4. søndag i advent - Joh. 1,19-27 Kåre Eikrem ImF-pensjonist
Illustrasjon: Frode Kalleland
Dette er vitnemålet til Johannes, då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: Kven er du? Då sanna han og nekta ikkje, han vedgjekk: Eg er ikkje Messias. Og dei spurde han: Kven er du då? Er du Elias? Og han seier: Det er eg ikkje. Er du profeten? Og han svara: Nei. Då sa dei til han: Kven er du? – så vi kan gje eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv? Han sa: Eg er ei røyst av ein som ropar i øydemarka: Jamna vegen åt Herren, som profeten Jesaja har sagt. Dei som var utsende, var farisearar. Og dei spurde han og sa til han: Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias, og heller ikkje Elias eller profeten? Johannes svara dei: Eg døyper med vatn, men midt mellom dykk står han de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima for.
Døyparen Johannes Johannes var fødd ca eit halvår før Jesus. Dei var òg i slekt ser vi i Bibelen. Jesus seier i Matt. 11, 11 – «at Johannes er den største fødd av kvinner. Men den minste i himmelriket er større enn han.» Då han vart vaksen, levde han i ørkenen og maten var grashopper og villhonning. Han var Guds utsending i overgangen frå den gamle og til den nye tida i Guds tidskalender. I teksta v. 23 seier han det slik: «Eg er ei røyst av ein som ropar i øydemarka. Jamna vegen åt Herren, som profeten Jesaja (kap. 40) har sagt.»
Vekking og leiting Johannes forkynte radikalt til både leg og lærd, om livet, frukta, synda og straffa. «Øksa ligg ved foten av stamma», seier han ein stad. Vend om! Og folket kom til han i hope-tal i ørkenen ved Jordanelva. Dei vart vekt opp og leita etter frelse og fred med Gud. I teksta ser vi òg at dei religiøse kom med sine spørsmål: Kven er du? Er du Messias, Elias eller – kven er du?
Svaret Johannes sitt vitnemål var klart: «– Då sanna han og nekta ikkje, han vedgjekk: Eg er ikkje Messias» v. 20. – det er han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima for v. 27. Og i et par vers etter teksta vår, v. 29 vitnar Johannas klårt i det han ser Jesus koma: «Sjå der Guds lam, som ber verdens synd!»
Jesus var òg oppteken av folket sitt vitnemål om Han. I Matt. 16, 13-16 spør Jesus læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Johannes, Elias, Jeremia, eller ein annan profet, fekk han til svar. Men Jesus var ikkje nøgd med berre svaret frå folket, Han vender seg direkte til sine læresveinar:
«Men de, kven seier de at eg er?» Då svarar Peter, slik Johannes døyparen òg svara om enn med eit anna ordval: «Du er Messias, den levande Guds son.»
Gudgjevne svar frå dei begge! Kva er våre svar når nokon spør? Det er i grunnen vekking når nokon spør etter Messias, Jesus Frelsaren! Gjennom det sanne Guds ord som vert forkynt, kan den Heilage Ande vekkja i dag som før. Kva er ditt svar og vitnemål når spørsmålet kjem?
«Hvem som helst kan bli frelst Som til Gud seg vender. Dette bud Herren Gud Ut i verden sender.
Halt og blind byr han inn, Syndere og fromme. Hvem som vil lytte til, Får til bryllup komme.
Se på ham, det Guds Lam, Han vil gi oss livet! Arme barn, syndens garn Vil han sønderrive.» Sb. 172