Sambåndet

Lørdag 6. juni 2020
RSS
MOTBAKKE: Forlagssjef Tom Teien i Lunde Forlag merker godt at det selges færre kristne bøker for tiden. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Svikt i omsetnaden for kristne bok-aktørar

(Korona) Den kristne bokbransjen hanglar grunna korona-viruset. Omsetnaden dalar mykje, og forleggjarar og butikkar permitterer.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 31. mars 2020.

BOKLANSERING: Om Lyngdal Bibelcamp skulle bli avlyst i 2020 grunna fare for koronasmitte, vil det òg råka boksalet hardt. Bildet er frå lanseringa av boka "Til hvilens vann" av Tarald Ueland (t.v.) på LBC i fjor. Intervjuar er Torgeir Lauvås. I sofaen elles Tom Teien og Petter Olsen. FOTO: BRIT RØNNINGEN

Bokprosjekt vert utsett, og bemanninga i forlag og bokhandlar vert no skore ned til eit minimum, sjølv om det så langt ikkje ser ut til at salsnedgangen fører til oppseiingar.

Lunde Forlag permitterer

Forlagssjef Tom Teien i Lunde Forlag, der ImF er medeigar,  anslår at dei har hatt eit fall i omsetnaden på 40-50 prosent i mars, og han ser for seg at det vil bli endå verre.

– Vi merker primært at salet går ned hjå dei kristne bokhandlane. Salet der representerer mykje av vårt volum, og folk er ikkje ute og handlar som før, seier han til Kristelig Pressekontor.

Teien merkar óg at bokborda i kristne fellesskap er tomme for tida.

– Samla har vi derfor ein klår omsetnadsutfordring, seier han.

– Og det gjev permitteringar?

– Ja, vi har delpermittert nokre. I alt har vi fem-seks årsverk, og vi har førebels permittert litt under to årsverk, men fordelt på fleire personar fordi alle har viktige gjeremål som vi ynskjer å halde i gang. Det er trass alt framleis ein marknad der ute, seier Teien.

I desse tider har forlaget tettare kontakt med kundar på sosiale medium og forlaget sine nettsider enn elles.

– Vi ynskjer ikkje full stillstand, så vi held oppe aktiviteten slik at vi kan vere på banen med ein gong når alt dette er over, seier forlagssjefen.

Hittil har han ikkje har vurdert oppseiingar.

– Dersom dette varer, kan det nok heller bli aktuelt med ytterlegare permitteringar, trur Teien som seier det likevel er viktig å møte fallet i salet med tiltak. Mellom dei er utsetjing av bokprosjekt. Nokre planlagde trykkingar er alt utsett for å unngå kostnader. Fleire utgjevingar kan bli flytta på om regjeringa sine korona-tiltak vert oppretthaldne eller trappa opp.

–Når vi må halde oss heime, burde vi vel lese meir enn noko gong? Aukar då nettsalet?

– Vi har ei tydeleg auke i talet på besøkande og i boksalet på nettsidene våre. Det trur eg også fleire forlag erfarer. Nå er det jo påske snart, og folk kjøper normalt mykje bøker til påske. Derfor er det den vegen vi må jobbe no, seier Teien.

Han strekar under at auka nettsal likevel ikkje kompenserer for den store svikten i omsetnaden.

Sel fleire lydbøker

Salet av e-bøker ser ikke ut til å være påvirket av korona-situasjonen.

– E-bok-eventyret er ikkje blitt slik som vi trudde for nokre år sidan, sjølv om det har vore ein liten auke i e-boksalet. I alle høve er omsetnaden her høveleg marginal, kanskje 1-2 prosent av vår totale omsetnad. Men vi gjev ut stadig fleire av våre tidligare bøker som e-bok, og fleire nyutgjevingar enn før kjem også i det formatet, seier Teien.

Lydbøker har samstundes fått eit løft. Lydbøker på CD er på veg ut, men strømming aukar ein del, utan at Tom Teien har nokon statistikk på dette no.

– Verste vi har sett

Hermon Forlag vert normalt drive av 10-11 personar fordelt på 8,5 årsverk. Akkurat no er berre forlagssjef og gründer Svein Andersen og ein medarbeider til på jobb. Dei andre er permitterte.

– Det har alltid vore utfordrande å drive kristent forlag, og vi er vane med motvind, men det som skjer no, er noko av det verste vi har vore med på. Dette er andre gongen i livet eg må permittere folk. Førre gongen var under finanskrisa i 2008, seier Andersen, som gjer det han kan for å halde verksemda i gang, og sender ut bøker til kundar og forhandlarar.

Han har merka seg at det oftare enn før vert bestilt biblar frå forlaget sin nettbutikk.

– Eg trur folk søkjer Guds ord no, kommenterer Andersen.

Andre tydelege korona-effektar er at salet til bokhandlar går kraftig ned, medan han framleis sel ein del til privatkundar og kyrkjelydar. I mars og april held forlaget fram med sin planlagde produksjon av nye bøker, men Andersen ser ikkje bort ifrå at utgjevingar frå mai og utover kan bli utsette. I alle høve er han viss på at Wuhan-viruset vil virke negativt inn på årsresultatet fordi kronekursen er vorten så kraftig svekka av krisa.

Heller ikkje Hermon sel mange e-bøker. I den delen av bokmarknaden er det lite trøyst å hente. Men lydbøker er på veg opp, og forlaget satsar på dette i år. Så langt gjev lydboksalet lite att, men forlaget vil likevel teste det for å sjå korleis sektoren utviklar seg.

– Nettsalet er berre langsomt aukande, og det salet vi har, kjem fordi folk misser den lokale kristne bokhandelen sin. Kristne kjøper like mange bøker som før, men det er mitt inntrykk at dei kjøper sekulære bøker i staden for kristen litteratur, og det gjev meg sår i hjartet. For det vil jo seie at vi misser noko av inspirasjonen som ein kristen roman byr på, at vi misser oppbygginga. Det fører i beste fall kristne inn i noko verdinøytralt eller noko som er negativt for tankar og sinn. Det er jo noko pastorar og hyrder vil merke, trur Hermon-sjefen.

Stagnert salg

Vivo Lyngdal er ein av dei større kristne distriktsbokhandlane, og dagleg leiar Håvard Kyte jobbar no heilt åleine i butikken etter at han fann det naudsynt å permittere sine tre tilsette.

– Eg held det gåande sånn tåleg greit. Det er i alle høve ei litt stille tid på året, seier han til KPK.

Men om nedstenginga av samfunnet held fram lenge, vil det få meir alvorlege fylgjer. Mange med hytter i området, dreg heller til påskekysten enn påskefjellet. Dei brukar legge att ein del kroner hjå Kyte, men i år kan denne omsetnaden glippe.

– Det kjem ikke folk hit no, og det merkar vi. Det som held omsetnaden vår oppe, er hobbyavdelinga. Den har teke seg litt opp fordi folk treng mykje aktivitetar for borna. Då er eg meir overraska over at kristenfolket ikkje ser ut til å ha trong til oppbyggjeleg lesestoff i desse tider. Anten er dei så lojale mot styresmaktene at dei ikkje går ut for å shoppe, eller så finn dei kanskje fram bøker dei allereie har. Boksalet vårt har i alle fall stagnert. Det er svært, svært få som handlar bøker, seier Kyte.

Butikken har normalt ope frå 9 til 17, men har, slik som ein del andre bokhandlar, innskrenk opningstida, førebels med ein time på morgonen og ein på ettermiddagen.

– Ein skulle kanskje tru at somme no hadde kome og kjøpt bøker om endetida, seier Kyte lett spøkefullt, men han har så langt ikkje merka nokon slik korona-effekt heller.

– På sikt vil dette bli veldig utfordrande, særleg om også sumaren skulle ryke. Viss det ikkje blir nokre kristne sumarstemne, og viss bibelcampen i Lyngdal ikkje blir noko av, vil det vere katastrofalt for oss, seier Kyte.

Han har ingen nettbutikk der han kan kompensere for kundesvikten i lokala i Lyngdal sentrum, men einskilde tingar bøker telefonisk som Kyte så sender med posten. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Journalistutdanninga ved NLA Høgskolen i Kristiansand har fått godkjent søknader for økonomisk stønad til utvekslingsprosjekt med Georgia og Albania.

Krik har lagt seg på en linje som vil svekke organisasjonens evne til å gi tydelig og god veiledning i sentrale temaer, mener ImF og NLM.

Det er ikke økonomisk grunnlag for å starte byggingen. Prosjektgruppen foreslår derfor rehabilitering av dagens bygg når årsmøtet samles 22. august.

KOMMENTAR Kan man holde fast på at Jesus er eneste vei til frelse – og samtidig tro at frelsen også kan gis til dem som aldri fikk høre evangeliet og derfor ikke kunne komme til tro?

ImF Rogalands leirsted skal ikke bare være et sted for leirarbeid. Nå jobbes det for at det også skal bli et sted for stillhet, samtale, refleksjon og bønn.

Copyright © Sambåndet 2020