Sambåndet

Lørdag 4. juli 2020
RSS
KJÆR SANG: Joseph Scrivens "What a friend we have in Jesus" er sunget inn av en mengde kjente artister. Blant dem er (øverst fra venstre) Aretha Franklin, Dolly Parton, Elvis Presley, Mahalia Jackson, Kenny Rogers, Johnny Cash og Willie Nelson. Alle foto: Wikipedia Commons, collage: KPK

Historia om «Hvilken venn vi har i Jesus»

Joseph Scriven støtte på fleire tragediar i livet sitt, og han fann hjelp i dei erfaringane han sette ord på med songteksten sin.

Skrevet av Nils-Petter Enstad, KPK den 14. juni 2020.

«Hvilken venn vi har i Jesus» er ein av dei mest kjente salmetekstane i heile den vestlege verda, på linje med «Å, store Gud», «Å, bli hos meg» og «Amazing Grace».

Tragisk båtulukke

Det finst to ulike, litt anekdotiske forteljingar om bakgrunnen for kvar Joseph Scriven, som var fødd i Irland, skreiv denne songen.

Den eine handlar om at dagen før han skulle gifta seg, hadde ho som skulle vore brud, omkomme i ei båtulukke. Det var sjølvsagt eit sjokk og ei stor sorg, men midt i denne store sorga hugsa han eit løfte han og hans forlova hadde gitt kvarandre: Når dei møtte tunge dagar, skulle dei kvar for seg legga det som var tungt, fram for Gud i bønn.

Dette gjorde Joseph, og det blir fortalt at han gret og bad i tre timar. Om ikkje sorga gjekk over, gav bønnekampen han mot og kraft til å gå vidare i livet. Ut av den kampen kom så denne teksten. Det var etter denne tragedien at han emigrerte til Canada. Då var han enten 24 eller 25 år gammal. Nokre kjelder seier han var fødd i 1819, andre i 1820.

Sjuk mor

Den andre versjonen går ut på at Joseph skreiv denne teksten som ei helsing til mor si då ho var alvorleg sjuk. Ho budde framleis i Dublin, og sonen hadde ikkje moglegheit til å reisa frå Canada for å vitja henne. Dette skal ha vore i 1857, altså 13 år etter at han utvandra.

Mykje tyder derfor på at det var sjukdommen til mora som var bakgrunnen for at teksten vart skriven, og ikkje døden til den trulova nokså mange år tidlegare. At han var forlova med ei ung kvinne som døydde kort tid før bryllaupet, blir likevel rekna som eit historisk faktum.

Ei stund etter at han hadde sendt diktet til mora, vart han sjølv alvorleg sjuk. Ein venn som besøkte han, fann nokre ark der Scriven hadde kladda versa før han reinskreiv dei og sende dei til mora.

– Er det du som har skrive dette, spurde vennen.

– Gud og eg skreiv det i fellesskap, skal Scriven ha svart.

Publisering

I utgangspunktet hadde ikkje Scriven tenkt at teksten hans skulle publiserast, men i 1865 stod den, utan forfattar, i ei samling som heitte «Social Hymns». Denne vart gitt ut i Boston. I ei seinare utgåve av den same samlinga var namnet til forfattaren med. I 1868 fekk den òg melodien sin. Den vart skrive av Charles C. Converse, som var ein amerikansk advokat og kyrkjemusikar. Både tekst og melodi slo godt an, og i 1875 kom songen med i samlinga «Gospel Hymns and Sacred Songs». Denne var redigert av Moodys nære medarbeidar Ira Sankey og fekk enorm tyding for salmesongen både i dei engelsktalande land og i Norden.

Norsk omsetjing

Ein flittig brukar av Sankeys songar var Elevine Heede frå Arendal. I 1877 omsette ho teksten til norsk. Då arbeidde ho som språklærar ved Metodistkyrkjas presteseminar i Kristiania, samtidig som ho redigerte Barnebladet til metodistkyrkja og hadde ansvaret for å setja saman salmeboka til Metodistkyrkja. Då den kom ut, hadde ho skrive og/eller omsett dei aller fleste av dei meir enn 200 tekstane i denne salmeboka.

I dag står «Hvilken venn» i dei fleste kristne song- og salmesamlingar på norsk. I Norsk Salmebok har han vore med sida 1985.

Innspelingar

Songen har vorte innspelt, om ikkje tusenvis, så hundrevis av gonger, og av nesten like mange artistar. Frå øvste hylle kan ein nemna namn som Aretha Franklin, Willie Nelson, Elvis Presley, Johnny Cash, Dolly Parton, Mahalia Jackson og Kenny Rogers. Av norske innspelingar kan nemnast Jan Groth, Rune Larsen, Aage Samuelsen, Kenneth Sivertsen, Gunstein Draugedalen, Olav Werner og Sputnik.

Minnesmerke

Joseph Scriven var utdanna som lærer. Etter at han kom til Canada, arbeidde han som dette, men også økonomisk og praktisk bistand blant fattige, enker og sjuke. Han høyrde til kyrkjesamfunnet Plymouth-brørne, og det blir hevda at han tok Bergpreika heilt bokstaveleg, like til det å gi bort sine eigne klede til folk som trong det.

Han døydde i 1886, 66 år gammal. Truleg hadde han, som den trulova 40 år tidlegare, omkomme ved eit drukningsuhell. Han vart funnen ved breidda av Lake Rice, der han budde. Der vart det seinare reist eit minnesmerke der orda «What a friend we have in Jesus» er hugga inn. KPK

Tidlegare publisert i denne miniserien:

Historia om «Herligste navn som er uttalt på jord«. 

Historia om «Å sælaste stund utan like«.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Når første veke av Lyngdal Bibelcamp er over, er det start for Bygland bibel- og naturcamp.

Korona-pandemien har tvunget kretsene i ImF til å utsette sine årsmøter. Bare Indremisjonssamskipnaden har gjennomført sitt utsendingsmøte som planlagt.

Prestesønnen Chris Duwe hadde en delvis ugrei oppvekst med rus og kriminalitet. Nå bruker buktaleren Youtube for å formidle kristen tro og trosforsvar til barn og unge.

I løpet av helgen er appen for påmelding til møter og måltider på Lyngdal Bibelcamp klar til bruk.

(Korona) I påvente av en nasjonal smittevernveileder for campingplasser har NHO Reiseliv laget en. Driftsleder Thomas Knutsen ved Lyngdal Bibelcamp har tatt den i bruk.

Copyright © Sambåndet 2020