20. søndag etter pinse – Joh 9, 1-7 & 35b-38 Av Gunnstein Nes
Illustrasjon: Frode Kalleland
Tømmermann/Forkynner
Og da han gikk videre, så han en mann som var født blind. Hans disipler spurte ham: Rabbi, hvem har syndet, han eller hans foreldre, siden han ble født blind? Jesus svarte: Verken han eller hans foreldre har syndet. Men det er skjedd for at Guds gjerninger skulle åpenbares på ham. Jeg må gjøre hans gjerninger som har sendt meg, så lenge det er dag. Natten kommer da ingen kan arbeide. Mens jeg er i verden, er jeg verdens lys. Da han hadde sagt dette, spyttet han på jorden, laget en deig av spyttet og smurte deigen på øynene hans. Og han sa til ham: Gå og vask deg i dammen Siloa! – det betyr: utsendt. Han gikk da bort og vasket seg, og kom tilbake seende.
Jesus kan lækja all sjukdom og vanhelse. Bibelen er full av vintemål om det. Du skal og få leggja helsa di fram for Frelsaren. Salving og bøn for sjuke ut frå Jak 5, bør vi som kristne gjera oss kjende med.
Teksten forkynner sterkt at der ikkje treng vera samanheng mellom personleg synd, sjukdom og liding. At det kan vera det, er ei anna sak. Eit vilt og uforsiktig liv i synd, kan påføra eit menneske helsemesige problem. Men på direkte spørsmål om dette i tekst-en, svarar Jesus svært tydeleg. Dette bør vi merka oss! Lat oss frimodig søkja han som både har makt til å helbreda og til å bringa oss gjennom sjukdom og liding!
Det er ikkje berre det å vera blind lekamleg Joh 9 fokuserer på. Det ser vi i slutten av kapitlet. Jesus – ljoset for verda – vil gje åndeleg syn. «Trur du på Guds Son»? Det er det store spørsmålet i teksten.
Du ser kanskje Jesus som den Gud har sendt oss. Til hjelp for hver sykdom og lidelse svær, og det er vår visshet at Jesus vil høre og svare i rett tid på bønner vi ber.
Men har du sett Jesus som lider på korset, som soner for din skyld, som lindrer din nød, og har du sett Jesus som står opp av graven, gir håp om et nytt liv og seier over død?
Har du lagt merke til at Jesus brukte ulike framgangsmåtar då han lækte blinde? Du kan samanlikna teksten vår med Matt 9, 27-30 og Mark 8, 22-25. I eitt tilfelle får to synet samstundes. Elles er det ein og ein. Nokre måtte ropa på og følgja etter Meisteren. Ein vart ført av medmenneske til Jesus. Den blindfødde vart oppsøkt. Nokre får synet brått. Ein får det først slik at han berre skimtar menneske, så vert det tydeleg.
Kvifor brukar ikkje Jesus same oppskrifta alltid? Kanskje er det for å læra oss noko med tanke på korleis han gir åndeleg syn. Vi opplever det ulikt. Nokre kjem med i store vekkingar. Andre ein og ein i det stille. Nokre kjenner det rett å gå fram under innbydinga i slutten av eint møte og tek imot Jesus på den måten. Andre tek ei avgjerd åleine i stova eller i bilen, kanskje under dyna i seine nattetimar. Somme opplever ein hard, lang kamp før lyset renn. For andre går det lettere for seg. Nokre ser lyset i eitt no, andre opplever at det klarnar litt etter litt.
Det avgjerande spørsmålet er ikkje korleis eller kvar eller når eg fekk synet. Spømålet er: Ser eg i dag Jesus som min Frelsar?