Sambåndet

Torsdag 16. juli 2020
RSS
SKRIVEN I SORG: Songen «Herligste navn som er uttalt på jord» vart skriven etter Hjalmar Hansens son døydde i 1920. Dette kabinettkortet viser ein annan ung gut som døydde på starten av 1900-talet. FOTO: Nasjonalbiblioteket

Ein korsets songar

Hjalmar Hansen meinte sjølv han hadde skrive meir enn 800 songar og dikt. Den som blir hugsa best, vart til då den 16 år gamle sonen hans døydde. I år er det 100 år sidan «Herligste navn som er uttalt på jord» vart skriven.

Skrevet av Nils Petter Enstad, Kristelig Pressekontor den 10. april 2020.

Frelsesoffiseren Hjalmar Hansen levde frå 1873 til 1952. Han høyrde til pionergenerasjonen i Frelsesarmeen og vart frelsesoffiser i 1891, 18 år gammal. Då var det berre tre år sidan Armeen kom til Noreg. Det var pionertid, vekkingstid og nybrotstid.

Han byrja tidleg å skriva songtekstar, og inspirasjonen til desse kom på ulike måtar. Mot slutten av livet sitt gav han ut ei bok med nokre av desse bakgrunnsforteljingane. I Frelsesarmeen vert han først og fremst hugsa som «ein korsets songar», med tekstar om både Golgata og Getsemane.

Den sterkaste forteljinga er nok den om songen «Herligste navn som er uttalt på jord». Det er truleg òg den av songane hans som huskes best framleis. Den eignar seg betre som solosong enn forsamlingssong, og songen blir brukt mykje i gravferder.

Eldste son

PIONER: Hjalmar Hansen vart soldat i Frelsesarmeen berre tre år etter at organisasjonen etablerte seg i Noreg og skrev etter eiga fråsegn meir enn 800 songar og dikt. FOTO: Frelsesarmeen

Ekteparet Ellen og Hjalmar Hansen hadde fem born. Sonen Wilmar var eldst. Vinteren 1920 vart han sjuk. Det var kanskje ein hjernehinnebetennelse, men det kan òg ha vore ein ondarta svulst på hjernen.

Ein dag måtte legen fortelja foreldra at denne tilstanden var det berre éin utgang på. Då var Wilmar tilsynelatande medvitslaus.

Som far var Hjalmar Hansen opptatt av at sonen skulle få «ein god daud» utan for mykje kamp og med vissa om frelsa. Dette bad han om medan han knelte ved senga til guten og heldt handa hans i si. Så merka han eit trykk i handa – kunne det vera at Wilmar høyrde kva han bad om?

– Kjenner du meg, Wilmar? Trykk handa mi dersom du kjenner meg, sa faren.

Eit trykk i handa stadfesta at det var kontakt.

– Trykk handa mi dersom du høyrde kva legen sa.

Nytt trykk.

– Trykk handa mi så hardt du kan dersom alt er i orden mellom Gud og deg, bad Hjalmar Hansen.

Han fekk eit langvarig trykk som svar.

Samtalar

I dei neste åtte dagane var den sjuke guten i stand til å føra samtalar med foreldra, søsken og med pleiepersonalet. Han bad òg om at nokon måtte komma og synga litt for han. Om kvelden den nest siste dagen las foreldra høgt frå Bibelen for han, og dei las songvers dei visste han var glad i.

Den siste dagen han levde, gjorde legen eit lite inngrep for å gjera dei siste timane lettare for den sjuke. Etter operasjonen sat faren ved senga og bad taust til Gud om at guten hans måtte vakna ein gong til. Då guten slo auga opp, såg faren at blikket hadde vorte matt, og utan at han klarte å forhindra det, byrja han å gråta.

– Ikkje gret, pappa. No går eg til Jesus, sa guten. Så lukka han auga for siste gong.

Dei siste timane låg han berre og døste. Faren sat ved sengekanten, heldt guten i handa og kviskra namnet Jesus inn i øyret hans med jamne mellomrom. «Han svarte på det alltid med eit forsøk på å smila og ein lyd som utan tvil var eit forsøk på å uttala namnet Jesus», skreiv Hjalmar Hansen mange år seinare. Slik sat han heilt til dauden kom, og Wilmar gjekk bort «som når eit lys brenner ned».

«Jesus, Jesus»

Då dødskampen var over, klarte ikkje Hjalmar Hansen å få sova. I staden fann han fram penn og papir og byrja å skriva:

«Herligste navn som er uttalt på jord: Jesus, Jesus.

I det er frelse for hver den som tror: Jesus, Jesus.

Det har meg styrket i prøvelsens dal,
det har meg gledet i festsmykket sal.
Det inn i døden min trøst være skal: Jesus, Jesus».

Songen har fire vers. Det siste er prega av inntrykket frå dei siste timane til sonen:
«Hvisk til meg når jeg i søvn faller hen: Jesus, Jesus!

hvisk det igjen og igjen og igjen: Jesus, Jesus!

Det skal forjage alt ondt og alt stygt,
det skal bort jage all redsel og frykt.
I dette navn skal jeg sovne inn trygt: Jesus, Jesus.»

Melodi

Ida Mathisen, kollega med Hjalmar Hansen og god venn av familien, fekk sjå teksten og skreiv ein melodi til den. Den har vorte sunge inn på plate av mellom anna Olav Werner.

Hjalmar Hansen skreiv mot slutten av livet sitt at det hadde vore ønsket til foreldra at Wilmar skulle vorte frelsesoffiser og vunne menneske for Gud når han vart vaksen. «Sånn vart det ikkje. Men det synest som om mange skal bli vunne gjennom den songen som vart skriven ved dauden hans». KPK

Lytt til Per Øyvind Østrem som synger denne sangen.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arrangements- og markedsansvarlig Kenneth Foss i ImF er spent på hvordan korona vil påvirke årets Lederkonferanse.

Etter mange år er møteteltet på nytt tatt frem på Lyngdal Bibelcamp. Det er stedet der de eldre barna samles til familiemøte.

Et virusangrep på alle P7 maskiner, har gjort det taust fra den kristne radiokanalen. Daglig leder Kenneth Hjortland håper sendingene kan gå som normalt om noen dager.

Driftsleder Thomas Knutsen på Lyngdal Bibelcamp jobb er blant annet å sørger for at årets bibelcamp holder seg innenfor smittevernreglene. Det gir travle dager.

Etter å ha vært koronastengt siden mars, har Helgatun endelig begynt å ta imot gjester.

Copyright © Sambåndet 2020