Sambåndet

Tirsdag 13. april 2021
RSS
GÅVEAKSJON: 30 millionar er totalsummen for renovasjonsarbeidet på bibelskulen. Ti av desse skal samlast inn gjennom gåver. FOTO: ImF Media

Bibelskulen merkar gjevarglede

Lovnadar om 1,8 millionar til Bildøy bibelskule, og meir er i vente.

Skrevet av David Pletten Aasgard den 20. november 2013.

I AKSJON: Edvard Foss under årets loppemarknad, som arrangeres av bibelskulen. BILETE: Vilhelm Viksøy, ImF Media

– Me er audmjukt takksame for alle gåvene som kjem. Pengane kjem godt med til renovasjonsbehova ved skulen, seier PR-ansvarleg Magnus Hatløy.

Bibelskulen sin innsamlingsaksjon for å kunne finansiere den sårt trengte oppussinga av lokala sine, er no for alvor i gong. Det totale behovet er estimert til 25-30 millionar kroner, og 10 millionar av desse skal samlast inn gjennom gjevaraksjonen. Sjølv om summen nærmar seg to millionar, er det langt igjen, men bibelskulelærar Edvard Foss meiner at målsettinga er for låg.

MEIR Å HENTE
– 10 millionar er altfor lite, eg trur skulen kan få inn meir enn dei 10 millionane det er budsjettert med. Viss misjonsfolket og foreiningane tek ansvar, så kan me få inn mange millionar meir. Foreiningane er direkte eigarar av bibelskulen gjennom sitt medlemskap i ImF, som gjer at dei bør ta ansvar for skulen. Bibelskulen lærar opp unge som igjen brukar tid i forsamlingane. Då meiner eg at dei no kan gje noko tilbake, seier Foss.

Foss kan fortelje at Indremisjonsforbundet har over 900 aktive lag og foreiningar knytt til seg. Viss desse gjev 3000 kronar kvar i året, i fem år, så vil skulen få inn mellom 13 og 14 millionar, men han utfordrar òg dei større forsamlingane til å gje enda meir.

TAKKEGÅVE
Initiativet til 3000-klubben kjem frå Åse Bente Høivik Nielsen frå Nærbø. Ho ønska å starte ei innsamling til Bildøy bibelskule som takk for skulens arbeid. Sonen hennar har tidlegare vore student på bibelskulen og fekk hjelp til eit rusfritt liv. Han møtte Jesus og fekk eit heilt nytt liv, alt takka vere skulen. Konseptet med klubben er at alle som melder seg inn, er plikta til å gje 15 000 kroner, enten med ein gong eller over fleire år. På denne måten vil skulen dekke fleire millionar i oppussingsprosjektet gjennom gåver. Skulen sendte i år ut brosjyrar om 3000-klubben saman med det vanlege haustbrevet til gjevarane. Det var i alt 7311 brosjyrar som blei sendt ut, og skulen reknar med at dei vil få mange gåver. Dei får fleire medlemmar i 3000-klubben kvar dag, og Edvard Foss seier at det fortsatt er mogleg å bli 3000-klubbmedlem.

IKKJE VENT
Oppussingsprosjektet vil gå over lengre tid, og skulen må prioritere internata fyrst. Grunna låg likviditet blir oppussinga klattevis og delt, og Foss fortel at slik det er no, gjer arbeidarane det som er mest prekært, og så må dei vente med andre ting som bør gjerast, til dei har råd. Difor ber han folk ikkje å somle med klubblisensen.

– Tidlegare elevar bør gje noko tilbake. Kva betydde bibelskulen for deg? Vær difor med og gje, og gjer det no. Dette gjeld våre ungdommar, skal dei få eit godt tilbod på bibelskulen, så må ein støtta oppussingsprosjektet, seier Foss.

RENOVERINGSPLANEN
Dei totale utgiftene for oppussinga er estimert til mellom 25 og 30 millionar kronar. Bibelskulen har allereie fornya matsalen og held på med å skifta røyranlegget, kledning og vindauge på internata, samstundes som bada og vaskerom blir fornya. På hovudbygget kjem det nye vindauge, kledninga skal skiftast, og røyr- og ventilasjonsanlegget blir nytt. Betre belysning av undervisningslokala og fellesrom høyrer òg med i arbeidsplanane.

Les meir om 3000-klubben på Bildøy bibelskule sine heimesider.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

SAKA BLIR OPPDATERT Ti elevar ved den ImF-eigde vidaregåande skulen KVS Bygland har testa positivt for covid-19, melder Bygland kommune.

Harald Wiig Andersen overtar etter sin bror Jan Inge Wiig Andersen som rektor på Nordhordland Folkehøgskole.

Hans Nielsen Hauges 250-årsdag vart påskeaftan mellom anna markert ved grava hans på Gamle Aker kyrkjegard i Oslo.

Jesu oppstode er sjølve grunnlaget for den kristne trua. Det som skjedde påskemorgon, er beskriven av dei fire evangelistane, men med litt ulike observasjonar og skildringar.

3. april 2021 er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Få nordmenn har skapt sterkare engasjement enn han.

Copyright © Sambåndet 2021