GOD TONE: Andreas Evensen (t.v.) og Vegard Hetlebakke var to av møteleiarane under Lederkonferansen 2018. Her intervjuar dei generalsekretær Erik Furnes. FOTO: ImF MEDIA ARKIV

ImF får assisterande generalsekretær

Andreas Evensen er tilsett i 20 prosent stilling som assisterande generalsekretær i ImF.

Andreas Evensen er dagleg leiar i ImF-Ung, ei stilling som frå nyttår vil utgjera 80 prosent av arbeidstida hans. Dette er avklart med styret for ImF-Ung. 

Det var i september-møtet at det førre ImF-styret gav signal om at ein ønskte å styrke administrasjonen med ei stilling som assisterande generalsekretær. Stillingsprosenten vart avklart mellom anna etter samtale i leiargruppa i ImF og med omsyn til økonomi.

Vikarierande sjef

Stillinga vart så internt utlyst med søknadsfrist 27. desember. Andreas Evensen var einaste søkar. I eit e-post-møte same kveld vart så Evensen tilsett. Han tar til i stillinga 1. januar 2020.

Sentrale arbeidsoppgåver blir å vikariera for generalsekretæren når han er borte over ei viss tid, så som permisjon, lengre reiser eller sjukdom. Generalsekretær Erik Furnes har av ImF-styret fått innvilga studiepermisjon dei tre første månadane av 2020. Evensen må dermed aksla oppgåva som vikarierande generalsekretær frå første dag i stillinga.

Læringsfellesskap

Ei anna viktig oppgåve for Andreas Evensen i den nye stillinga blir å leia den prosessen som generalforsamlinga i november 2019 vedtok å be kretsar og forsamlingar om å gå inn i. Det handlar om eit læringsfellesskap med sikte på å finna fram til ein optimal organisasjonsstruktur i indremisjonsfamilien. Her ligg det mellom  anna tett kontakt med krets- og forsamlingsleiarar. 

Elles skal assisterande generalsekretær ha oppgåver som vert delegert av generalsekretæren. Det er laga ein arbeidsavtale som er godkjent både av styret for ImF og av styret for ImF-Ung.

sambåndet.no kjem tilbake med kommentar frå Andreas Evensen. 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.