêr, kan me opna dørene på framsida slik at mange kan sitja ute om dei ønsker det.

Kjøkkenet er nytt og moderne og med alt det som trengs for å ivareta hygiene, tilbereding og servering av mat på ein god og betryggande måte.

Møtesalen er og stor og romsleg, så alt i alt vil me vera godt førebudde for innrykk av godtfolk frå heile landet.

Preikar og lyrikar

I år som i fjor vert tidlegare frikyrkjepastor Halvard Myhren med oss på kveldsmøtene. Han har ei spesiell gåve til å formidla Guds ord på ein enkel og kvardagsleg måte, samstundes som han raust deler av den store diktsamlinga si.

Fleire tusen dikt har det blitt frå hans penn, inn i alle livets situasjonar. Difor vert det ein eigen song- og lyrikk-kveld, i år onsdag 8. juli kl. 19.30.

Halvard Myhren les eigne dikt, våre vener frå det lokale Vonheimkoret på Bygland syng, og Byglands nye organist, Knut Olav Uppstad, medverkar med flott musikk.  Han er ein meister både på piano og orgel, og med sin bakgrunn frå bedehusa i dalen kjenner han songskatten vår svært godt.

Songarar

I år er Wigdis Trøim med som hovudsongar. Ho har mellom anna vore misjonær i Spania, er busett på Iveland og trufast med i flokken på Røyknes bedehus. Ho både syng og spelar svært godt og har ein eigen evne til å formidla evangeliet gjennom songane sine på ein varm og levande måte.

På Songkvelden laurdag får ho mellom anna selskap av Charlie Blacwater,  som av Sigmund Groven har fått attesten som ein av dei framste munnspelmusikarane i Europa.  Charlie, som har vorte eit kjent og kjært innslag på Bygland, har delteke på ei rekke plateinnspelingar og kunne heilt sikkert vorte ein verdskjend utøvar på sitt instrument.  I staden ønsker han å æra Gud med musikken sin og med dei rike musikalske gåvene han har fått gjennom trufast deltaking på kristne møter og stemne.

I år er det Roald Evensen som held bibeltimane, Regine Austegard og Pascaline Sagbakken har barnemøtene, og Edvard Foss har bibelsamlingar med ungdomane. Roald Evensen har i ei årrekke reist som forkynnar i Indremisjonsforbundet og har budd og arbeidd i Finnmark i mange år.

Me gler oss til eit nytt bekjentskap på KVS Bygland!

Aktivitetar

Som namnet «Bibel- og naturcamp tilseier, har me mange aktivitetar i løpet av veka, og i desse tider vil nok fisketurar og fjellturar i Guds frie natur få ein endå meir sentral plass.  Men me satsar òg på besøk til Elgtun, gokart-kjøring, og leikar og ballspel på skuletunet. Med andre ord; noko for einkvar smak og for deltakarar i alle aldre.

Fredag 10. juli vert det Misjonsløp til inntekt for KVS Bygland, og kvart einaste år har dette bidratt til eit godt overskot for skulen etter at campen er over.

Med ein god del andre stemne og leirar som i år vert avlyst, er det ein ekstra god grunn til å ta turen til Bygland dette året. Fleire har allereie sagt at dei kjem, så her er det berre å hiva seg rundt og melda seg på, gjerne for heile veka, eller for delar av veka slik det måtte passe.

Teksten er skriven av Olav Nilsen, som representerer arrangøren. Først publisert i Sambåndet 05/20.

For meir info, sjå gjerne www.bibelognaturcamp.no 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.