18. søndag etter pinse - Markus 2,18-22 Kåre Nyhamn Bysekretær Kristiansund Indremisjon
Illustrasjon: Frode Kalleland
Læresveinane til Johannes og farisearane heldt faste, og nokre kom og sa til han: Kvifor fastar både læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane, men læresveinane dine fastar ikkje? Jesus sa til dei: Bruresveinane kan vel ikkje fasta når brudgomen er mellom dei? Så lenge dei har brudgomen hjå seg, kan dei ikkje fasta. Men det skal koma dagar då brudgomen vert teken frå dei, og då skal dei fasta, på den dagen. Ingen syr ein lapp av ukrympa ty på eit gammalt klesplagg. For då riv den nye lappen med seg meir av det gamle, og rifta vert verre. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då vil vinen sprengja sekkene, vinen vert spilt og sekkene øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker.
Jesus fekk eit viktig spørsmål om skikk og bruk, samt tradisjon.Og Jesus hadde ingen ting imot det. Han fasta sjølv i 40 dagar og netter før han byrja på si verksemd og frelsargjerning for alle menneske. Men han ville ikkje ha det inn som ein tradisjon utan innhald og meining.
Då han oppmoda til faste, var det som ledd i ein åndeleg bønekamp for setja nokon fri frå Satan sitt velde. Men no når brudgommen og frelsaren er nær, er det ingen grunn til faste. Gleda må få rom. Tenk Gud har kome ned til menneska på den syndige jordkloden for å ordna opp.
Seinare då læresveinane og Jesu vener er åleine i striden, både kan og skal dei fasta og be. Kanskje vi her har forsømt oss, og difor hender det så lite gode og underfulle ting mellom oss? Likevel med Jesus, er det kome ei ny tid til oss. Og då kan vi ikkje lappa denne i saman med den gamle. Apostelen seier. «Det gamle er borte, og alt har vorte nytt».
Evangeliet er at alt er ordna opp mellom deg og Gud. Du kan berre ta imot gåva og frelsesdrakta frå Herren. Ved å erkjenna og bekjenna di synd for han og få den tilgjeven. For då kler Gud deg sjølv opp i frelsesklede, og sveiper rettferdskåpa kring deg. Du har fått bryllupskleda til Himmelen på deg og kan syngja: «Guds barn eg er, til kven skal eg seia mi glede».
Altså, også du må bli ny. Det er ikkje nok å retta litt på livet her og der. Då rivnar alt til slutt. Og Guds Heilage Ande si kraft vil sprengja grensene for det gamle mennesket. Altså, det er umogleg å vera litt kristen og litt verdsleg eller religiøs. Her har vi Jesu klåre ord til Nikodemus. Du må bli fødd på nytt. Altså, gå heilt konkurs på ditt eige og kasta det frå deg. Så kan du gripa den trua som du får som gåve. Og her må du koma slik som du er, og ikkje slik som du ynskjer å vera. For då kjem du aldri, men vil klyngja deg til det gamle.
Som dei gamle sa: Å, bli ein kristen er å koma til Jesus med sine synder, og så be han tilgje og ta seg av deg. Då blir du ein ny skap-ning i Jesus Kristus. Altså. Det vert ny vin i nye skinnsekker.