Sambåndet

Lørdag 24. oktober 2020
RSS
Redaktør Harald Stanghelle vaks opp i indremisjonsrørsla. Sjølv om han no beskriv livssynet sitt som agnostisk, meiner han at indremisjonen godt kunne hatt ei tydelegare stemme i samfunnsdebatten. FOTO: PETTER OLSEN

– Indremisjonen har ei samfunnsrolle

Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle meiner tapte slag har gjort indremisjonsrørsla resignert. Erik Furnes i ImF trur mange kristne i staden legg vekt på å skapa relasjonar til ikkje-kristne.

Skrevet av Petter Olsen den 17. desember 2014.

Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet.

OSLO: I eit stort intervju med Sambåndet denne veka fortel Harald Stanghelle om oppveksten sin i indremisjonsrørsla og kva betydning rørsla hadde for nokre tiår sidan. Men redaktøren i Aftenposten har òg tankar om ei rolle i dagens samfunn.

Usikker på rolla si

Stanghelle meiner at den lågkyrkjelege rørsla er meir tafatt og rådvill no enn før.

– Ja, eg trur ikkje ein heilt veit kor ein har makta si og kva for ein plass ein skal ta i samfunnsdebatten. Det var jo ein del kampar ein kunne ta på 1950-, 60- og 70-talet med håp om vinna. Og på mange måtar trur eg at det ei stund no har vore eit liberalt hegemoni, altså at det som var mindretal på 1950- og 60-talet, nå er blitt den rådande tankegangen. Og du ser det veldig tydeleg viss du eksemplifiserer det med ein del av desse kulturkampane som dei lågkyrkjelege rørslene i dag ikkje vil ta, rett og slett fordi det er tapte saker. Eg kjenner ingen som seier at som sann kristen må du ikkje setja dine bein i eit teater, til dømes, eller at som sann kristen kan du ikkje gå på kino.

Stanghelle viser til spørsmålet om kvinnelege prestar som eit døme.

– Der hadde det lågkyrkjelege standpunktet hegemoni i Den norske kyrkja i tiår etter tiår, i dag er det heilt vekke. I dag trur eg ikkje det er ein einaste biskop som i fullt alvor vil hevda at dei er imot kvinnelege prestar. Det er framleis biskopar som vil setja ei grense ved enkelte samlivsformer, og så er det nok ein del områder der den politisk kristne rørsla rundt KrF og den lågkyrkjelege rørsla på ein måte ikkje har funne sin plass der dei burde hatt ein veldig tydeleg plass.

– Liv og død-spørsmål

Diskusjonane om bioteknologi, sorteringssamfunnet og dødshjelp er døme på saker som Aftenposten-redaktøren tenkjer på.

– Det er ein del slike grunnleggjande liv-død-spørsmål der det kan virka som det lågkyrkjelege Norge er resignerte etter abortkampen og ikkje ser at vår tid treng ein del klåre stemmer. For det er veldig sentrale spørsmål som går rett inn i det som var også det lågkyrkjelege Norge sine kampsaker.

Så det er ei rolle å spela?

– Ja, eg meiner det, og det er nok den rolla ein ikkje alltid har sett like tydeleg. Det er mogleg eg tar feil, og det blir eg nøydd til å ta forbehold om fordi eg ikkje kjenner dei godt nok, men kanskje har alle dei tapte slaga over så mange tiår ført til ein form for resignasjon og mismot, slik at ein ser meir innover enn utover. Ein steller med sitt, og så får nå andre gjere det same, seier Harald Stanghelle.

– Tydelege frontar

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) seier i ein kommentar at det kan verke som om Stanghelle ønskjer seg tilbake til den tida då frontane på dei fleste felt var tydelegare enn no.

– Frå eit medieperspektiv kan eg forstå at det er å foretrekke. Eg vaks sjølv opp i etterdønningane av eit miljø der mottoet var «der hvor din Frelser utestenges, der skal du ikke selv gå inn». Det førte til at kristne stort sett skulle halde seg vekke frå det som var utanfor bedehus og kyrkje, og kristendom var som ein maktfaktor i skule og andre samfunnsområde, seier Furnes og held fram:

Relasjonar

– Nokre tiår etterpå må vi registrere at mange av dei som vaks opp i desse kristne miljøa, har teke avstand, og ser ein på omdømmeundersøkinga vår frå 2012, ser ein at folk har eit meir negativt forhold til Bedehuset jo eldre dei er. Eg trur dette er medverkande til at aktive kristne i dag tenkjer meir relasjonelt om det meste, det vil seie at ein vil vinne menneske for Gud ved å involvere seg i ufrelste sine livsområde, meir enn å rope ut frå hustaka og vente på at dei skal kome ned frå galleriet på Bedehuset.

– Mange kristne kan nok drøyme seg tilbake til tida då ein på sett og vis var ein majoritet i samfunnet, men samstundes liker ein ikkje nødvendigvis bildet av alt i den tids kristenliv, noko som Stanghelle tydelegvis også har teke eit oppgjer med, seier Erik Furnes.

Levande kristne

Generalsekretæren spør seg om målet at samfunnet skal ha mange nominelle kristne som kan dei ti boda på rams, ellerat flest mogleg skal verte atterfødde kristne med ein levande relasjon til Jesus Kristus.

– Ein kan til ein viss grad dra parallell til utviklinga i kommunistiske land. Når ein opplever forfølging, veks talet på aktive kristne, men etter at mange regime har falle og kristendom er blitt «stuereint» att, stilnar vekkingane av. Mange kristne i dag ser det ikkje som negativt at bibeltru kristendom vert ein minoritet, berre det fører til at fleire vert frelst, held Furnes fram.

– Også kalla til å vera profetar

Men heilt ueinig med Aftenposten-redaktøren er han likevel ikkje:

– Det er berre å beklage i lag med Stanghelle at denne tenkinga har gått ut over vilje og evne til å seie frå i dei store verdispørsmåla. Eg merkar haldninga: «Alle veit kva vi meiner om abort, tenestedeling mellom mann og kvinne, homofilt samliv, osv, så kvifor skrive ein ny avisartikkel som sementerer folk sine haldningar om at desse spørsmåla er det einaste vi er opptekne av?» Det kan eg forstå, men samstundes er vi ikkje berre kalla til å vere evangelistar som ber ut den glade bodskapen, men vi skal også vere profetar. Dessverre er det ei teneste som få går inn i, sannsynlegvis fordi det utfordrar vår eigen materialisme og overflod, seier Erik Furnes i ImF.

I desembernummeret av Sambåndet kan du mellom anna lesa eit seks siders intervju med Harald Stanghelle. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Generalsekretær Erik Furnes håper at lokale ledere vil samles lokalt til undervisning og samtale om misjonsarbeidet som en erstatning for ImFs avlyste Lederkonferanse.

Misjonseide NLA Høgskolen ønsker å starte økonomiutdanning i Kristiansand fra høsten 2021. På lengre sikt har høgskolen også mål om å tilby desentraliserte og nettbaserte utdanninger som er skreddersydd for landsdelen.

Silje Kausland er ansatt som Ung-leder i ImF-Ung Midthordland, og dermed kan kretsleder Ole Andreas Wastvedt konsentrere seg helt om kretslederoppgavene.

17 kirkesamfunn og organisasjoner, ImF inkludert, har signert en erklæring om det to-kjønnsbaserte ekteskapet. De ber Storting og regjering om å verne foreldreretten og tros- og livssynsfriheten.

På flyet fikk Kristoffer Norbye idé til en sang som nå er blitt til musikkvideo. Regissør av videoen, Sofie Arnesen, håper den vil få flere til å ta et år på Bildøy Bibelskole.

Copyright © Sambåndet 2020