TV: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund i Radio Sunnmøre er med i gruppa som skal sjå på mogleg satsing på TV-innhald. FOTO: PRIVAT

Skal greia ut om TV

ImF har sett ned ei ad hoc-gruppe som skal sjå på korleis ImF sentralt og kretsane eventuelt kan bidra med innhald til TV12 Bedehuskanalen.

– Gruppa skal leggja fram tankane sine på Misjonsrådet i juni, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF til Sambåndet.

20. april publiserte sambåndet.no ei lengre sak om den nye, kristne TV-kanalen. Dagleg leiar og ansvarleg redaktør Johnn Hardang fortalte om utviklinga frå innhaldsleverandør under namnet Evangelisten TV til det som no er tenkt som ein eigen TV-kanal med lineært programoppsett.

Gratis

Eigarselskapet heiter TV12 Norge Holding AS, og det er igjen eigd av forretningsmannen Sven Gunvaldsen fra Kristiansand, Arne Håtveit på Hermon Høyfjellssenter, Per Sævik samt Johnn Hardang sjølv og Evangelisten-redaktør Kurt Urhaug. Driftsselskapet bærer namnet TV12 Norge AS og er eigd 75 prosent av holdingsselskapet og 25 prosent av Bladet Evangelisten AS.

Kanalen legg opp til at kyrkjer, forsamlingar og organisasjonar «som er fortrolig med vårt verdigrunnlag», som det heiter i eit notat, skal få sendetid på kanalen utan vederlag. Det har alt vore direkte kontakt mellom TV12 Bedehuskanalen og Awana Norge, som er eigd av ImF.

– Det kan vera aktuelt for Awana Norge å bidra med innhald om barn, familie og samliv, seier Erik Furnes.

Positiv

Ifølgje generalsekretæren ligg det ei positiv innstilling bak det å setja ad hoc-gruppa i arbeid.

– Nokre tenkjer at denne kanalen er ein måte å nå misjonsfolket vårt på og skapa engasjement om indremisjonsarbeidet. Eigarane av denne kanalen står oss vesentleg nærare enn andre kanaltilbod, og me må ta folk sine medievanar på alvor, seier Furnes.

Signal

Likevel er engasjementet ulikt i kretsane, og Furnes reknar ikkje med at det vil koma eit konkret vedtak på Misjonsrådet. – Men det er ein sjanse til å koma med eit felles signal, seier han.

Generalsekretæren understrekar at det for ImF ikkje er snakk om å redusera innsatsen inn mot til dømes Awana.

– Ei satsing på TV-innhald frå vår side er avhengig av friske pengar, seier Erik Furnes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.