Av Kåre Eikrem, prosjektleder i Finnmark Indremisjon
Etter dette drog mange av læresveinane seg unna og gjekk ikkje lenger ikring med han. Jesus sa då til dei tolv: Vil de òg gå bort? Simon Peter svara han: Herre, kven skal vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.
Når eg møter dette bibelavsnittet minnest eg rike vekkingstider med store samlinger og mange som bøyde seg og tek imot og ville tru på Jesus. Men når desse rike vekkingstidene var forbi kom ofte situasjonen slik Mathias Orheim teiknar den i songen sin: Når vekkinga stilna, og folket det fòr, Og få er her att som vil høyra Guds ord, Når sysken kan sovna, og verda ho ler, Kor kan eg åleine stå vakande her? Sb 481
Då er det prøva står om Herren har fått knytta tru og hjerte til Guds ord!
Som bakgrunn for tekstordet vårt, har Jesus halde ein sterk og radikal tale om å ete hans kjøt og drikke hans blod for å eige liv i han. Mange tykte talen var hard og vende seg bort i frå Jesus. Flokken som var med han minka sterkt, men Jesus gjekk ikkje på akkord med sanninga. Tvert om var det avgjerande for han at dei som ville vere saman med han fekk bøye seg for Ordet til ei levande atterfødd tru på han. Les òg Paulus sitt vitnemål om dette i 1. Kor 2,1-5.
Jesus vende seg til dei tolv (vers 67): Vil de òg gå bort? Då fekk han eit svar frå Simon Peter som viser ei levande tru skapt av Gud: Herre, kven skal vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage (vers 68-69).
Tekstordet er brennaktuelt òg i vår tid. Mange seier at dei trur på Gud og gjev gjerne uttrykk for sin religiøsitet. Mange let seg òg kalle til leiarar, lærarar og forkynnarar i Guds rike, men ser ikkje ut til å ha vanskar med å fornekte deler av Guds eige ord. Tvert om, med frimod tek dei fram sin bodskap i kjærleikens namn. Kva seier Jesus i ein slik samanheng? ”Om nokon elskar meg, då held han ordet mitt …” og: ”Den som ikkje elskar meg, held ikkje orda mine ...” (Joh 14, 23-24). Dette er vegen bort i frå Jesus!
Det kan vere lett å ha sterke meiningar om dei andre, og slik ofte kritisere i staden for å be. Men nauda og alvoret driv oss til Jesus. Og han vender seg òg til deg og meg i dag med det same spørsmålet som den gongen: Vil de òg går bort? Kan vi svare som Simon Peter?
Lat oss få gjere David si bøn til vår (Salme 51, 11-15): Gud, skap i meg eit reint hjarta, og nya oppatt ei stø ånd inni meg!
”Kva tykkjer du om Jesus Krist? Det må du, syndar vita visst, Så du kan Herren svara. For finn du ikkje svaret før, Når han ein dag som domar spør, Då vil du ille fara.” Sb 205