Sambåndet

Tirsdag 26. januar 2021
RSS
BYGGJER: På Kleppe på Jæren er dei i gong med å ta ned noko av det gamle bedehuset slik at arbeidet med å reise den nye forsamlingssalen kan kome i gang for alvor. Foto: Oddvar Brennhovd.

– Forsamlingsbygging er ein vekstfaktor

Forskar Olaf Aagedal er ikkje overraska over det det omfattange byggjearbeidet som skjer i bedehusland, og han ser det som del av ein langvarig trend.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 13. november 2020.

NYTT: På Evje vert det investert 23 millionar kroner i det nye Tryggheim bedehus som blir på 1300 kvadratmeter fordelt på tre etasjar. Foto: Marius Hatlem.

Fakta

Bedehus

  • Ein trur at det finst kring 3000 bedehus i Norge.
  • Dei fleste av dei er eigd og vert drivne av kristne organisasjonar som gjerne høyrer til i den lågkyrkjelege delen av det lutherske kyrkjelandskapet.
  • Bedehusa vart vanlege frå midten av 1800-talet, ikkje minst i mange bygdesamfunn, og dei finst over heile Norge, sjølv om talet på dei nok er høgare i det såkalla Bibelbeltet på Sør- og Vestlandet.

Hovudkjelde: Wikipedia.

Dei siste tiåra er mange små kvitmåla bedehus lagt ned i Norge, men i bygder som Evje i Setesdalen, Kleppe på Jæren, Veavågen og Sæveland på Karmøy og Kvinesdal vest på Agder både byggjer og tenkjer dei stort. På kvar av desse stadene vert det investert godt over 20 millionar kroner i heilt nye bedehus, slik Sambåndet har meldt i bladet for oktober og på nett.

Ikkje overraska

Forskar Olaf Aagedal i Kifo (Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning) har fylgd utviklinga i bedehusland lenge og ser det som no skjer, som ein del av ein langvarig trend.

– Så desse satsingane er ikkje overraskande for deg?

– Nei, eg kan ikkje seie det er overraskande. Vi har lenge sett ein kombinasjon av at små bedehus anten vert stengde og seld eller at dei står der, men har låg aktivitet, samstundes som det vert bygd større bedehus meir sentralt rundt om i kommunane. Dette skjer særleg på Sør- og Vestlandet, seier Aagedal til Kristelig Pressekontor.

Les òg: Arbeidet lagt ned på 70 bedehus.

Han stadfestar at nysatsinga i år og i 2021 fell inn i dette mønsteret.

– Det som forsterkar dette, er at tilhøvet mellom Indremisjonsforbundet og Den norske kyrkja er meir anspent enn før. Vi ser ei utvikling i retning av eigne indremisjonsforsamlingar med eit totaltilbod med mellom anna dåp og konfirmasjon. Dette er ein vekstfaktor, meiner han.

23 millionar

SPENNING: – Utbygginga av nye bedehus vert forsterka av at tilhøvet mellom Indremisjonsforbundet og Den norske kyrkja er meir anspent enn før, seier forskar Olaf Aagedal. Foto: KIFO.

Som Sambåndet har meldt (lenka øverst), vert det til dømes investert 23 millionar kroner i det nye Tryggheim bedehus på Evje. Leiar for økonomikomiteen, Terje Greibesland, sier til KPK at det som skjer på Evje, er utslag av at det vert tenkt nytt i bedehus-Norge, og at dette fører til omstrukturering gjennom satsing på større forsamlingslokale. Dette er heilt i tråd med Kifo-forskar Olaf Aagedal si forståing.

– Når små bedehus vert lagde ned, er det ikkje uttrykk for at rørsla klappar saman, men at strukturen vert endra, seier Aagedal.

Forskaren kallar dei nye store bygningane aktivitetsbedehus.

– Dei er bygde for fleire aktivitetar enn dei tradisjonelle små bedehusa, med grupperom for barn og ungdom som det ikkje var så mykje av før. No vert bedehusa lagt meir til rette for ymse alders- og interessegrupper, og det krev større hus, seier Aagedal som også legg vekt på betydninga av den store gjevar- og dugnadsviljen rundt slike prosjekt. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Over 500 påmeldte til den digitale Awana-dagen lørdag sikret en solid publikumsrekord – og over halvparten av deltakerne var nye.

Nå detaljplanlegges det for hvordan det nye Raknestunet skal se ut. Kretsleder Ole-Jørgen Storsæter i Nordhordland Indremisjon ser frem til å få et bra og tjenlig leirsted.

Både ImF og Tro & Medier har nå takket nei til å være med på Vårt Lands planer om en egen fjernsynskanal. Tro & Medier vil i stedet samarbeide med en svensk TV-kanal.

Folk satsar på at sommaren blir normal nok til at det blir bibelcamping i Lyngdal i år også.

(Korona) ImF åpner nå for normal aktivitet i barne- og ungdomslag der deltakerne er yngre enn 20 år. Der et er også mulig med små husgrupper.

Copyright © Sambåndet 2021