Av tidlegare forsamlingsleiar i Sogndal Indremisjonsforsamling
Illustrasjon: Frode Kalleland
Dette er vitnemålet til Johannes, då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: Kven er du? … Han sa: Eg er ei røyst av ein som ropar i øydemarka: Jamna vegen åt Herren, som profeten Jesaja har sagt … Johannes svara dei: Eg døyper med vatn, men midt mellom dykk står han de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima for.
Kven seier du at du er og kven seier du at Jesus er? Veit du kva ditt oppdrag er og kva Guds plan er for deg? Veit du kva din status er i forhold til Jesus?
Han levde i øydemarka, var avhaldsmann gjekk med klede av kamelhår og levde av grashopper og villhonning. Sjølv tatt i betraktning den tidas levestandar, var han nok rekna som noko sær, og ein smule eksentrisk. Igjen så verkar Guds veg til oss menneskjer noko snål. Om han skulle velja seg ut nokon for å rydda vegen for Herren, kvifor valde ikkje Gud seg ein «politikar», ein med status og innflyting? Kvifor måtte han rydde vegen for sonen sin med ein slik snål einstøing? Grunntona i evangeliet skin igjennom allereie her, for dette er så typisk Gud det! Gjetarane på marka var jo og dei fyrste som fekk høyra. «Det som går for å vera dårskap i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skamme.» (1. Kor 1,27a) Johannes levde i Guds plan. Gjer du det?
Tyngdepunktet i denne teksta ligg for meg i kva Johannes seier om seg sjølv i forhold til Jesus. Han er ikkje, tross sitt fromme liv, verdig til å løyse skoreima til Jesus (eller var det sandalreima?) Å ta av skorne til folk var ikkje noko ærefullt oppdrag. Det var ei simpel oppgåve som ikkje alle tenarar ville ta på seg eingong. Det var ein skitten og nedverdigane jobb. Eller sagt på ein annan måte: ein dritjobb! Likevel seier Johannes at han ikkje er verdig til å gjere dette. Det seier han som fekk den Heilage Ande i mors mage før han vart født! Kva kan eg stilla opp med når eg kjem til Jesus? Om Johannes ikkje var verdig til noko, så er eg verdig til endå mindre enn ingenting, og det kan ikkje vera mykje... «Kva er vel eit menneske, sidan du kjennest ved det, eit menneskebarn, sidan du aktar på det.» (Salme 144,3).
Jesus rosar og Johannes: «Sanneleg eg seier dykk, mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes...»(Matt 11,11a)
Det er då ufatteleg og uforståeleg det Jesus seier vidare om oss som har teke imot han og skifta borgarskap til eit anna rike. «...Men den minste i himmelriket er større enn han.» (Matt 11,11b) Kan vi fatte kva gåve som vart skjenka oss denne jula? Midt mellom oss står ein som vi kjenner, og som ufattelig nok vil kjennast ved meg. Han gjev dei som vil opphaldsløyve og statsborgarskap i sitt eige rike. Håper du søkjer om både opphaldsløyve og statsborgarskap.