MÅ TA DEBATTEN: Sjølv om tilstanden for trusfridom er betydeleg verre andre stader i verda, som her i Nord-Irak, meiner Stefanusalliansens generalsekretær Ed Brown at det er viktig å diskutera trusfridom òg i Noreg, særleg med tanke på kva signal det sender til andre land. FOTO: Stefanusalliansen

Må snakke om trusfridom – òg i Norge

Slik verda fungerer i dag, meiner Stefanusalliansen det òg er viktig å diskutera kåret til trusfridommen i Noreg, korleis politikarar ordlegg seg og kva signal vi sender.

Då vinmonopola i Oslo fekk opna medan kyrkjene framleis måtte vera stengt, var det mange som reagerte på dette. Mellom dei var menneskerettsorganisasjonen Stefanusalliansen som vanlegvis er mest opptatt av å kjempa for trusfridom i land vi ikkje liker å bli samanlikna med når det gjeld menneskerettar.

I ein aviskronikk spør redaktør i Stefanusalliansen, Johannes Morken, om norske styresmakter – politiske og faglege – har hatt sterkt nok medvit om trusfridomen midt i smittevernet.

– Kan vi, når vi sterkt kritiserer andre land, samstundes seia at hos oss er alt vel, spør han.

Morken meiner det er på høg tid å spørja om inngrepa i troslivet har vore innanfor det som etter internasjonale konvensjonar er lovleg.

– Styresmakter har rett til å avgrensa utøving av trusfridomen for å sikra offentleg tryggleik, orden og helse eller fridomen for og rettane til andre menneske. Men tiltaka skal vera baserte i lov, dei skal vera nødvendige, og dei skal – ikkje minst – vera proporsjonale. Dei skal altså ikkje vera meir inngripande enn høgst nødvendig, skriv han.

Behov for å snakka om trusfridom

Til Kristelig Pressekontor fortel generalsekretær i Stefanusalliansen, Ed Brown, at det kan vera utfordrande å snakka om trusfridom i Norge når folk i andre delar av verda blir kidnappa, tvangskonverterte eller drepne for trua si.

– Det er ein av grunnane til at vi ikkje engasjerer oss så mykje her. Det er vanskeleg å ta opp ei sak som ikkje handlar om liv og død, når vi til dømes veit at kristne jenter i Pakistan blir bortførte, tvangsgifta og tvangskonverterast til islam, seier han, men legg til:

– Vi i Stefanusalliansen er kalla til å jobba for dei der ute. Derfor er det viktigaste for oss å sjå på dei tinga i politiske program her som kan ha negativ effekt der ute og som sender feil signal. Det er behov for å snakka om trusfridom i alle land, og Norge er ikkje noko unntak.

Brown medgir at det òg kan vera ei vanskeleg øving å vega smittevernhensyn opp mot retten til trusfridom og religionsutøving.

– I eit smittevernperspektiv er det veldig bra at ein stat kan overvaka og finna ut kor folk har vore for å minska spreiingsfaren, men det kan òg gå ut over individuelle fridommar som ytringsfridom, forsamlingsfridom og assosieringsrett. Alt dette kan påverka trusfridommen, seier han.

Nødvendig med høg tillit

Generalsekretæren peikar på at eit høgt tillitsnivå er avgjerande for å kunna bruka innskrenkande tiltak i smittevernet, men at tillitskulturen vi har i Norge, kan svekkast dersom tiltaka ikkje bli opplevd som rettferdige.

– Det er ein viktig debatt å ta. Er det riktig at eit idretts- eller kulturarrangement har hatt ei høgare grense for kor mange som kan delta enn det religiøse arrangementet har hatt? Det kan finnast gode grunnar, men dei må forklarast. Det ser ikkje bra ut når det opplevast som om religiøse grupper blir diskriminerte i forhold til andre grupper.

Brown seier det ikkje er sjølvsagt å ha eit så høgt tillitsnivå mellom folk og staten som vi har i Norge.

– Det betyr at ein har større moglegheiter for gode, opne debattar, og ein stoler på at innskrenkande tiltak ikkje blir varande over ein lengre periode. Det er ikkje tilfellet mange andre stader i verda. Eg stoler ikkje på at Kina eller Iran, når dei set i gang overvakande tiltak, vil fjerne dei når pandemien er over.

Kritiserer politisk kontrolliver

LEGITIMERER: Stefanusalliansens redaktør Johannes Morken meiner iveren til norske parti etter å kontrollera livssynssamfunn i verste fall kan legitimera maktbruken i andre land. FOTO: Stefanusalliansen

Morken kritiserer i kronikken sin òg det han kallar ein urovekkjande kontrolliver retta mot norske trussamfunn og religiøse minoritetar frå fleire norske politiske parti.

– Det kan i verste fall også legitimera andre lands langt sterkare vilje til bruk av makt, skriv han

Også Stefanus-generalen reagerer på måten enkelte politiske parti i Norge ordlegg seg når det gjeld kontroll av trussamfunn. Han meiner trusfridom i Norge òg må sjåast i lys av situasjonen i andre land.

– Dersom vi hadde lese i eit partiprogram frå Kina at staten vil ha meir kontroll med troslivet, trur eg mange vilja tenka at dette ikkje er bra. Når vi får same ordlyd i ein norsk kontekst, sjølv om vi har mykje tillit, er det grunn til å stilla spørsmål, seier Brown til KPK.

Han trekker fram eit døme om å vilja greia ut og forby utanlandsk finansiering av trussamfunn.

– Dette veit vi har vorte brukt aktivt i Russland og India, og vi ser den negative effekten der folk blir stempla som landsforrædarar dersom ein får utanlandsk støtte. Eg forstår at ein ikkje vil legga til rette for terrorverksemd, som òg kan skje innanfor religiøse samfunn, men eg trur det finst andre måtar å hindra dette på enn å forby utanlandsk finansiering av trussamfunn tvers over, seier Brown og legg til:

– Dette står i kontrast til utviklinga i ein transnasjonal verd der alt, inkludert det religiøse livet, opererer på tvers av landegrenser. Kva om kristne i Norge ikkje kunne senda pengar til sine trossøsken i andre land? Eg trur dei fleste ville tenkt at det ikkje var greitt. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.