Overraskande start på året

ImF fekk nye 600.000 i testamentarisk gåve i januar.

– Me er djupt takksame og glade for at menneske ynskjer å tilgodesjå oss på denne måten med livsarva si, sa økonomileiar Ingebrigt S. Sørfonn like før jul då to gåver gav 370.000 uventa kroner til ImF.

Kort tid etter kjem no den tredje testamentariske gåva. Denne gong på 600.000 kroner.
– Det har vel kome 1 til 2 i året desse åra eg har vore leiar i ImF, men dette er langt over normalen for oss. Så eg må erkjenne eg heva augebryna noko då eg fekk meldinga, seier generalsekretær Erik Furnes. Han er både glad og takksam for å bli tilgodesett på denne måten.

– Me er midt i eit viktig strategiarbeid og slike handslag gjer at me kan løfta blikket og sjå etter nye moglegheiter. Det er mange spennande prosjekt som ventar, blant anna på skulesida, men me er ofte usikre på kor mykje me skal våga å gå i gong med. Slike gåver som dette gir oss moglegheit til å realisera nye prosjekt me elles ikkje ville fått til, seier Furnes.

Økonomileiar Ingebrigt S. Sørfonn deler denne oppfatninga.
– ImF budsjetterer ikkje med testamentariske gåver. Difor vil me prøva å unngå at slike gåver vert ein del av den ordinære drifta og heller bruka dei til føremål me elles ikkje ville hatt råd til.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.