Sambåndet

Lørdag 4. juli 2020
RSS

Generalen har takka av

 TAKK: Karl Johan Hallaråker vart takka for sine 13 år i førarsetet for Indremisjonsforbundet. Kona Anne Marie vart også takka, mellom anna av Magne Havaas (sjåast på storskjerm i bakgrunnen) for å ha opna heimen og å vera raus. (FOTO: EGILL J. DANIELSEN) Av Øystein Lid Karl Johan Hallaråker vart grundig takka for sine 13 […]

Skrevet av admin den 25. juli 2009.
  
TAKK: Karl Johan Hallaråker vart takka for sine 13 år i førarsetet for Indremisjonsforbundet. Kona Anne Marie vart også takka, mellom anna av Magne Havaas (sjåast på storskjerm i bakgrunnen) for å ha opna heimen og å vera raus.
(FOTO: EGILL J. DANIELSEN)

Av Øystein Lid

Karl Johan Hallaråker vart grundig takka for sine 13 år som ImF–general på laurdagsmøtet på GF09.
– Eg vil få takka deg for di evne til å inkludera andre menneske, meg sjølv inkludert. Og for din klare tanke som du formidlar til andre på ein måte slik at dei forstår, sa etterfølgjaren Erik Furnes. Han overrekte også ei ny klokke til Hallaråker «slik at han ikkje skulle ha noko orsaking for å koma for seint heim til kona». Forsamlingsleiar i Bethlehem, Gunnar Ferstad, overrekte eit kunstbilete med tittelen «Menneskefiskar», og sa at det var ein vel så god tittel på Hallaråker. Generalsekretæren heldt si siste tale som generalsekretær, og demonstrerte i praksis fleire av kvalitetane han vart tilskrive.

– Me eig ei tillit til Guds ord
– Det er vidunderleg stort for meg, at frelsesvissa ikkje er forankra i mi overtyding, eller i noko eg har bestemt. Men det står i 1. Johannesbrev 5,13: «Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på Guds Sons namn.» Dette er det Gud som har skrive i sitt levande ord. Det er stort å få høyra til i denne samanhengen, der me får eiga denne tillita til Guds ord, sa Karl Johan Hallaråker.

Etterpå sette møteleiar Aud Karin Kjølvik ord på det mange tenkte:
– Karl Johan eg har hatt den gleda å jobba nært saman med deg. Og eg har fått erfara det ordtaket du er kjent for å ha laga; «Ordet nær – Mennesket nær». Det har du vore for meg. Eg vil også seia ein ting til: det er interessant og lærerikt å høyra på deg når du skal få oss til å forstå korleis ting bør vera og henga saman. Men når du snakkar om Jesus, fortel om han, han som er grunnen til frelsevissa vår – då vert eg så takknemleg.

Takksame var også misjonsfolket, og det kom inn over 100.000 kroner i kollekt på møtet. Følg med i Sambåndet for fyldigare referat frå møtet og talen.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Når første veke av Lyngdal Bibelcamp er over, er det start for Bygland bibel- og naturcamp.

Korona-pandemien har tvunget kretsene i ImF til å utsette sine årsmøter. Bare Indremisjonssamskipnaden har gjennomført sitt utsendingsmøte som planlagt.

Prestesønnen Chris Duwe hadde en delvis ugrei oppvekst med rus og kriminalitet. Nå bruker buktaleren Youtube for å formidle kristen tro og trosforsvar til barn og unge.

I løpet av helgen er appen for påmelding til møter og måltider på Lyngdal Bibelcamp klar til bruk.

(Korona) I påvente av en nasjonal smittevernveileder for campingplasser har NHO Reiseliv laget en. Driftsleder Thomas Knutsen ved Lyngdal Bibelcamp har tatt den i bruk.

Copyright © Sambåndet 2020