Stadig dyrare å driva misjon

Det kosta 8,2 millionar meir å driva ImF i 2010 enn i 2004. I same periode auka gåveinntektene med 1,3 millionar

– Dette er ei kjempestor utfordring, seier Ingebrigt S. Sørfonn når han studerer tala. 14,3 millionar var dei totale driftskostnadane i 2004. I 2010 var dei stige til 22,5. Gåveinntektene vaks tilsvarande frå 4,2 til 5,5 millionar.

Dyr porto
Det er fyrst og fremst dei generelle driftskostnadane som har stige.
– Me har hatt ein nøktern drift alle desse åra, så dette er ikkje tal som skuldast ei stor vekst i verksemda vår, seier Sørfonn og peiker på fleire forhold.
– For eksempel porto, det slår kollosalt ut. Den auka som har vore her er formidabel, Posten er rett og slett dyr, seier Sørfonn.

– Dessutan lever me i eit IT-samfunn. Me er nøydd for å henga med her og væra på plass i ein digital og elektronisk verden. Det kostar å vera ein del av dette, seier han og peikar på den tredje faktoren: reise og opphaldsutgifter.
– Det er kort og godt dyrare å reisa enn det var før. Det merkar me som har ein viktig del av verksemda på reisefot.

Lønnsnivå
Ein siste faktor som drar tala opp, er lønn, men veksten her er heller lågare enn elles i samfunnet.
– Misjonslønene ligg framleis under normalt lønnsnivå i samfunnet. Me har heller ikkje hatt den store veksten i antall årsverk. Eg vil heller sei, me har vore svært tilbakehaldne med å oppretta nye stillingar, seier Sørfonn.

Økonomileiaren er glad for den veksten som har vore i gåveinngangen. Han er takksam for trufaste misjonsvener som støtter arbeidet. Men til tross for dette, gapet mellom utgifter og gåveinntekter vert stadig større.

Gåvevekst
Sørfonn ser tre konsekvensar av denne utviklinga.
– Gåveinntektene må aukast endå meir, også frå nye grupper gjevarar, seier han.
– Dessutan må me konstant vaka over kostnadane og gjere drifta så effektiv som råd er. Me treng å få mest mogleg ut av alle ressursane me har, seier han.

Den tredje moglegheita for å minka gapet, er lågare aktivitet.
– Men det ynskjer eg ikkje. Me opplever at oppgåvene står i kø på alle område. Fleire stadar er dørene opne både for evangeliet og diakonal verksemd. Å trappa ned når samfunnet skrik etter hjelp, vil vera som ein fallitterklæring, seier han.

– Ikkje staten
Økonomileiaren erkjenner at også leiinga i ImF har eit ansvar for gapet som har kome.

– Det kan godt hende me ikkje er flinke nok til å formidla både moglegheiter og behov. Me treng å bli betre på å koma ut med ein ærleg bodskap om korleis situasjonen faktisk er. Me må og verta flink-are til å til å fortelja kvifor me er her og kva oppdraget vårt er, seier Sørfonn.

– Så det er framleis bruk for ImF?
– Ja, så absolutt! I Noreg er me så vant til at samfunnet ordnar opp på dei fleste områder. Misjon er ikkje eit slikt område. Her må me ta ansvar sjølv. Dersom ImF og andre ikkje gjer denne jobben, vert den ikkje gjort.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.