Sambåndet

Torsdag 22. april 2021
RSS
BLOMSTRAR: Ole Christian Kvarme, Jan Gossner, Hans Petter Foss og Eyvind Skeie la ned blomstrar på Hans Nielsen Hauges grav på vegner av Hauge 21- komiteen i samband med Hauges 250-årsdag. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Feira Hans Nielsen Hauges fødselsdag

Hans Nielsen Hauges 250-årsdag vart påskeaftan mellom anna markert ved grava hans på Gamle Aker kyrkjegard i Oslo.

Skrevet av Petter Olsen den 5. april 2021.

FORNYA KUNNSKAP: Biskop i Oslo, Kari Veiteberg, vil bruka jubileumsåret til å læra endå meir om Hans Nielsen Hauge. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Den 3. april var det 250 år sidan predikanten og samfunnsbyggjaren Hans Nielsen Hauge vart fødd. Dette vart markert fleire stader i landet, mellom anna ved Hauges grav på kyrkjegarden ved Gamle Aker Kyrkje i Oslo.

Hans Petter Foss var til stades saman med Jan Gossner, Eyvind Skeie og Ole Christian Kvarme, for å legga ned blomstrar på vegner av Hauge 21- komiteen.

– Eg oppdaga Hauge seint, men etter kvart har eg skjønt meir og meir av kva han har betydd. I dag føler eg at eg er ein moderne haugianar og prøver å gå i Jesu fotspor akkurat slik Hauge gjorde, seier Foss, som driv den kristne bokhandelen Bok & Media og mellom anna har skrive boka «Haugianeren».

Tidlegare biskop i Borg og Oslo, Ole Christian Kvarme, trur det finst få kristna leiarar i Noreg som ikkje står i gjeld til Hans Nielsen Hauge.

– Når eg tenker på Hauge og Hauge-rørsla, tenker eg på bønn. Ei form for Kristus-mystikk som sprenger og opnar opp fornufta. Det byrjar i hjartet, i tanke og i bønn. Er det noko Hauge-rørsla har vist meg, er det den grensesprengande krafta bønn i Jesu namn og Den Heilage Ande har, ikkje berre i livet mitt, men også reint samfunnsmessig, seier han.

– Må finna kjernen

Salmedikter Eyvind Skeie er opptatt av Hauge sin inderlege hengiving til Kristus.

– Utfordringa ved eit jubileum er at vi ikkje må gjera som det postmoderne mennesket gjer og velja ut noko frå Hauges mangfaldige liv som gleder oss. Vi må finna kva som var kjernen i livsverket hans, og for meg er det denne velvillige forpliktinga som knyter eit samband mellom mennesket og Kristus, seier han.

Skeie gir kristenfolket ei utfordring i feiringa av Hauge: – For å følgja Hauge må ein spørja kva kjernen til trua er. Det meiner eg er denne hengivinga til Kristus, seier Skeie.

GRAV: Hans Nielsen Hauge er gravlagt ved Gamle Aker Kyrkje i Oslo. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Pensjonert frikyrkjepastor og tidlegare rektor ved Høyskolen i Staffeldts gate, Jan Gossner, framhevar mellom anna Hauges tyding for misjonen.

– Hauges virke er mykje større enn berre ein bedehustradisjon med predikantar. Det er kanskje mest synleg på misjonsmarka. Mange med haugiansk inspirasjon reiste ut i den store misjonsvekkinga i Noreg frå 1850 og utover, seier Gossner.

Han er òg opptatt av at ein i jubileet må ta vare på kjernen i Hauges liv.

– No vil ein hala å dra i sin del av Hauge, og det er mykje bra der, men det er Jesus og åndsopplevinga som er kjernen.

Takker Hauge

Også biskop i Oslo, Kari Veiteberg, var ved Hauges grav laurdag formiddag.

– Hans Nielsen Hauge kom inn og fornya kyrkja innanfrå. Han gav kvinner plass, og som den første kvinna som er biskop i Oslo, vil eg takka han for det. Han knytte liv og virke saman. Eg skal bruka dette året til å fornya kunnskapen min om Hauge, seier Veiteberg.

Ho las «Balladen om Hans Nielsen Hauge» ved grava og la ned ein bukett påskeliljer.

– Jubileet gir oss eit høve til å reflektera. Kva sider ved Hans Nielsen Hauge er det vi vil trekka fram og bli inspirerte av i dag? Frimodigheten rørsla fekk, og måten Hauge gjekk rundt her i byen og myndiggjorde folk, det er sterkt, seier Veiteberg som også trekker fram litteraturarbeidet til Hauge.

– Noko av det eg har fått vita meir om den siste tida, er «lesarane». Den enorme produksjonen av bøker og at vekkinga òg førte til at kvar og ein, både menn, kvinner og barn, byrja å lesa. Det er spennande, seier ho. KPK

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Christian Lilleheim blir fra 1. august i ny bibellærer på Bildøy Bibelskole. Han kommer fra stillingen som hovedpastor i Salem misjonskirke NLM Bergen.

Eierne av TV12 Bedehuskanalen har et ønske om å være en internasjonal misjonsaktør. Det er hovedgrunnen til at de tok sjumilssteget fra å være en innholdsleverandør til en egen TV-kanal.

For Bergen Kristne Bokhandel har salget økt det siste året på tross av korona, men eksterne inntekter fra deltakelse på arrangementer har uteblitt.

Røde Kors stilte opp da elever fra KVS Bygland ble transportert hjem tirsdag ettermiddag.

Frå 23. mai opnar Israel opp for gruppeturar med vaksinerte utlendingar. – Eit veldig godt signal, seier dagleg leiar i Plussreiser som likevel ikkje planlegg turar denne sommaren.

Copyright © Sambåndet 2021