Sælt er det folk som har Herren til Gud, det folk han har valt til sin eigedom! Frå himmelen skodar Herren ned og ser kvart menneske. Frå sin tronstol held han auga med alle som bu r på jorda, – han som har laga kvar manns hjarta, og merkjer seg alt det dei gjer. Stor makt gjev ingen konge siger, stor styrke bergar ingen mann i krig. Hesten er ein svikefull hjelpar, han bergar ingen med all si kraft. Men Herrens auga kviler på dei som ottast han og ventar på hans miskunn, så han kan fria dei frå døden og berga dei gjennom hungersnaud. Vi ventar med lengsle på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold. Vårt hjarta gleder seg i han; for vi set vår lit til hans heilage namn. Lat di miskunn vera over oss, Herre! Det er deg vi ventar på.
Du kjenner nok den muntre historia om presten som hang opp skilt ute i eplehagen: «Gud ser deg!». Guten på epleslang tilfødde følgjande ord: «men han sladrar ikkje!»
At Herrens auga held oss under oppsyn er både ein redselsfull og frigjerande tanke. Vi korkje kan eller treng gøyme oss for Herren. Han kjenner våre tankar, ord og gjerningar. Ja, til og med det vi unnlèt å gjere, veit han om. Tenkjer du på dette alvoret i kvardagen? Eg må berre erkjenne at det er sterkt å verte stansa for dette bibelordet. Det er underleg kor lite gudsfrykt vi syner trass alle Bibelens formaningar om å frykte og vente på Herren. Lever vi i Herrens lys med våre liv slik at Jesu, hans sons blod, reinsar oss frå all synd? (1. Joh 1,9)
Oppfinninga av hjulet var ein revolusjon. Vi finn stadig opp nye arbeidsverktøy med «hestekrefter» nok til å utføre nær kva som helst. Vi kjenner oss uovervinnelege, kan hende lik menneska i Babel då dei tok fatt på å bygga Babels tårn. Korleis formidle bodskapen om at «hesten er ikkje å stole på til frelse» for dagens menneske? Ord om frelse, synd og dom får stadig mindre merksemd. Positive omgrep som toleranse, mangfald og likeverd, vert misbrukt til å unnskylde synd og umoral. Respekten for ein allmektig og heilag Gud er snart borte! Langt inn i benkeradane på bedehusa finn vi haldningar og handlingar som ikkje samsvarar med Guds Ord sine formaningar. Sambuarskap og gjengifte er døme på to vanskelege saker.
Det heilage appellerer. Omgrepet nåde er allment nytta. Frelse, synd og dom er ikkje på moten. Utfordringa i formidlinga av trua er at dei fleste ønskjer å fylle det guddommelege med eigne tankar og idear. Menneskeleg tankesett og verdslege lovar vert sett over Bibelens autoritet. Har vi gløymt at Guds auga ser til kvart menneske? På mange måtar er vår samtid å likne med guten på epleslang
Gud skal ein dag halde dom. Den dagen vil alle dei som ottast og ventar på Herren få oppleve utfriing, glede, takkesong og evig liv. Her betyr menneskeleg kløkt og hestekrefter ingenting. Løysingsord finn vi mange av i Guds ord, og eit av dei er svært tydeleg: «Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds son, har ikkje livet.» (1. Joh 5,12)