Sambåndet

Onsdag 8. april 2020
RSS
SYNGER BIBELEN: Hilde Svela har akkurat gitt ut helt nye sanger med bibelvers som tekst. Hun har brukt slike sanger for egne barn og sprer dem gjerne til andre, til barnekor, til bruk i babysang og i menighetsaktiviteter ellers. Foto: Sigurd Svela.

Vil ha alle med på å synge Bibelen

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Skrevet av Alice Tegle, Kristelig Pressekontor den 20. februar 2020.

– Mange er opptekne av Fem om dagen og av mosjon. For meg er det viktig med to bibelvers om dagen. Det er mat for hjartet, seier albumaktuelle Hilde Svela, jærbuen som brenn for å gi Bibelen større plass i livet til travle familiar.

Babysong for vaksne

Denne vinteren har IKO-Forlaget kome med nytt materiell for babysong, småbarnssong, barnekor eller song heime i stova med eigne barn. Hilde Svela sin vri er å setje melodi på kjende bibelvers, Fadervår og velsigninga, og lage songar ho meiner passar like godt til foreldre som til barn. «Du er dyrebar», heiter materiellet som vert presentert desse dagane.

– Bibelen vert meir brukarvenleg når versa får melodiar. Dette er enkle melodiar du kan synge og nynne for deg sjølv i dusjen, seier Svela.

Ho har valt å gi albumet eit akustisk preg. Her er det ingen innslag av syntetisk lyd slik det er vanleg på barnealbum.

– Tanken er at det akustiske lydbildet skal gjere songane meir «øyrevenlege» for foreldra, medan dei enkle og korte melodiane skal gjere songane lettare for barn å lære seg, slik at dei kjenner på meistring. Bibelen er for alle generasjonar, i alle fasane våre og til alle tider. Då eg skulle lage innspelinga, hadde eg ein draum om å lage noko som spegla dette, fortel ho.

Set ord på trua

– Kva kan bibelverssongane dine gi barn som andre kristne barnesongar ikkje kan?

– Eg tenkjer kanskje heller at dei utfyller kvarandre. Bibelversa sjølv gir oss orda for kva vi trur på. Det er ikkje noko vi må produsere og finne på sjølv.

– Korleis nyttar du sjølv bibelverssongane i kvardagen?

– Dei er som kart og kompass. Viss du går i fjellheimen utan dette, kan du kome heilt på viddene. På same måten er det for meg utan Bibelen, seier Svela som framleis syng bibelverssongane kvar kveld for den 11 år gamle dottera si heime på Kvernaland i Rogaland.

For dei to eldste på 13 og 16 år er tida med godnattsongar på sengekanten over, men Hilde Svela trur bibelversa lever vidare inni dei.

Hjelp for demente

– Gud seier sjølv at han er nær i Ordet og at Ordet ikkje vender tomt tilbake. Og når versa i tillegg blir sungne inn, så er det som å skrive i stein på hjartet deira, seier songaren og låtskriveren.

Ho fekk erfara dette sjølv då ho som 18-åring jobba på eit eldresenter med ein dement mann utan talespråk. Men songane han hadde sunge i mannskoret, kunne han på rams, og saman byrja dei å synge. Då dei var ferdige, var det ikkje mogeleg å kommunisere med han igjen.

– Men musikken gløymer vi ikkje, og det var berre songane han hugsa. Musikken blir lagra heile livet. Dette gjorde sterkt inntrykk på meg, minnest Svela som meiner foreldre må kjenne den rette tida og gripe sjansen som ligg i dette.

– Ta ansvar

Svela meiner foreldre må vere bevisste på kva dei gjev vidare til barna sine. Ho viser til forsking som seier at 70 prosent av dei som verner om trua gjennom livet, har sett og opplevd at foreldra lever i det sjølv.

– Det som var utslagsgivande for meg som mor, var at det var vanskeleg å ta del på gudsteneste ei periode, og då fekk ikkje barna gått på søndagsskule. Før hadde eg tenkt at dei får trua med seg på søndagsskulen, men då forsto eg at eg sjølv bevisst måtte velje å gi trua mi vidare til dei. Då vart korta med bibelvers og songar viktige å ta fram, som ei rutine i kvardagen.

Slik gjekk det til at familien Svela byrja å trekke eit bibelvers eller ein bibelverssong kvar morgon, samstundes med at dei delte bønneemne.

– Det trong ikkje vere lange andakter. Eg såg verdien av å gjere det veldig enkelt, seier Hilde Svela. – Eitt eller to vers om dagen er ofte nok. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

(Korona) I viruskrisen er det mange som strømmer møter, og Fredheim Arena og NLA Høgskolen har tatt initiativ til å lage podcaster.

(Korona) Både ImF Sør sine gjenbruksbutikker og Bruktbutikken på Straume er stengt på ubestemt tid, og med det mister ImF Sør og Straume Forum en viktig inntekt.

(Korona) ImFs påskemøter er avlyst. I stedet arrangerer ImF Straume og P7 nettgudstjenester i påsken.

(Korona) Sju av ti kretser i indremisjonsfamilien har samlet sett permittert 61,5 prosent av sine 34 årsverk. 11 av 12 leirsteder i kretsenes eie har permittert 69,5 prosent av 26,5 årsverk.

(Korona) Indremisjonssamskipnaden er en av kretsene som har sett seg nødt til å permittere ansatte. Med avlyste arrangement og tapte inntekter går også leirplassene en utfordrende tid i møte.

Copyright © Sambåndet 2020