3. søndag etter påske - Joh 14,1-11 Arne Lindekleiv Forbundsstyremedlem
Illustrasjon: Frode Kalleland
Lat ikkje hjarto dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, då hadde eg sagt dykk det. For eg går bort for å gjera i stand ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og har gjort i stand ein stad åt dykk, kjem eg att og skal ta dykk med meg, så de òg skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen. Tomas seier til han: Herre, vi veit ikkje kvar du går av, korleis kan vi då vita vegen? Jesus seier til han: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg. Hadde de kjent meg, så hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han. Filip seier til han: Herre, vis oss Faderen, så er det nok for oss! Jesus seier til han: Så lang ei tid har eg vore hjå dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen.
Det var tid for avskjed, disiplane var prega av uvisse og frykt. Dei skulle oppleve at alt omkring dei skule rase saman, han dei hadde set si lit til, skulle bli teken ifrå dei! Dei trengde så inderleg trøyst og oppmuntrng. Dei trengde hjelp til å løfte blikket opp frå seg sjølve og si uvisse. Dei trengde å bli minna om dei sanningar som held når alt anna sviktar.
Jesus såg kva dei trengde, og han kunne gje langt meir enn kva dei kunne skjøne og be om. Det var ord til trøyst og nytt mot, ord som viste dei vegen til Guds evige rike. Ein bustad som skulle gjerast istand for dei. Jesus hjalp dei å løfte blikket opp og fram mot Himmelen!
I Guds fullkomne himmel er det rom for mange, ingen blir avvist på grunn av plassmangel. Jesus skulle forlate dei ei stund, slik at han kunne gjere i stand ein plass til dei. Og han betalte ein høg pris!
Men sjølv om disiplane hadde hatt eit nært og inderleg fellesskap med Jesus, dei hadde lytta til orda hans, opplevd undera, så var det likevel så vanskeleg å sjå og skjøne – og dei undrast! Og her set Tomas ord på si undring: «Herre vi veit ikkje kvar du går, korleis kan vi då vita vegen?»
Tomas og disiplane har ikkje vore åleine med å undrast! Ned gjennom historia har folk på ulik vis, bore fram spørsmålet om vegen til Guds himmel, og kvar ein kan finne den. Vi lever og i ei tid der mange er opptatt av vegvalg og meining med livet.
Og i eit fleirkulturelt samfunn som hjå oss i dag spør menneska om ikkje alle religionar er like bra. Er dei ikkje berre ulike vegar eller alternativ til å finne fram til Gud? Og andre spør om ikkje berre handlar om erkjenning eller kunnskap om gode verdiar? Kan Gud som er kjærleg stengje nokon ute til slutt?
Jesu seier: «Eg er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.» Ein veg som inneheld soning og forsoning. Det er denne vegen vi treng å gå!
Å lær meg den vegen å gå. Ja trengja meg fram med makt. Og der inmed krossen sjå. Den Golgata kjærleiks pakt. Kor sælt det er at den pakta held. Frå tida sin morgon til livsens kveld.