Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går eg ikkje bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, då skal eg senda han til dykk. og når han kjem, skal han overtyda verda om synd og om rettferd og om dom: Om synd, fordi dei ikkje trur på meg. Om rettferd, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger. Om dom, fordi hovdingen over denne verda er dømd. Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av seg sjølv, men det han høyrer, skal han tala, og forkynna for dykk det som skal koma. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna det for dykk.
Tida nærma seg då Jesus skulle gå bort frå denne verda og frå sine nære og kjære. Bortgangen hans var til gagn for læresveinane, sa han. Etterpå skulle han senda ein annan talsmann til dei. Bibelen talar altså om to talsmenn. I 1. Joh 2,1 står det slik: «Om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige.» Hebrearbrevet seier at «han no openberrar seg for Guds åsyn for vår skuld.» Heb 9,24
Talsmannen, Jesus Kristus, talar vår sak hjå Gud. Han er ved Guds høgre hand og går i forbøn for oss. Den andre talsmannen, Den Heilage Ande, er hjå oss og talar Guds sak, Guds ord til oss.
Denne talsmannen blir av Jesus også kalla Sanningsanden. Han talar ikkje sitt eige, han talar ikkje av seg sjølv eller for seg sjølv. Talsmannen ynskjer ikkje å vera i sentrum. Det viktigaste for han er å setja Jesus i sentrum, å gjera han stor, ja – han skal herleggjera Jesus, seier teksten vår.
Når talsmannen får tala, vert Guds ord både levande og livgjevande. Guds ord vert i Efesarbrevet kalla Andens sverd. Ordet er den reiskapen Anden brukar for å gjera si gjerning både i oss og for oss.
Mange gonger opplever ein som les Bibelen eller høyrer forkynning, at ordet vert nytt og verkar til fornying. Det er Sanningsanden som opnar skrifta for den som tek til seg ordet, slik at han ser sanninga både om seg sjølv og om Jesus, og begge deler er viktige og nyttige.
Å sjå sanninga om seg sjølv kan slett ikkje alltid opplevast lyst og lett. Då er det godt å få ta i mot den sanninga som Sanningsanden openberrar om Jesus som det Guds lam som ber verdsens synd. Då er det godt å få sjå kva og kven eg er i Han: At i Jesus er eg gjort rein. At i Jesus er eg gjort til eit Guds barn berre av nåde.
Anden viser oss at Jesus er stor, og at det han leid og fullførte til vår frelse, er stort, og stort nok for den største synden. Han viser oss at «der synda vart stor, vart nåden endå større.» Rom 5,20b
Der Den Heilage Ande slepp til og viser oss Frelsaren, vert det ekte Kristus-glede og sant Kristus-vitnesbyrd. Der spring lovsongen fram, og der må tunga tala og livet vitna om det auga har sett, om det øyra har høyrt, og om det som fyller hjarta. (Teksten ble også trykket i Sambåndet nr. 17-97)