Sambåndet

Lørdag 25. januar 2020
RSS
Helge S. Gaard, Jeffrey Huseby, Tor Kristian Birkeland

Stol-byter i misjons-Norge

Tor Kristian Birkeland blir ny generalsekretær i Himalpartner. I Det norske misjonsselskap tek Helge S. Gaard over som generalsekretær etter Jeffrey Huseby, som blir ny toppleiar i Sjømannskyrkja.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 13. desember 2019.

Torsdag kom nyheten om at Himalpartner, tidlegare Tibetmisjonen, har fått ny generalsekretær. Namnet hans er Tor Kristian Birkeland.

Førre veke vart det klart at landsstyreleiar Helge S. Gaard i NMS (Det norske misjonsselskap) avløyser Jeffrey Huseby som generalsekretær. Huseby på si side går til generalsekretærjobben i Sjømannskyrkja, der han òg tidlegare har vore tilsett.

– Kompetent

Tor Kristian Birkeland (38) har mellom anna bakgrunn som misjonærbarn i Japan og har jobba som koordinator for Kyrkjeleg fredsplattform og for Noregs Kristne Råd. Til sumaren tar han over stillinga som generalsekretær i misjonsorganisasjonen Himalpartner etter Heidi Westborg Steel som sluttar no til jul.

– Dette var ein sjanse som baud seg der eg fekk lyst å vera med på det gode arbeidet Himalpartner gjer. Eg har sett arbeidet på nært hald og synst det er veldig bra. Samtidig trur eg at eg med kompetansen min kan vera med å styrka arbeidet til organisasjonen, seier Birkeland til Kristelig Pressekontor.

For tida bur Birkeland med kone og tre barn i Tyrkia der kona dei siste tre åra har jobba på den norske ambassaden.

– Tor Kristian synest å vera ein veldig kompetent person som med erfaringa si frå Noregs Kristne Råd, Kyrkjeleg Fredsplattform og anna fredsarbeid har ein viktig kompetanse for Himalpartner, seier styreleiar i organisasjonen, Svein Arne Lindø, til Kristelig Pressekontor.

Styreleiaren legg vekt på at Birkeland identifiserer seg med og set pris på Himalpartners praktiske diakonale arbeid og vekta misjonsorganisasjonen legg på å betra folks levevilkår lokalt.

Misjonærbarn

Himalpartners nye generalsekretær har vakse opp i Japan, der foreldra var misjonærar for NMS. Elles vart oppveksten halde til på Birkeland på Sørlandet før han flytta til Oslo for å studera og seinare til USA for å ta mastergrad i internasjonal fred- og konfliktløysing.

Birkeland trur absolutt at bakgrunnen hans både som misjonærbarn og buande i ein framand kultur som vaksen vil vera ein fordel når han skal leia ein misjonsorganisasjon som Himalpartner.

– Eg legg stor vekt på audmjuke når det gjeld å gjera arbeid i andre kulturar. Eg har erfaring med kva feiltrinn ein lett kan gjera og har sjølv eit høgt medvit og eit kritisk blikk på det kulturelle aspektet. Særleg i misjonsarbeid meiner eg dette er heilt essensielt.

Vart glad i Nepal

Himalpartner er ein diakonal misjonsorganisasjon som arbeider i Nepal og dei tibetanske områda i Kina. Dei beskriv seg sjølv som ein organisasjon med høg bistandsfaglig profil som jobbar i partnarskap med nøye utplukka lokale partnarar – både kristne og ikkje-kristne.

Tor Kristian Birkeland vart sjølv kjent med organisasjonen for litt over to år sidan då han vart spurd om å vera prosjektfadder for eit av Himalpartners prosjekt i Nepal.

– Dette er ein av måtane Himalpartner inviterer frivillige med høg spesialkompetanse til å bidra. Eg vart invitert på bakgrunn av erfaringa mi frå fredsbyggingsprosjekt, fortel Birkeland.

Han fortel at to turar til Nepal i samband med engasjementet sette spor.

– Eg har vorte veldig glad i Nepal og i hovudstaden Katmandu og ser fram til å bli endå betre kjent med desse områda, seier han.

Styreleiar Lindø fortel at Birkelands erfaring som frivillig i organisasjonen òg var ein viktig faktor for dei i vurderinga av søknaden hans til stillinga.

Reiskap for Guds kjærleik

Den nyleg tilsette generalsekretæren meiner han må bli endå betre kjent med organisasjonen før han kan seia noko konkret om visjonane sine for Himalpartner.

– Det eg veit, er at Himalpartner har mykje god kompetanse blant både tilsette og frivillige, og eg synest det er viktig at folk får brukt eigenskapane sine på best mogleg måte. Eg håper eg kan spela ei nyttig rolle inn i det arbeidslaget som Himalpartner er, seier Birkeland.

Han fortel at han har veldig sans for HimalPartners slagord: Eit reiskap for Guds kjærleik.

– Det er noko eg prøvar å vera i det daglege og som eg trur mange kristne gjer. Det er ei tilnærming til misjon som eg har stor tru på, å legga til rette for ei oppleving av Guds kjærleik.

NMS og Sjømannskyrkja

Avtroppande generalsekretær i NMS, Jeffrey Huseby, blir ny generalsekretær i Sjømannskyrkja.

– Eg kjenner på ein stor porsjon audmjuke og ser fram til å arbeida i ein tradisjonsrik og stolt organisasjon som betyr mykje i kvardagen til nordmenn i utlandet, seier Huseby i ei pressemelding frå Sjømannskyrkja.

Huseby tiltrer i Sjømannskyrkja 1. mars 2020. Han overtar som generalsekretær etter Ørnulf Steen, som blir pensjonist når han fyllar 70 år sommaren 2020.

– Nytenking og endring

Styreleiaren til Sjømannskyrkja, Jørn Henning Theis, er svært fornøgd med å ha fått ein ny generalsekretær med brei leiarerfaring.

– Sjømannskyrkja er kanskje Noregs mest spennande kyrkjelege organisasjon, med ein sterk ibuande dynamikk for nytenking og endring. Dette krev god og tydeleg leiing. Vi meiner Huseby er den rette til å leia organisasjonen inn i framtida, seier Theis.

Etter over 20 år med leiarerfaring innan organisasjonar og kyrkje har Huseby klare formeiningar om utfordringane som ligg til posisjonen.

– Alle organisasjonar treng ei tydeleg leiing, så vel som ein strategi og ei retning. Utfordringa i ein mangfaldig organisasjon er å få alle til å gå i den same retninga. Vi skal ikkje gå i takt og vera like, men organisasjonen treng ei leiing som vågar å staka ut ein kurs for framtida, seier Huseby som sjølv sjømannsprest og dagleg leiar ved Sjømannskyrkja i Dubai frå 1996 til 2000.

Landsstyreleiar overtar NMS

Landsstyret i Det Norske Misjonsselskap valde i juni å ikkje tilby generalsekretær Jeffrey Huseby ein siste åremålsperiode når inneverande periode går ut.

I månadsskiftet november/desember vart det klart at prost i Karmøy Helge S. Gaard er tilsett som ny generalsekretær i NMS. Dette fortel organisasjonen i ei pressemelding.

– Å vera generalsekretær i NMS er ein spennande og krevjande jobb. Når landsstyret viser meg denne tilliten, går eg med frimodighet til oppgåva, seier Helge S. Gaard, som har vore landsstyreleiar i NMS sidan 2017. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På Mosby bedehus begynte man med bibelkurs i 1920, og det skal markeres med sang- og musikkveld 100 år senere.

Egill Danielsen Stiftelse har nå sendt inn planforslag for en tre parallellers ungdomsskole på Karmøy som totalt skal romme 270 elever og ca. 26 årsverk.

Kristne studenter på vei inn i arbeidslivet famler for å finne en visjon for yrkeslivet sitt, men får lite hjelp i kirken, mener Tim VIckers. Skolelagsbevegelsen forsøker å hjelpe dem.

ImF-ledelsen står fast på synet om at det bare er «egnede menn» som kan kalles til å sitte i en forsamlings eldsteråd.

Det har tatt lang tid, men nå er ridehallen på KVS Bygland på plass. Rektor Hallvard Nessa håper at det vil gi skolen flere søkere.

Copyright © Sambåndet 2020