Breen er altertavle

Austerdalsbreen og mektige fjell var bakteppe då om lag 300 unge og gamle samla seg til stemne på Tungestølen 30. juni.

Veitastrond i Sogn:  – Eg hadde den førre rekorden med 230, men no har du slått den, seier rådgjevar Trond Fr. Johansen i Sogn og Fjordane Indremisjon liksomfornærma til årets stemnetalar, ImF-forkynnar og tidlegare lærar på Bildøy Bibelskole, Gunnstein Nes.

Nes bur på Bildøy, men er oppvaksen i Veitastrond, og Tungestølen tilhøyrer familien hans

Gudsteneste
Det er Sogn og Fjordane Indremisjon og kyrkja i Luster som arrangerer stemnet: – Misjonen har med seg kyrkja, ikkje motsett, seier Trond Fr. Johansen lunt.

Tungestølsstemnet står på gudstenestelista i Luster, og rådgjevaren i Sogn og Fjordane Indremisjon forretta saman med soknepresten i Hafslo, Vegard Bondevik Lie. Johansen har vore prestevikar i Hafslo og Aurland i til saman to år, på invitasjon frå biskopen. Då vart han utstyrt med rundsnipp og kappe og får lov til å forretta.

– Å få vera med på dette er ein berikelse som skaper variasjon i gudstenestelivet. Og så er det ein flott måte å koma saman på, seier Bondevik Lie, som òg set pris på samarbeidet med Indremisjonen.

Aposteldagen
Samklang song, og fire barn vart døypte, deriblant barnebarnet til Trond Fr. Johansen, Andrea Duesund.

Gunnstein Nes talte over teksten for dagen, henta frå Markus 3. På Aposteldagen minna han om at Jesus valde seg ut heilt vanlege folk, med feil og manglar. Det var desse apostlane som gav oss heile Bibelen.

– Du og eg er avhengig av det fundamentet apostlane la, og så utrustar og plasserer Gud oss. Gud søker menneske med same glød i dag som for snart 2000 år sidan, sa Gunnstein Nes.

Det er uvisst kor mange gonger Tungestølstemnet har vorte arrangert: – Det er så lenge dei eldste eg har snakka med, kan hugsa. Det var større stemne andre stader i Indre Sogn, men det er Tungestølsstemnet som har overlevd, seier Trond Fr. Johansen

Og han vedkjenner seg å vera litt kry av nettopp det: – For fire-fem år sidan såg me at stemnet måtte utviklast. Og talet på frammøtte gjekk då frå ei handfull til 230, fortel Johansen

Gode støttespelarar i Veitastrond sørgjer for rømmegraut og spekemat, og folk stod i kø for å få kjøpa mat etter at gudstenesta var over

Trond Fr. Johansen er klar på kva som er målet med mellom anna Tungestølstemnet, som er det største kristne arrangementet i Sogn

– Indremisjonen sin visjon er at den eine får lov til å visa den eine evangeliet. Her kjem kristne i snakk med ikkje-kristne, og det kan igjen føra til at fleire kjem til tru, seier rådgjevaren i Sogn og Fjordane Indremisjon.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.