Frå den tid tok Jesus til å gjera det klårt for læresveinane sine at han laut fara til Jerusalem, og at han skulle tola mykje vondt av dei eldste og øvsteprestane og dei skriftlærde, at han skulle verta slegen i hel, og at han skulle stå opp att tredje dagen. Då tok Peter han til side og gav seg til å irettesetja han og sa: «Gud fri deg, Herre! Dette må aldri henda deg!» Men han snudde seg og sa til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du er meg ein støytestein, for du har ikkje sans for det som høyrer Gud til, men berre for det som høyrer menneske til.»
«Frå den tid» er etter at Peter her ved Cæsarea Filippi hadde bekjent at Jesus var Guds levande Son, Guds Messias. Nå begynnar Jesus å førebu læresveinane på Golgata. Det er første gong han talar klart om si liding, iallefall så dei begynnar å fatta, og gjere det klart at han må tola mykje av folkets religiøse leiarar. Istadenfor å hylla og æra han, kjem dei til å pina, ja drepa Livets Fyrste.
Dei vart sorgfulle, men forstod lite, Luk 9,45. Likevel er her håp: Der skal skje ei oppstode etter liding og død! Lidinga som Guds Son nå skal gå inn i, er etter Guds evige råd. Vi må løysast frå vår gjeld, vår synd og vår skam. Dette var Guds einaste mulighet for å setja oss fri og vinna oss for seg sjølv. Då måtte han døy. Han er Guds lam som skal bæra all verdas synd, Joh 1,29. «O byrde som på deg var kast, all verdens skam og last. Så sank du i vår jammer ned, så dypt som ingen vet». Altså ei stedfortredande sonofferliding. Dette var den einaste farbare veg den evige Gud fann. Har du funne nokon annan?
«Dette må aldri henda deg!», var Peters første reaksjon. Men Jesus kjente stemma frå freistaren. Det var den gamle svake og syndige menneskenatur som her talte, ikkje den guddommelig inspirerte som hadde bekjent Jesus som Guds son. Det Peter faktisk ber om er sin eigen evige fordømming! Difor trur eg vi kan bruka orda frå det Heilage fjellet: «Han visste ikkje kva han sa» ,Luk 9,33. Han forstod ennå ikkje Jesu Kristi oppgave på jord. Det er det mange, mange som heller ikkje gjer i dag.
Den desperate motstandar har nå teke også Jesu næraste venner og medarbeiderar i bruk, for å hindra Jesus Kristus å nå Golgata og fullføra eit trygt frelsesgrunnlag. Motstandaren, Satan, vil det motsette av det Gud vil. Han vil bringa Kristus på avvegar og til fall.
Satan ville hindra Jesus Kristus å frelsa deg, og han vil hindra deg i å bli frelst! Jesus stod, trass motstand og fristing. Du kan også bli ståande om du klynger deg til han, i freisting, i liding, eller etter nederlag,- for han er den sterkaste. Her står kampen for oss, ikkje ved å kjempa i eiga kraft, men overlata oss til han.
For Peter vart dette starten til nederlag og fall. Hans sjølvtillit var sterk, han skulle ikkje svikta, men han sovna i kampen i hagen. Sidan følgte han «langt etter» og søkte selskap med Jesu fiendar for å verma seg ved deira eld. Han forsømte å bekjenna, nekta for å vera ilag med Jesus, ja banna på det. Men Jesus ba for Peter og forkasta han ikkje. Eit blikk frå Jesus førte han til omvendingsgråt. Treng du å få gråta ut, saman med Peter, der inne ved Jesu bryst? Det er ein vidunderlig frelsar vi har, som har ein slik langmodighet med oss! Vi begynnar nå på fasten, la oss stille følga med Jesus Kristus til Jerusalem og og erkjenna: Dette var for meg!