Men på den fyrste dagen i veka kom Maria Magdalena tidleg til grava, medan det endå var mørkt. Ho såg då at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus elska, og sa til dei: Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han. Peter og den andre læresveinen gjekk då av stad og kom til grava. (...) Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna Skrifta, at han skulle stå opp frå dei døde.
«Eg har sett det med mine eigne augo,» seier vi for å slå fast kor sikre vi er i ei sak.
Å kunna sjå, ha augo som ser, er ei god gåve frå Gud. Mangt og mykje kan sleppast inn gjennom augo. Det er godt når det som er viktig, vakkert og verdfullt, kjem inn og får rom i hjarto. Bibelen talar om å «gje dykkar hjarto opplyste augo». Då ser vi ikkje berre med dei ytre augo, men det indre i oss tek i mot bodskapen frå Gud.
Maria Magdalena kom til Jesu grav grytidleg påskemorgonen og såg noko uventa og viktig; steinen var teken bort frå grava. Kanskje gnidde ho augo og lurte på om ho såg rett. Då ho hadde sett dette, sprang ho av stad og fortalde til to læresveinar at Jesus ikkje var i grava, og ho visste ikkje kvar han var. Maria var snar til å dela denne forunderlege oppstodebodskapen med dei andre.
Læresveinane sprang til grava, den eine etter den andre. Dei óg såg noko, dei såg linkleda og sveitteduken som låg der, men Jesus var borte. Dei såg med eigne augo at grava var tom. Ein av læresveinane, han som Jesus elska, kom først til grava, og han såg og trudde. Kanskje læresveinane etter kvart begynte å forstå det Jesus hadde tala om at han skulle stå opp att tredje dagen. Han såg og trudde. Sjå og tru! No gjeld det oss. Det er viktig og verdfullt at vi i Guds ord ser Jesus og trur på «han som vart gjeven for våre brot og oppreist til vår rettferdiggjering». Gjeven for våre brot då han døydde på krossen, oppreist til vår rettferdiggjering då grava var tom.
Til vår rettferdiggjering! «Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.» 2. Kor 5,21 Sjå dette og tru! Ved trua lever vi som frelste menneske. Vi lever som dei vi er; rettferdige og fullkomne i Kristus. I trua på Jesus er vi opp- reiste og nye menneske allereie her. Vi både lever og døyr som rettferdiggjorde menneske. Vi ser og trur at som Jesus stod opp, skal vi stå opp. Vi skal heim og sjå Jesus med eigne augo, og vera med han i all æve i herlegdom hjå Gud. «Ja, engang mine øyne skal se kongen i hans prakt!» Sb 874 Simeon såg Jesus og sa: «...for augo mine har sett di frelse, som du har gjort i stand for alle folks åsyn, » Luk 2,30-31
Du som med eigne opplyste hjarteaugo ser denne frelsa og trur, kan feira ei vidunderleg, vakker og velsigna påskehøgtid i Jesu namn!