Sambåndet

Mandag 28. september 2020
RSS
INTERESSERT: De tilreisende sørkoreanerne var veldig interessert i å snakke med norske elever. Her er rektor Bae Sangsick i samtale med 9. klassinger på St. Sunnibva skole. FOTO: Ingunn Mrie Ruud, KPK

Reiste verda rundt for å læra om kristne friskular

20 personar frå 12 skular i Sør-Korea kom til Noreg for å lære om skuledrift. Kristne Friskolers Forbund er imponert.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, KPK den 27. januar 2017.

GJENSIDIG LÆRING: Generalsekretær i KFF, Jan-Erik Sundby forteller at læringen går begge veier. Her sammen med generalsekretær i CAEAK Ma Byeongsik.FOTO: Ingunn Mrie Ruud, KPK

– Det er ei auka nyfikne for norske kristne skular i Korea, derfor ville vi kome hit for å sjå korleis skulane er og korleis dei blir drivne, seier Ma Byeongsik som er generalsekretær i Shalom Center for Christian Alternative Education Association in Korea (CAEAK).

Rundt 80 av Sør-Koreas om lag 200 kristne skular er organiserte under CAEAK. Gruppa som gjesta Noreg, bestod av lærarar, rektorar, styremedlemer og studentar frå 12 ulike skular.

– Noreg har ei mykje lengre historie med kristendomen samanlikna med Korea, så vi ønskjer å lære frå kristne skular og kristendomen si historie i Noreg, seier Ma.

– Spenstig

Den fyrste kristne private skulen i CAEAK blei starta for berre 16 år sidan. Skulane er stort sett starta av rektorar og lærarar og i somme tilfelle av foreldregrupper.

CAEAK fekk kontakt med Kristne Friskolers Forbund (KFF) gjennom den dansken Foreningen af Kristne Friskoler (FKF) og reiste vidare til Danmark, Nederland og Tyskland.

– Eg synest det er spenstig at 20 personar reiser til ein annan del av verda for å lære om friskoledrift. Det gjer inntrykk, seier generalsekretær i KFF, Jan Erik Sundby.

Han fortel at KFF tek seg god tid til å ta imot gjestene fordi dei også opplever å lære noko tilbake.

– Det kan vere direkte overførbare ting i sjølve drifta av skulane, men når det gjeld rammevilkår og lovgiving, er det mykje som er svært forskjellig, seier Sundby.

Ingen statsstønad

Dei private kristne skulane i Sør-Korea får ingen stønad frå staten.

– Styresmaktene er ikkje positive til kristne skular. Dei ønskjer å ha kontroll over alle skulane i Korea og ønskjer ikkje kristne skular som er annleis enn dei offentlege skulane, seier Ma.

Mangelen på statsstønad fører til at skulane i stor grad må finansierast gjennom skulepengar frå elevane sine foreldre. Det blir høge summar som gjer at det stort settet er rike koreanarar som har høve til å sende barna på kristne skular.

– Folk flest har eit meir positivt syn på kristne skular enn styresmaktene, og skulane er kjende for å vere gode, men på grunn av dei høge kostnadene blir det dessverre sett på som noko som berre er for dei rike, seier den koreanske generalsekretæren.

Misunneleg på norske forhold

Ma fortel at han har sett mange faktorar hos friskulane under Noregsbesøket som Sør-Korea ikkje har.

– Eg kjenner meg litt misunneleg. Lærarane her i Noreg ser ut til å like jobben sin og verkar veldig motiverte. Det var imponerande, seier Ma.

Han fortel at skulekulturen i Sør-Korea er veldig annleis. Der er eit veldig oppteken av akademiske resultat, og skulane er meir prega av konkurranse og streng disiplin.

– Forholdet mellom lærarar og elevar, for eksempel, verkar betre her. Det er ein djupare tillit, og elevane ser veldig glade ut når dei er på skulen. Elever i Korea er ikkje så glade, seier Ma.

Han håper at den norske skulekulturen kan smitte litt over på dei kristne skulane i heimlandet.

Delegaten Lee Dahyung, som også kallar seg Nick Lee, er einig med generalsekretæren.

– Det norske skulesystemet verkar så bra. I Korea er dei veldig oppteken av pugging, seier han.

Imponert over mangfaldet

VIL LÆRE AV NORGE: Sørkoreanske kristne privatskoler ønsker å lære av norske friskoler. Her er rektor Kim Hongmoo (t.h) i samtale med Annette Kjøllesdal som er lærer på St. Sunniva skole. FOTO: Ingunn Mrie Ruud, KPK

Dei 20 sørkoreanarane gjesta den katolske friskulen St. Sunniva i Oslo. Her fekk dei informasjon og fekk sjå skuleklasser ha undervising og fekk snakke med elevane.

– Eg er veldig imponert over at skulen har elevar med så forskjellig bakgrunn, sa Kim Deahong som er lærar ved WolKwang Christian School.

Han lurte på korleis skulen handterer eventuelle problem knytt til dette.

– St. Sunniva har ei lang historie med elevar frå forskjellig bakgrunn, og lærarane har dette i ryggmargen. Det er sjeldan vi opplever konfliktar, men om det skjer, blir det som regel løyst av lærarane med ein gong, fortel inspektør ved St. Sunniva, Hanne Skøien.

Saman med assisterande rektor Kjersti Rehn Johansen viste ho sørkoreanarane rundt på den 150 år gamle skulen.

– Det er veldig fint å få vise fram skulen vår, seier Rehn Johansen som har jobba ved St. Sunniva i 34 år.

Ber for samla Korea

Den same veka delegasjonen var i Noreg, offentleggjorde Åpne Dører si World Watch List som rangerer land der forfølginga av kristne er verst. Nord-Korea toppa lista for femtande året på rad, og kontrasten er stort til nabolandet i sør.

– Dei kristne i Sør-Korea ber for at Sør- og Nord-Korea skal bli sameint til eitt land slik at også nordkoreanarar kan få trusfridom og høve til å leve som kristne, seier Ma.

I Nord-Korea kan det å ha ein bibel i hus vere nok til at ein person og heile familien hans blir sende i konsentrasjonsleir eller blir avretta. Dei einaste ein har lov å tilbe i Nord-Korea, er president Kim Jong-Un og familien hans.

I Sør-Korea derimot, er nesten 30 prosent av befolkninga kristne, mens buddhisme, konfutsianisme, sjamanisme og ulike naturreligionar blir følgde av resten. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Kjetil Vestel Haga vokste opp med dei lyse sidene av bedehuskulturen. Han elskar sjøen og er kaptein på eigen båt. No skal sørlendingen navigere Normisjon-skuta.

Komponist Else Olsen S. blander eksperimentell samtidsmusikk og bedehusmusikk for å gi publikum fragmenter av minner, smaker og fremtidshåp

Lars Dale (58) fra Fredrikstad er ansatt som administrasjonsleder i Awana Norge.

Etter et tiår med frivillig kontingent og tilhørende inntektssvikt, har ImF-styret nå bestemt at Sambåndet skal bli et ordinært abonnementsprodukt.

Dei etterspurde video-snuttane frå The Bible Project er sett av millionar. No kjem dei på norsk, med økonomisk støtte frå mellom andre indremisjonsfamilien.

Copyright © Sambåndet 2020