– Rettstryggleik er viktig

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) er klar på at rettstryggleik er viktig for alle dei fire organisasjonane som står saman om måten å handtera seksuelle krenkingar på.

I 2000 laga ImF, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) retningslinjer for handtering av seksuelle krenkingar. Desse vart først revidert i 2004, og frå og med andre revisjon i 2009 slutta òg Det Norske Misjonsselskap (NMS) seg til.

«Ekstern ekspertise innen teologi, psykologi, jus og organisasjonsteori har fått i oppdrag å vurdere revisjonsforslaget, og deres tilbakemeldinger er innarbeidet i retningslinjene», står det i det gjeldande dokumentet frå 2009.

DEBATT.
Sambåndet skreiv i oktober i fjor at dei fire organisasjonane sende brev til forfattar Trude Teige i samband med hennar sist utgjevne kriminalroman, som har seksuelle krenkingar i bedehusmiljø som tema. I etterkant av dette vart det ein debatt i avisa Dagen om kor langt organisasjonar kan gå i å opplysa om anklager som har vore retta mot anten tilsette eller frivillige. Det har òg vore reist spørsmål om rettstryggleiken til dei som vert anklaga. Spørsmålet er om organisasjonane både blir anklagar og dommar i dei sakene som ikkje blir melde til politiet, og der den anklaga til dømes misser jobben sin.

– Den som les heile dokumentet, vil sjå at det òg er prosedyrar for å ta vare på den anklaga, seier Erik Furnes til Sambåndet.

UTGANGSPUNKT.
Retningslinjene slår fast at ein skal «se virkeligheten fra den utsattes utgangspunkt». Dersom anklagen vert stadfesta, er det den som er anklaga, som skal bera konsekvensane. «Det betyr normalt å tre ut av stilling eller tillitsposisjon». Eventuell melding til politiet skal skje i samråd med den utsette. Og sjølv om den anklaga får Gud og den utsette si tilgjeving, er det ingen automatikk i at vedkomande får jobb eller tillitsverv tilbake.

Den som blir anklaga, har etter retningslinjene rett til å ha ein person med seg under samtalane med dei som handsamar saka. Den anklaga skal få koma med sin versjon og få informasjon om saksgang og rettar. Den anklaga får òg tilbod om sjelesørgjar eller kontakt med annan fagperson utanfor organisasjonen. Familien til vedkomanda skal ivaretakast best mogleg. Den anklaga har òg rett til innsyn i sakspapira.

ORD MOT ORD
Erik Furnes stadfestar at det ikkje er mange av desse sakene som kjem for ein domstol. Saker som blir melde til politiet, vert ofte lagt bort fordi politiet ikkje har gode nok bevis.

– Dei sakene der spørsmålet om rettstryggleik er aktuelt, er der ord står mot ord. Det vil vera nokre slike saker, men i dei fleste sakene erkjenner den som er anklaga, seier Furnes.
Der erkjenning ikkje ligg føre, er det ifølgje generalsekretæren ikkje slik at organisasjonane sjølve er dommarar.

– Vi vil som regel alltid rådføra oss med utanforståande fagpersonar, og særleg i slike tilfelle. Og det er på ingen måte slik at me ikkje er bevisst på omsynet til den anklaga, seier Furnes.

At folk blir tatt ut av teneste for ein kortare eller lengre periode, er – slik Furnes ser det – ikkje det same som å dømma på førehand, men ein prosedyre som kan vera naudsynt medan ein anklage blir undersøkt.

– Det vil alltid vera fare for ugrunna anklager, og difor må våre tilsette handla gjennomsiktig og ikkje setja seg i situasjonar der dei blir ståande lagleg til for hogg, seier Erik Furnes.

Den felles ressursgruppa for krenkingssaker vil framover sjå nærare på spørsmål i skjæringspunktet mellom personvernet til ein person som har vore anklaga, og informasjonsbehovet i høve til om andre organisasjonar nyttar seg av denne personen sine tenester.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.