Sambåndet

Mandag 18. januar 2021
RSS
VIL LESA ALT: Nettverk for evangelisk-luthersk kyrkjesamarbeid meiner Den norske kyrkja hoppar bukk over ubehagelege bibeltekstar i tekstrekkene sine for kyrkjeåret. No har dei laga ein eigen revidert versjon av desse. ILLUSTRASJONSFOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Meiner Kyrkja unngår ubehagelege bibeltekstar

– Kyrkjegjengarane treng ikkje å vernast mot støytande bibelord, seier Nettverk for evangelisk-luthersk kyrkjesamarbeid, som har revidert tekstrekkene for kyrkjeåret.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 3. desember 2020.

TOLER DET: Thor Henrik With, som leiar arbeidde i Nettverk for evangelisk-luthersk kyrkjesamarbeid (NELK) dette året, meiner kyrkjegjengarane toler og treng å bli konfrontert av bibelord som kan verka støytande. FOTO: Boe Johannes Hermansen/Nelk

Nettverk for evangelisk-luthersk kyrkjesamarbeid (Nelk) har lansert det dei kallar «ein revisjon, ingen revolusjon», av tekstrekkene som vart vedtatt av kyrkjemøtet i 2011. Dette er den mest brukte lista for skriftlesing på søndagsgudstenester i Den norske kyrkja og blir òg brukt av ein del andre kyrkjesamfunn.

– Kyrkjegjengarane treng ikkje å vernast mot støytande bibelord. Vi både toler og treng å bli konfrontert, seier Thor Henrik With, biskop i Det evangelisk-lutherske stift. Han leiar arbeidet i Nelk dette året.

– Dei siste hundre år har ein vorte meir og meir forsiktig med kva ein les. Det trår fram som ein forteiingstradisjon, seier With i ei pressemelding.

– Hoppar bukk

Koordinator for Nelk, Boe Johannes Hermansen, utdjupar overfor Kristelig Pressekontor at dei i utgangspunktet synest det er mykje bra i tekstrekkene frå Den norske kyrkja (DNK). Dei valde derfor ein revisjon framfor eit meir radikalt grep.

– Samtidig er det dessverre enkelte tekstar som ikkje blir sett på som stovereine nok til å preikast over, og ein hoppar bukk over enkelte temaområde, seier Hermansen, som til dagleg er prest i Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunnet (Delk).

Nettverket meiner at lesetekstene frå 2011 manglar bibelavsnitt som eksplisitt omhandlar ekteskap og skilsmisse, ordningar for livet i familie og husstand, den ulike tenesta til menn og kvinner i forsamlinga og likekjønna samliv. Dei legg òg til fleire tekstar som omhandlar dei to utgangane av livet.

– Nokon vil kanskje hevda at enkelte tema eignar seg betre til samtalegrupper enn som einvegskommunikasjon frå ein talarstol?

– Poenget vårt er at heile Bibelen må kunna lesast. Ein kan ikkje berre ta bort enkelte temaområde, men må løfta dei fram òg gjennom tekstlesing og preike og gjerne utdjupa dette i bibel- og samtalegrupper, seier Hermansen.

Blir lese i sin heilskap

Nettverket meiner at slik tekstrekkene verkar i dag, stoppar høgtlesing frå Bibelen i kyrkja enkelte gonger før det blir for ubehageleg å høyra på.

– Når ein går i kyrkja, skal bibeltekstar som konfronterer og provoserer ein moderne tankegang, òg komma tydeleg til orde, meiner nettverket.

Dei tilrår to typar endringar.

– Mest iaugefallande er bibelutdrag som blir avslutta før dei uttaler seg for umoderne, såkalla «Stopp-i-tide»-lesingar. Slike bibeltekstar skal lesast i sin heilskap. Andre stader har vi lagt til heilt nye skriftstader, seier Hermansen.

Forslaget frå nettverket er tenkt brukt i gudstenester og møter i kyrkjesamfunn, kristelege organisasjonar og frittståande forsamlingar. Dei reviderte tekstrekkene ligg tilgjengeleg for alle som ønsker å bruka dei.

– Vil formidla Guds nåde og kjærleik

NÅDE OG KJÆRLEIK: Avdelingsdirektør i avdeling for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland, meiner utveljinga av bibeltekstar er gjort for å formidla Guds nåde og kjærleik til den store breidda av menneske i folkekyrkja. FOTO: Heidi Olsen/Kyrkjerådet

Avdelingsdirektør i avdeling for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland, kjenner seg ikkje igjen i at Den norske kyrkjas tekstlesing er snever.

– Vi har ei enorm breidde med tre ulike tekstrekker med tekstar både frå evangelia, breva og Det gamle testamentet. Historisk sett, inntil 1886, hadde kyrkja berre éi tekstrekke, og det vart berre lese frå det gamle testamentet ein gong i året, fortel han.

Han påpeikar at dei i Den norske kyrkja les Bibelen for 4 millionar menneske kvart år.

– Vi vil invitera alle til tru og peika på Jesus Kristus. Vi ønsker sjølvsagt å formidla Guds nåde og kjærleik. Då må vi velja ut kva tekstar vi skal framheva i møte med folkekyrkja, seier Kielland.

Han meiner alle vil oppleva at dei sjølv kjem til kort i møte med Guds kjærleik.

– Då får vi det lyset på vårt eige liv som også gjer at vi ser våre eigne mørke flekker, men vi byrjar jo ikkje der. Det er ikkje det som inviterer til ein relasjon.

Mykje likt

Kielland meiner at alle tema i Bibelen kan eigna seg frå talarstolen.

– Prinsipielt sett kan ein sjølvsagt forkynna over alle tekstar i Bibelen Det handlar om vektlegging. Når vi må velja ut kva ein stor del av Noregs befolkning skal møtast med i løpet av eit kyrkjeår, ønsker vi å vera evangeliske og forkynna den gode bodskapen, seier avdelingsdirektøren.

Han meiner det er heilt ukontroversielt at ulike kyrkjesamfunn vel ulike tekstrekker.

– Kyrkjemøtet vedtar tekstrekker for Den norske kyrkja. Leiinga i eit kvart anna kyrkjesamfunn få vurdera kva tekstar dei skal lesa. Eg ser at det er mykje som er likt i lista til Nelk og tekstrekkene våre og synest det er godt økumenisk å fokusera på det vi har felles. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Etter 36 år som ansatt på Nordhordland Folkehøgskole går Jan Inge Wiig Andersen av med pensjon til høsten.

Søndag 17. januar er det mange digitale møter å velge blant fra indremisjonsfamilien. Her får du en kretsvis oversikt.

Hovedtrekk i Åpne Dørers årlige tilstandsrapport viser at covid-19 utnyttes av ekstremister, legitimerer økt statlig overvåkning og forsterker forfulgte kristnes sårbarhet.

Sverre Dag og Randi Ljønes bor 5 km fra rasområdet i Gjerdrum og har vært med å jobbe for at Gjerdrum barnehage mandag kunne flytte midlertidig inn i Misjonshuset.

(Korona) Over natten måtte Bildøy Bibelskole og ImF-eide videregående skoler omstille seg til rødt smittevernnivå.

Copyright © Sambåndet 2021