Sambåndet

Torsdag 16. juli 2020
RSS
TRE NYE ÅR: Førsteamanuensis Terje Skjerdal ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og rektor Maka Loseliani ved GIPA i Georgia signerer samarbeidsavtalen i januar 2018. No er NLA sikra midlar til utvekslingsprogram for tre nye år. FOTO: NLA Høgskolen

Frå Albania til NLA for å studere journalistikk

Journalistutdanninga ved NLA Høgskolen i Kristiansand har fått godkjent søknader for økonomisk stønad til utvekslingsprosjekt med Georgia og Albania.

Skrevet av Kristelig Pressekontor den 5. juni 2020.

Misjonseigde NLA Høgskolen melder i ei pressemelding at dei gjennom Erasmus+ Global Mobilitet si utlysning, har fått tildelt rundt 150.000 euro. Dette svarer til over 1,6 millionar norske kroner. Tildelinga skjer i samband med ei årleg utlysning til tilsett- og studentmobilitet med land utanfor Europa. NLA sende inn tre søknader og fekk tilslag på to. Det er journalistmiljøet i Kristiansand, ved førsteamanuensis Terje Skjerdal, som fekk godkjent søknadene sine til prosjekt med Georgia og Albania.

— Det er svært gledeleg for journalistikkavdelinga å få nye Erasmus+-pengar, seier Skjerdal.

— Dette er endå eit bevis på at det blir godt jobba med internasjonalisering ved avdeling for journalistikk, medier og kommunikasjon i Kristiansand. Eg håper dette kan vera til inspirasjon for andre avdelingar til å søka om pengar, seier nyleg utnemnt prorektor for utdanning, Amund Langøy, i pressemeldinga.

Sikra for tre år

– Masterstudiet vårt i global journalistikk har eit internasjonalt preg, og vi ønsker å ha studentar frå ulike land. No er vi sikra utvekslingsstudentar frå Albania og Georgia i tre år framover, seier Skjerdal.

Han fortel at samarbeidet NLA har hatt i to år med institusjonen Gipa i Georgia har gagna studiet. I tillegg til studentar frå Georgia har òg studentar frå Aserbajdsjan og Armenia vore på utveksling ved NLA.

– Utvekslingsavtalen med Albania er ny, men høgskulen har hatt forskingssamarbeid med University of Tirana i nokre år, og det var nok noko av grunnen til at NLA fekk tilslag på søknaden, meiner Skjerdal.

NLAs internasjonale prosjekt

Leier for internasjonalisering ved NLA, Mari Sagulin, fortel at det er tredje år på rad at NLA får pengar gjennom Erasmus+ Global Mobilitet. Ho fortel vidare at høgskulen i dag har fleire prosjekt gjennom denne finansieringa både i Kirgisistan, Uganda, Ghana, Kosovo og Georgia, og no òg Albania.

Rektor Egil Morland er òg svært nøgd med tildelinga.

— Dei fleste av desse prosjekta er knyta til Global Journalistikk ved Skjerdal. Dette miljøet har verkeleg inspirert oss til både å søka om eksterne pengar  og ha tru på at det kan lukkast, seier Morland.

– Det har stor tyding for NLA sitt omdømme at vi klarer å få ekstern finansiering til nokre av prosjekta våre, legg han til. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arrangements- og markedsansvarlig Kenneth Foss i ImF er spent på hvordan korona vil påvirke årets Lederkonferanse.

Etter mange år er møteteltet på nytt tatt frem på Lyngdal Bibelcamp. Det er stedet der de eldre barna samles til familiemøte.

Et virusangrep på alle P7 maskiner, har gjort det taust fra den kristne radiokanalen. Daglig leder Kenneth Hjortland håper sendingene kan gå som normalt om noen dager.

Driftsleder Thomas Knutsen på Lyngdal Bibelcamp jobb er blant annet å sørger for at årets bibelcamp holder seg innenfor smittevernreglene. Det gir travle dager.

Etter å ha vært koronastengt siden mars, har Helgatun endelig begynt å ta imot gjester.

Copyright © Sambåndet 2020