Sambåndet

Tirsdag 1. desember 2020
RSS
STOR AUKE: Bibelselskapet har den siste veka sett ein stor auke på talet brukarar av nettbibelen i samanlikning med same periode i 2019. ILLUSTRASJONSFOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Sterk auke til påske i bruk av nettbibel

(Korona/påske) Auke i bruk av nettbibel i Noreg kan vera ein av verknadene av koronapandemien.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 13. april 2020.

NØGD: Generalsekretær i Bibelselskapet, Paul Erik Wirgenes, er nøgd med auka bruk av nettbibelen og ønsker å legga til rette for best mogleg bruk. ARKIVFOTO: Stein Gudvangen, KPK

Det Norske Bibelselskap melder at tala lenge var nokså stabile etter koronautbrotet, men at auken den siste tida har vore uventa stor. Sist veke (30. mars – 5. april, red.anm.) hadde Bibelselskapet ein auke på 77,46 prosent brukarar i samanlikning med 2019 og nesten 140 prosent fleire nye brukarar.

– Det er kanskje slik i ei krisetid at menneske søkjer Bibelen og bibelvers meir aktivt enn elles. Vi er både glade for auken og prøvar å betena folk så godt som mogleg, seier generalsekretær i Bibelselskapet, Paul Erik Wirgenes, til Kristeleg Pressekontor.

Han fortel at dei i det siste har intensivert det digitale nærværet sitt med mellom anna tekstgjennomgåingar, «Ord for kvelden» i tillegg til «Ord for dagen» og «be med Bibelen i krisetider».

– Det ei krise gjer med folk, er å gjera oss litt meir nakne og utsette. Det gjer ofte store spørsmål til livet tydelege, og sånn sett er det heilt naturleg at trus- og livssynsspørsmål opplevast meir eksistensielle i ei krisetid, seier Wirgenes.

Mest unge vaksne

Gruppa som aukar mest i bruken av Bibelselskapets nettbibel, er unge vaksne.

– Det er det som er det mest spesielle med denne auken, seier Wirgenes.

At alvoret i pandemien fell saman med påsken, den viktigaste kristne høgtida, speler kanskje òg inn trur han.

– Vi såg ein liten auke i bruken rundt påsken i fjor òg, men det var ikkje i nærleiken av den auken vi ser no, seier bibelgeneralen.

Over 77 PROSENT: Analysedata frå bibel.no viser at nettbibelen har over 77 prosent fleire brukarar enn same periode i fjor og nesten 140 prosent fleire nye brukarar. Datoane for samanlikning er justerte for å ta høgde for ulike vekedagar. SKJERMBILDE: Bibelselskapet

Legg til rette

Bibelselskapet har ikkje moglegheit til å gå i direkte dialog med brukarane sine på nett, men jobbar for å legga til rette ressursar i denne tida.

– Det er viktig for oss. Vi arbeider aktivt med ei fornya plattform på bibel.no. Dette er eit arbeid vi har halde på med over lang tid og ikkje noko vi gjer på grunn av situasjonen no, seier Wirgenes.

Han nemner mellom anna videoinnspeling av søndagens tekst og ulike leseplaner som noko dei ønsker å halda fram med òg etter koronakrisa har roa seg.

Gratis på nett

Sjølv om salet av fysiske biblar har gått ned dei siste åra, ønsker Bibelselskapet framleis at det skal vera gratis tilgang til nettbibelen.

– Vi ser på det som positivt at Bibelen er tilgjengeleg og blir brukt på ulike flater. I ei tid der vi får fleire e-bøker og lydbøker, trur vi likevel Bibelen er ei bok som vil halda seg òg som ei fysisk bok i lang tid, seier Wirgenes.

Han ønsker ikkje å spe på budsjettet med betalingsmur eller annonsar på nettbibelen.

– Vi vil vera forsiktige med å bruka nettbibelen som ein innteningskanal. Når nokon går inn dit, er det Bibelen dei søker, men på lang sikt kan det tenkast at det blir ei betalingsplattform for studiebiblar med ekstra ressursar og liknande på nett, seier Wirgenes. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Ikke alle indremisjonskretser driver farge- og jernvarehandel, men det gjør ImF Sunnmøre. Første driftsår i indremisjonens tjeneste ga solid resultatoppgang for Johan R. Sunde AS.

ImF Rogaland har startet en aksjon på Facebook hvor de oppfordrer folk til å invitere eller gå på besøk til en familie eller enkeltpersoner i løpet av desember.

Økt ensomhet blant studentene samtidig som akademiske resultater forbedret seg. Det er to stikkord for hvordan pandemien så langt har påvirket fire kristne høgskoler.

Møre ungdomsskule har utvidet og skiftet navn til Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. Avdelingsleder for det nye barnetrinnet er fornøyd med åpningen.

Nordmøre og Romsdal Indremisjon har tilpasset seg de nye koronarestriksjonene og endret navn og innhold på den årlige julemessa.

Copyright © Sambåndet 2020