NØDVENDIG: Sokneprest Sunniva Gylver meiner kampen for rettferd ikkje er noko som berre kan overlatast til dei spesielt interesserte. FOTO: Gjermund Øystese

Meiner vaksne kan bli for aksepterande

– Kampen for rettferd er ein heilt nødvendig del av det kristne livet, meiner Sunniva Gylver.

Rettferdskonferansen ønskjer å bli ei rørsle som inspirerer kristne til samfunnsengasjement. – Kampen for rettferd er ein heilt nødvendig del av det kristne livet, seier Sunniva Gylver.

– Sjølv om vi som barn reagerer sterkt på urettferda, kan vi som vaksne stå i fare for å tilpassa oss og leva litt for godt med urettferda og lidinga i verda, seier sokneprest Sunniva Gylver, som opna årets Rettferdskonferanse med eit innlegg om bibelsk rettferd.

– Vi har eit drivande utgangspunkt i trua vår på ein rettferdig Gud som byr oss å elska nesten vår som oss sjølv, gjera mot andre slik vi vil andre skal gjera mot oss, og stå opp mot urett. Det forpliktar.

Soknepresten meiner trosbaserte organisasjonar er i ein unik posisjon for å kjempa mot urettferd.

– Denne kampen er ikkje noko vi kan setja ut til dei særleg interesserte blant oss. Det er ikkje noko vi som kyrkjer eller trosfellesskap kan velja bort. Kampen for rettferd er ein heilt nødvendig del av det kristne livet.

Vil bli ei rørsle

Det er ikkje berre covid19-pandemien som gjer årets Rettferdskonferanse annleis enn før. Det som dei siste to åra har vore ein heildagskonferanse, er i år delt opp i ein digital minikonferanse tysdag 13. oktober og dessutan podcast-lansering og fire webinar dei følgjande fem tysdagane.

– Vi jobbar for å gå frå eit dagsarrangement til meir å bli ei rørsle som skaper innhald jamt og trutt og inspirerer folk til handling heile tida. Podcasten og webinarene vil ligga tilgjengeleg på nett òg i ettertid, forklarer Andreas Løland i Misjonsalliansen som er leiar for sekretariatet til Rettferdskonferansen.

– Målet vårt er å inspirera samfunnsengasjerte kristne til handling på vegner av medmenneska sine der dei er, både i Noreg og resten av verda. Den kristne forankringa er viktig for oss. Vi ønskjer å vera tydelege på kva det er som inspirerer oss. Samtidig vil vi vera i allianse med andre som deler målet til rørsla.

På jorda som i himmelen

Tema for årets konferanse, podcast og webinarer er «På jorda som i himmelen», inspirert av strofa frå Herrens bønn (Fadervår).

– Kva betyr «på jorda som i himmelen» i praksis for oss i kvardagen som kristne? Vi spør kva det gjer med forholdet vårt til Gud, til det skapte, til kvarandre og i høve til sømeleg arbeid, seier Løland.

Rettferdskonferansen vil framover ha ein fysisk konferanse annan kvart år medan Rettferdskonferansens sekretariat òg vil jobba med å skapa innhald i mellomtida med podcaster, seminar og webinarer. Årets konferanse vart gjennomført som ei direktesending live på YouTube frå Fellesskapshuset på Abildsø i Oslo med ni innlegg på rundt ti minutt kvar. Klipp frå desse innlegga vil publiserast i podcasten etter kvart.

Utviklingsminister for ein dag

UNG UTVIKLINGSMINISTER: Arina Amir (15) var utviklingsminister for ein dag og talte særleg om rettane til jenter under Rettferdskonferansen tysdag. Konferansen vart streama live frå Fellesskapshuset i Oslo. FOTO: Gjermund Øystese

Under bolken kalla «forholdet vårt til sømeleg arbeid» skulle eigentleg utviklingsminister Dag-Inge Ulstein frå KrF snakka om kampen mot moderne slaveri, men han vart forhindra frå å komma på grunn av korona-karantene.

I staden stilte statssekretær Aksel Jakobsen opp og hadde med seg 15 år gamle Arina Amir som på grunn av FNs internasjonale jentedag var utpeika som utviklingsminister for ein dag.

– Det hjelper ikkje med utdanning viss du blir halden nede av moderne slaveri eller blir gifta bort. Vi må vera ein pådrivar i kampen for å sikra jenter den tryggleiken og moglegheita til å leva eit fritt liv som dei har krav på. Vi må bli stemma til dei som ikkje har ei, seier den unge utviklingsministeren.

Heime og ute

Lemma Desta, som er rådgivar for migrasjon og fleirkulturelt arbeid i Noregs Kristne Råd, minte tilhøyrarar på at mykje av det vi tar for gitt i Noreg, ikkje er ein realitet mange andre stader i verda.

– Verda spør etter nok mat å eta, ein trygg stad å bu, gjerne betre helsehjelp, moglegheit til å skaffa seg ei utdanning og ressursar til å skaffa seg eiga inntekt. Kampen om rettferd er ein kamp om maktfordeling, for ressursfordeling og kunnskapsfordeling, slik at alle kan leva eit godt liv.

Han legg til at vi òg har ein jobb å gjera her heime og viser til alle historiene om diskriminering på bakgrunn av hudfarge og kulturell eller religiøs tilhøyrsle som kom fram i protestane tidlegare i år.

– Kampen mot rasisme, framandfrykt, islamfrykt og jødehat er ein del av dagens rettferdskamp. Vi har ein stor jobb å gjera, seier Desta.

– Kampen for rettferd handlar om å både synga i takksemd for det gode vi har fått, men òg dela det vi har, med ei verd i naud og stå i solidaritet med ei verd som roper etter rettferd. Dette blir forventa av oss som trur på ein allmektig og barmhjertig Far som ikkje gjer forskjell på folk men viser miskunn og omsorg. Gud inviterer oss til omvending, til ein ny start og til deltaking i kampen fram mot ei betre og rettferdig framtid, avsluttar Lemma Desta. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.