FØRER TIL OMVENDING: Generalsekretær i Gideon, Steina A. Hopland, fortel at dei stadig får meldingar frå folk som har hatt gode opplevingar, fått eit anna syn på viktige spørsmål i livet eller vorte omvendt takka vera Gideons biblar. FOTO: Gideon

Slottet ville ikkje ta imot 90-årsjubilant Gideon

OPPDATERT Medan kong Haakon personleg tok imot den først produserte bibel frå Gideon i Norge, hadde kronprinsparet ikkje høve til å ta imot Gideon for å få overrekt Bibelen som vart produsert til 90-årsjubileet i år.

I nesten 90 år har forretningsmenn, leiarar og andre fagfolk i Gideon sørgd for at Bibelen eller Det nye testamentet er tilgjengeleg på hotell og pensjonat i Norge. I dag deler dei i tillegg ut Guds ord på skular, asylmottak, oljeplattformer, helseinstitusjonar, i fengsel og til Forsvaret.

– Vi får mange brev og vitnesbyrd frå folk som har funne eller fått boka og som den har betydd mykje for. I kvart nummer av Gideonbladet har vi gleda av å skriva om slike situasjonar. Desse skjer direkte, eller etter at dei på nytt seinare tar fram boka, etter at dei lenge har hatt den ståande utan å lese ho. Mange har komme til tru gjennom desse bøkene, seier generalsekretær i Gideon i Norge, Steinar A. Hopland til Kristelig Pressekontor.

Færre vil ha

Men sjølv om Gideon får slike positive tilbakemeldingar frå lesarar, merkar dei at det er færre stader som ønsker dei velkommen til å plassera ut Guds ord, enn før.

– Nokre hotellkjeder vil ikkje ta imot biblar. Dei vil heller ha FNs menneskerettar, kosthaldstips eller treningstips på romma sine. Derfor vender vi oss no oftare direkte til enkelthotell enn til kjedene, fortel Hopland.

Òg på skulane har dei merka nedgang i kvar dei kjem til, særleg i dei største byane. Hopland trur mykje av grunnen til den dalande interessa på hotell og skular, handlar om den generelle sekulariseringa i samfunnet.

– Vi kjempar mot avkristninga av Norge, seier han.

Historia

FORRETNINGSMENN: Både i Norge og internasjonalt vart Gideon stifta av og for forretningsmenn og leiarar. Sidan har òg andre fagmenn fått innpass. Bildet viser dei internasjonale grunnleggarane av Gideon. FOTO: Gideon

Handelsreisendes og forretningsmenns kristelege foreining (HKF) vart stifta i Oslo i 1930 og gjekk inn for bibelspreiing på hotell i 1934.

– På denne tida var det mange handelsreisande som drog med handelsvarer i bilar, og ikkje minst i båtar, langs norskekysten. Mange av dei møttest på hotell og vart kjent med andre som delte trua deira. Slik fekk foreininga si start, fortel Hopland.

Fekk nei frå slottet

Hopland fortel at foreininga i Norge var godt organisert, og at dei framleis har protokollar og liknande av aktiviteten heilt tilbake til starten. Organisasjonen hadde òg ein god venn i kongehuset.

– Då den første bibelen vart trykt, med namnet til HKF på omslaget, fekk kong Haakon eit eksemplar av han. Kongen hadde god kontakt med foreininga heile livet sitt og sende lykkeønskingar til kvart årsmøte, fortel Hopland.

Han seier at dei òg har prøvd å gi kongefamilien i dag eit eksemplar kvar av bibelen som vart trykt opp i samband med 90-årsjubileet, men fekk beskjed frå slottet at dei ikkje hadde høve til å ta imot Bibelen.

Når sambåndet.no kontaktar slottet med spørsmål om kvifor kongefamilien ikkje har høve til å ta imot Bibelen frå Gideon, svarer slottet i ein e-post at «Gideon er velkommen til å sende Bibler til Kongefamiliens medlemmer slik det fremkommer i svar fra Det kongelige hoff.»

– Vi seier nei til å sende biblar i posten. Det ønskjer vi ikkje ut frå den historiske bakgrunnen for dette. Vi overleverte den først produserte Gideon-bibel til Kong Haakon for 90 år sidan. Vi ønskte å overlevere den første jubileumsbibel til kronprinsen og kronprinsessa og snakke nokre minuttar om vårt arbeid. Det fekk vi ikkje høve til å gjere, utdjupar Hopland overfor sambåndet.no.

På spørsmål til slottet om kvifor Gideon fekk nei til personlig oppmøte, får sambåndet.no til svar at det på generelt grunnlag aldri gis noen grunngjeving for utfallet av ein føgrunnrespurnad om audiens med Kongefamiliens medlemmer.

Internasjonal

Den norske Gideon-leiaren meiner den norske foreininga vart oppretta utan noka tilknyting til den amerikanske foreininga «The Gideons», som HKF først stifta kontakt me d etter krigen.

– Den norske foreininga vart assosiert medlem av The Gideons International i 1951 og samarbeida mykje med Sverige og Finland, fortel Hopland.

På 70-talet endra strukturane seg i Gideon, og i 1978 vart Norsk Gideon – HKF eit nasjonalt forbund i The Gideons International.

Den stille misjonæren

Gideon har samarbeida med både Bibelselskapet, Hermon forlag og Norsk Bibel opp gjennom åra og har brukt alle tre omsetjingane.

– Vi er pragmatiske i spørsmålet om omsetjingar og er ikkje djupt inne i akademia eller enkeltdisputtar mellom omsetjarar, seier generalsekretæren.

I Gideon er dei opptatt av at det å finna eller ta imot ein bibel eller eit nytestamente skal opplevast som noko positivt og ikkje noko som blir tvinga på ein.

– Vi har òg aksjonar der vi møter opp utanfor universitet og høgskular og deler ut testament til dei studentane som vil ha dei. Det er eit viktig prinsipp for oss at dette er ei gåve. Vi forkynner ikkje på desse aksjonane, men spør berre om dei ønsker å ta imot eit eksemplar, seier Hopland som har stor tru på at bibeltekstane åleine òg kan nå folk.

– Vi kallar boka «Den stille misjonær». KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.