Sambåndet

Søndag 8. desember 2019
RSS
MOTSTAND: Livsløpsutvalet i Hemsedal kommune har gjort eit einstemmig vedtak der det står at «Vi stiller oss ikkje bak Høyfjellssenteret sitt syn på homofili og sambuarskap.» Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Høgfjellssenter får støtte frå homofil SV-ar

Ein lokalpolitikar frå Høgre vil hindre pengestøtte til det kristne høgfjellssenteret som er konservativt i homofilisaka. Krik-striden splittar Hemsedal, der høgfjellssenteret òg får støtte.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 29. november 2019.

Høgfjellssenteret på Lio i Hemsedal braut i haust med Kristen Idrettskontakt (Krik) som følgje av at Krik-styret sa ja til at heterofile sambuarar eller homofile som lever i parforhold, kan vere leiarar på leir. Brotet har skapt bylgjer i fjellbygda øvst i Buskerud.

«Samlivsform skal (…) ikke være avgjørende for hvorvidt man kan være frivillig leder på Krik-leir», heiter det i vedtaket frå landsstyret i Krik, eit vedtak som òg vart stadfesta av fleirtalet på generalforsamlinga i organisasjonen.

Dette fekk styret for driftsselskapet Krik Høyfjellssenter Hemsedal AS til å seie opp avtalen med Krik, og 24. oktober endra dei namnet på senteret frå Krik Høyfjellssenter til Hemsedal Høyfjellssenter.

Splittar bygda

I vekene etterpå er det kome mange og sterke reaksjonar på avgjerda til høgfjellssenteret, og Hemsedal er ei til dels sterkt splitta bygd.

30.oktober reagerte lokalpolitikaren Hege Austheim Jacobsen frå Høgre skarpt i eit innlegg på Facebook. Der tar ho til orde for å endre retningslinene til kommunen for kulturstøtte etter at ho vart kjend med den konservative lina til høgfjellssenteret i samlivsspørsmål.

«Er dette problematisk for Hemsedalssamfunnet? Jeg vil dessverre hevde at det kan være problematisk», skriv ho og peikar på at senteret er «en stor samfunnsaktør i bygda vår».

Vidare skriv ho: «Kan vi være sikre på at ikke sårbare mennesker møter diskriminerende holdninger på en god eller dårlig dag?» «I bygda vår er det åpne homofile og kanskje noen som fremdeles er i skapet. Jeg kan ikke forestille meg hvordan det oppleves å bli rangert.»

Austheim Jacobsen fekk 31. oktober igjennom eit vedtak retta mot senteret: «Hovudutval for Livsløp vil gjennom vår handtering av saker og våre beslutningar ha stort fokus på å forhindre mobbing og utestenging og fremme likestilling, likeverd og mangfold. Vi stiller oss ikkje bak Høyfjellssenteret sitt syn på homofili og sambuarskap.»

Det er også vedteke at regelverket for kulturtilskot skal reviderast. Høgre sitt forslag er: «Det kan gjevast støtte til lag og organisasjonar og private initiativ som er aktive, har eit ideelt formål og som etter beste evne følger intensjonen i lov om likestilling og forbud mot diskriminering.»

Om forslaget skriv Austheim Jacobsen: «Da sender vi ut et tydelig signal om at det ikke er greit å diskriminere mennesker som følge av seksuell legning og samlivsform.

Anspent

FORFYLGJING: – Eg trur dei som har eit konservativt bibelsyn, vil møte vanskar framover. Forfylgjing er eit hardt ord, men eg vil seie at vi har møtt ei mild form for forfylging her, seier styreleiar Øystein Husby i KRIK Høyfjellssenter Hemsedal. Foto: Privat.

Øystein Husby er fungerande styreleiar for driftsselskapet bak høgfjellsenteret. Stemninga dei siste vekene mellom dei 2.457 innbyggjarane i bygda kallar han anspent.

– Eg er ikkje på sosiale medier, men eg har forstått at det er anspent der òg. I nokre samanhengar kjenner ein at det er ein elefant i rommet. Eg merker at det pregar samfunnet her, seier han til Kristelig Pressekontor.

11.november deltok Husby på Hemsedal Dialogforum som er oppretta på grunn av striden rundt høgfjellssenteret, dei harde debattaka i lokalavisa Hallingdølen og på sosiale medier.

Tori Snerte, SV-politikar og ein av initiativtakarane, seier ifylgje Hallingdølen at det er viktig å møtast andlet til andlet. Husby seier til KPK at han opplevde møtet som positivt.

– Det er sjølvsagt folk som ikkje forstår oss eller som er usamde, og ein merker jo at dette er ein snakkis rundt om på bygda. Folk kjem likevel i liten grad og pratar med meg direkte. Dei som har gjort det, kan eg telje på éi hand, seier styreleiar Husby.

Han synest saka har fått eit svært stort omfang. Han har etter 12 år i Hemsedal ikkje opplevd noko liknande, og han vonar bygda snart vender attende til ein slags normaltilstand.

– Vi har involvert oss mykje i bygdesamfunnet, og det blir utfordrande for einskilde når dei oppdagar kva vi står for. Men saka gjeld jo dei interne prosessane våre rundt utvelging av leiarar til bibelskulane våre. Det betyr ikkje at vi rangerer menneske eller seier at nokon ikkje er velkomne. Dette handlar berre om kriterier for å velje ut leiarar. Likevel blir det framstilt som om vi har stengt døra for nokon, og dermed kallar dei oss intolerante og diskriminerande.

– Trugar trusfridomen

– Kva tenkjar du om at ein lokal Høgre-politikar slår føre å stramme inn reglane for kommunal kulturstønad i kjølvatnet av denne saka?

– At dei ikkje vil gi oss kulturstønad er heilt greitt. Vi har vel heller aldri motteke kulturpengar så vidt eg veit. Verre er det viss kommunen vil gå inn og legge føringar på kva ei kristen verksemd skal meine. Då går det på trusfridomen laus, seier Husby.

Han er redd det som no har hendt i vesle Hemsedal, er eit førevarsel om kva som vil skje fleire stader i landet.

– Eg trur dei som har eit konservativt bibelsyn, vil møte vanskar framover. Forfylgjing er eit hardt ord, men eg vil seie at vi har møtt ei mild form for forfylgjing her. Det har vore ein augeopnar, seier Husby.

Religionsnøytralt

Som eit svar på strida i og rundt Krik dei siste vekene, har to personar i Hemsedal starta ein alternativ aktivitet som dei kallar Rik – Religionsnøytral idrettskontakt. «Bli med på aktivitetane våre, uansett religiøs bakgrunn, kjønn, seksualitet, samlivsform etc.», står det på Riks Facebook-side.

– Tanken bak Rik er berre at alle skal kjenne seg velkomne, skriv David Underland, den eine initiativtakaren, i ei melding til Kristelig Pressekontor.

«Flott tiltak fritt for indoktrinering, segregering og diskriminering», skriv ein som stør verksemda på Facebook-sida deira.

Tatt i forsvar

Men dei som soknar til høgfjellssenteret, møter ikkje berre motbør, heller ikkje frå alle som er usamde med dei i sak. På dialogmøtet reiste SV-politikaren Arnt Skansen seg og forsvarte dei. Han er sjølv ope homofil og var kritisk til mediedekninga av Krik-saka.

– Eg synest at miljøet i Lio (knytta til høgfjellssenteret, red.anm.) fortener honnør for å stå for noko. Dei står opp for meininga si, sjølv om eg i sak er djupt usamd i dei synspunkta dei har, sa han ifølge Hallingdølen. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

KVS Lyngdal har så langt i år tjent 1,3 millioner kroner på salg av tømmer.

Mannen som risikerer mye for å sikre ureturnerbare asylsøkere arbeidsrett, ble torsdag hedret med Petter Dass-prisen 2019.

Bildøy Bibelskole og ImF Midthordland erstatter julemessen med et annet arrangement på en annen tid på året.

At ImF-styret har valt Kjell Hauan til nestformann er i tråd med det som har vore praksis dei ti siste åra. Tanken bak har ei endå lengre historie.

DEBATT «Ingen som følger med i norsk kristen- og samfunnsliv, bør være overrasket over at NLAs eierorganisasjoner lærer at rammen for seksuelt samliv er det monogame ekteskapet mellom mann og kvinne.» Det skriver tre av NLA-eierne i et debattinnlegg.

Copyright © Sambåndet 2019