Sambåndet

Fredag 21. februar 2020
RSS

Livsfarleg rettleiing?

I kjærleik til barn, unge og vaksne i Norge er det heilt uaktuelt for ImF å gå med på endringar som medfører ei svekking av det vi meiner er tydeleg rettleiing i Guds ord, skriv Sambåndet på leiarplass.

Skrevet av Sambåndet LEDER den 8. desember 2019.

Det er sterke brytningar på det samlivsteiske feltet for tida. Enten det handlar om organisasjonen Krik sine endringar av spelereglar, mediestormen etter Mike Davidsons foredrag ved NLA Høgskulen eller VG-serien «Homoterapi», merker vi eit enormt press mot klassisk kristen lære på området.

Det gjer ikkje situasjonen betre at sjølvaste helseministeren har gått ut og karakterisert Andreas Håtveit sitt syn som «livsfarleg», ein uttale som også stemplar ImF og liknande organisasjonar i same ordelag.

Det er særs vanskeleg å forstå korleis ein i praksis skal halde fram at ekteskapet er for mann og kvinne når ein har opna for leiarar som både meiner og praktiserer noko anna 

Konklusjonen i prosessen med Krik vert ikkje dregen før dei har landa sin revisjon av verdidokument i desember, men det er særs vanskeleg å forstå korleis ein i praksis skal halde fram at ekteskapet er for mann og kvinne når ein har opna for leiarar som både meiner og praktiserer noko anna.

Ved NLA er det sterke stemmer som vil endre verdidokumentet på det same området, samt å redusere styret og eigarane sin fridom til å tilsette personell som forpliktar seg på våre verdiar.

Då ImF sende ut sin uttale i samband med kyrkjesituasjonen i 2016, understreka vi alvoret ved den «surdeigseffekten» som Bibelen talar om. Når vi vert utydelege i forkynning og rettleiing i samlivsetikken, vil det ete seg inn på andre område som handlar om synd og nåde. Derfor meiner vi det ikkje er haldbart å tenkje at vi kan ha ulikt syn på ekteskap og samliv berre vi står saman om å peike på Jesus og forkynne Evangeliet.

I kjærleik til barn, unge og vaksne i Norge er det heilt uaktuelt for ImF å gå med på endringar som medfører ei svekking av det vi meiner er tydeleg rettleiing i Guds ord.

Ein del menneske med homofile kjensler og dragning er blitt møtt med enkle løysingar som opplevast som til dels sterke overtramp

Det vi stadig må arbeide med og forbetre oss på, er korleis vi forstår og kommuniserer det komplekse i menneskets seksualitet. I møte med det ukjente og uvante må vi erkjenne at ein del menneske med homofile kjensler og dragning er blitt møtt med enkle løysingar som opplevast som til dels sterke overtramp.

Kristne med homofile kjensler har prisverdig stått fram og fortalt om kjensler som har vore stabile og uendra trass i at kjenslene var uønska. Andre, som Mike Davidson, fortel om ei reise der kjensler vart endra når ein fekk sette ord på det vanskelege i møte med menneske som møtte ein med respekt. Det er derfor ubegripeleg for oss kvifor det skal vere problematisk at menneske får snakke med eit medmenneske, også ein profesjonell terapeut, om denne type tematikk så lenge det ikkje er ein agenda om endring.

Målet for ein kristen er uansett å leve eit heilagt liv til Guds ære.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Egill Danielsen Stiftelse har fått godkjent søknad om å starte kristen ungdomsskole på Voss.

– Halvparten skal komme gjennom økning i Fast Givertjeneste (FGS) og resten gjennom ulike «stunt» i løpet av året, sier Kenneth Foss, arrangements og markedsansvarlig i ImF.

Elevene på KVS Lyngdal har gode forretningsideer og er gode til å markedsføre dem. Det blir det priser av.

SAKEN ER OPPDATERT Lære- og tilsynsrådet i ImF står fast på den gjeldende veiledningen om menn og kvinners tjeneste og anbefalingen om eldstetjenesten.

Copyright © Sambåndet 2020