Svært takknemleg Hallaråker

– Men eg hadde ein lang kamp før eg svara ja til å ta imot medaljen.

– Eg er  frista til å sei som Carl Fredrik Wisløff sa då han fikk sin heder: det er to ting eg ber om tilgjeving for nå. Eg ber først på vegne av alle dåke som har sagt noko overdrevet. Og så ber eg for tilgjeving for meg sjølv som trur på dåke, sa Hallaråker då han heldt sin takketale mot slutten av den fem timar lange festen.
– Eg har fått lov til å delta med andre i mange vanskelege og viktige avgjerder. Då må eg også være ærleg og sei at denne gongen opplevde eg det meir enn dåke forstår, at eg synest det var vanskelege å ta imot denne medaljen.

I følgje Hallaråker har han brukt lang tid til å grunna på om det var rett å ta imot.
– For det er jo så mange andre som burde fått denne som ikkje var på rett plass til rett tid slik eg nå fekk oppleve. Difor måtte eg både få lov til å gle meg, for det har eg gjort og det gjer eg, og samtidig kjent på denne indre spenninga – kvifor skulle eg bli dette til del, spurde han seg sjølv. Men etter rundar med indre spørsmål landa han til slutt på eit ja.

– I takksemd til at Kongen stod ved det han hadde gjort så valde eg å ta imot. Så veit eg at eg har veldig mange å dela medaljen med, sa han og peika då særleg på kona Anne Marie og familien.

Vidare poengterte Hallaråker at medaljen gav han frimot og fornya inspirasjon til framleis å stå på for viktige saksfelt.
– Tru meg. Eg kjempar med fokus på meg for min eigen del. Derimot er eg glad for fokus på meg dersom det kan brukast til å lysa opp livsviktige tema, sa han og nemnde mellom anna menneskeverdet, Israel og bibeltillit.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.