Etter sabbaten, då det ljosna mot den fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Og sjå, det vart eit stort jordskjelv. For ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram og rulla steinen til side og sette seg på han. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Dei som heldt vakt, skalv av redsle for han, og dei vart liggjande som døde. Men engelen tok til orde og sa til kvinnene: Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her, han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skunda dykk no av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde. Og sjå, han går i førevegen for dykk til Galilea; der skal de sjå han. Sjå, eg har sagt dykk det! Dei skunda seg då bort frå grava i otte og stor glede. Dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.
Første påskedag 2007 var eg til gudsteneste i gravhagen ved Gordons Golgata i Jerusalem. Denne gilde opplevinga var eg ikkje åleine om. Det var fleire gudstenester der den dagen, og folk kom frå ulike kantar av kloden for å vera med på desse. Det var ei stor glede å sitja i hagen og sjå den opne, tomme grava og høyra: «Han er ikkje her, han er oppstaden.» Vi såg staden der Jesus hadde lege, men han låg der ikkje no.
Då Jesus vart fødd, kom Herrens engel til hyrdingane med ein god bodskap: «Ver ikkje redde – i dag er det fødd dykk ein frelsar.» Då Jesus var i grava, kom det igjen ein engel frå himmelen. Han rulla gravsteinen til side og sette seg på han. «Ver ikkje redde,» var også hans himmelbodskap. I begge tilfelle møtte folket spesielle og uventa opplevingar. Slike kan skapa uro og redsle. Men sidan det var Jesus det gjaldt begge gongene, skulle ikkje redsla, men gleda få overtaket då dei møtte den gode bodskapen. Livet var grunnen til gleda. Glede over at Jesus-barnet, frelsaren, hadde fått livet, og glede over at den krossfeste og gravlagde Kristus var oppstaden og hadde fått livet igjen. «Ver ikkje redde,» er ein bodskap vi alle treng i ei verd der det er mykje uro og ufred, der vi ofte kjenner «kalde redslevindar» som bles frå ulike kantar.
Jesus er oppstaden og han lever! Krossen minner oss om han som vart gjeven for våre brot. Den opne grava talar om han som vart oppreist til vår rett-ferdiggjering. Jesus, den oppstadne, hadde sigra. Døden hadde ikkje makt til å halda på han. «Jesus vann, og eg har vunne.» Hans siger er vår siger. Som han stod opp og lever, skal vi stå opp og leva.
Kvinnene som kom for å sjå til grava, vart bedne om å bera oppstodebodskapen vidare. Dei skunda seg, dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. Framleis hastar det med å bera gledebodskapen om at Jesus lever, ut til folket. Mange har ikkje høyrt det før, og dei må få vita det no. Andre har høyrt det ofte, men skulle det ha blitt «gamalt nytt», må dei få høyra det igjen til fornying og oppmuntring i trua og tenesta.
På fjellet i Galilea skulle læresveinane få sjå Jesus. Dei gjekk dit, fall ned og tilbad han. Men somme tvila. Uansett korleis dei hadde det, fekk dei lytta til bodskapen som vi kallar misjonsbodet. Det var ikkje deira tru eller tvil det kom an på, men Jesu kall, hans allmakt og hans lovnad om å vera med dei alle dagar. Orda av Jesus og om Jesus er gode grunnar til påskeglede – heile året.