8. søndag etter pinse - Matt 10, 28-31 Av Johannes Kleppa
Illustrasjon: Frode Kalleland
Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan øyda både sjel og lekam i helvete! Vert ikkje to sporvar selde for ein skilling? Men utan Far dykkar fell ikkje ein av dei til jorda. Jamvel håra de har på hovudet, er talde alle saman. Ver difor ikkje redde; de er meir verde enn mange sporvar.
Det er eit stort spenn i dagens korte tekst. Vi møter motpolane ottast og frykt ikkje. Spenninga er knytt til ein og same person – Gud. Det er Gud i himmelen vi vert oppmoda til å frykta, og det er på grunn av den same Gud at vi ikkje treng vera redde. Dette kan synast som ei motsetning, men er det ikkje. Derimot er det eit sterkt uttrykk for at Gud til sjuande og sist har alt i si hand, og at alle menneske står inn for han med sitt liv og si æve.
Vi veit at ikkje noko menneske har makt til å kasta nokon i fortapinga. Derimot tenkjer ein lett at det er djevelen som kastar folk i helvete, og at han gjer det med glede. Men denne makt har ikkje djevelen, og den gleda er ikkje hans. Makta til å kasta i fortapinga er hjå Gud, og han gjer alt som står i han makt for å sleppa å kasta sin ypperste skapning, mennesket, dit. Difor sende han sin einborne Son til verda for å sona mennesket si synd og ta på seg Guds vreides straff, som helvete er. Gud kastar nødig og djupast sett mot sin vilje i fortapinga, men han har makt til det og til sist lyt han gjera det.
I sin tale om endetida viser Jesus den flokken han hadde plassert på si venstre side, til den evige elden «som er etla åt djevelen og englane hans». Helvete er i utgangspunktet altså ikkje tenkt for menneske. Når Johannes Openberring skildrar den dramatiske avslutninga av dette tidsforløpet, seiest det at djevelen, Antikrist og den falske profeten vart kasta i eldsjøen, som er den andre døden eller helvete. Deretter vart døden og dødsriket kasta dit. Med det var alt som stod Gud imot, alt som høyrde til synda og djevelen kasta i fortapinga – slik det var tenkt frå Guds side. Men så heiter det også: «Og dersom nokon ikkje fanst skriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.» Det er dette siste teksten vår seier vi skal frykta.
At djevelen med alt sitt og alt som er knytt til synda, vert kasta i fortapinga, er ein gledeleg bodskap. Dette legg grunnlaget for at det skaparverket som kom under forbanning ved syndefallet, kan gå under slik at det stig fram ein ny himmel og ei ny jord der rettferd bur – og der Guds folk for evig får vera saman med den evige og heilage Gud.
Den som slik fryktar Gud som har makt til å kasta i fortapinga, og søkjer frelse i Jesus Kristus, kan vera trygg i alle livets forhold – og i møte med døden og æva. Då har ein Gud som Far, han som har makt over alt og som har omsorg for alt og alle. Den som ottast Gud og søkjer Jesus, treng ikkje vera redd. Til denne lyder det: Frykt ikkje!
Gud har talet på – og omsorg for! – kvart hår vi har på hovud-et. Kvar ein skapning – endatil den vesle sporven – er inneslutta i Guds makt og omsorg. Sporv-en døyr nok, men ikkje utanom Guds makt og kontroll – «men utan Far dykkar fell ikkje ein av dei til jorda». Det er berre menneske, Guds barn, som har Gud til Far, men som vår Far har Gud omtanke for alt – også sporvane. Difor: «Ver ikkje redde; de er meir verde enn mange sporvar.»