Sambåndet

Fredag 25. september 2020
RSS
IMOT GUD: På en tur til Ohio nylig hevdet Donald Trump at Joe Biden følger den radikale venstre agendaen og vil såre Gud. FOTO: Gage Skidmore/Flickr

Trump hevdar Biden vil «såra Gud»

Den amerikanske presidenten Donald Trump påstår at motkandidaten i presidentvalet i haust, Joe Biden, er «imot Gud og imot våpen».

Skrevet av Kristelig Pressekontor den 10. august 2020.

Donald Trump har tatt sikte på å svekka Joe Bidens religiøse legitimitet ved å seia at demokratane sin presidentkandidat vil «såra Gud» viss han blir vald til president i år, skriv nettstaden Christian Today.

Torsdag sa Biden-kampanjens talsperson Andrew Bates dette i ei fråsegn: «Joe Bidens tru går til kjernen i kven han er; han har levd den med verdigheit heile livet, og den har vore ei kjelde til styrke og trøst i tider med ekstrem motgang.»

Katolske Biden har ofte snakka om rolla hans tru hadde i sorgprosessen då han mista den første kona si og ei dotter i ei bilulykke i 1972.

«Imot Gud og våpen»

Men i presidentvalkampens heite er Trump opptatt av å bli sett på som rett mann for USAs kristne.

Under ein tur til Ohio avviste Trump Bidens tru og sa at den demokratiske utfordraren er «imot Gud» og «imot våpen».

– Han følgjer den radikale venstre-agendaen, sa Trump og utdjupa kva han meinte:

– Ta bort våpena dine, øydelegga det andre grunnlovstillegget (retten til å bera våpen, red.anm.). Ingen religion, ikkje noko som helst, såra Bibelen, såra Gud.

Nasjonens skjebne

Trumps visepresident Mike Pence har òg satsa på den republikanske basen med kampanjearrangementa sine kalla «Faith in America».

– Spørsmålet er ikkje om landet vårt vil vera republikansk eller demokratisk, blått eller raudt, men om Amerika framleis vil vera Amerika, seier han til CBN News.

Visepresidenten antyda at skjebnen til nasjonen står på spel ved valet i november då han nyleg åtvara om at demokratane og Joe Biden har vorte «overtatt» av radikale venstreorienterte.

– Han (Biden, red.anm.) ber om ein historisk auke i løyvinga til Planned Parenthood of America (ein organisasjon som arbeider med til dømes prevensjon og abort). Han vil utnemna aktivistdommarar til domstolane våre, som bokstaveleg talt vil tråkka på framgangen vi har gjort med tanke på livets og religiøse rettar, seier Pence. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Komponist Else Olsen S. blander eksperimentell samtidsmusikk og bedehusmusikk for å gi publikum fragmenter av minner, smaker og fremtidshåp

Lars Dale (58) fra Fredrikstad er ansatt som administrasjonsleder i Awana Norge.

Etter et tiår med frivillig kontingent og tilhørende inntektssvikt, har ImF-styret nå bestemt at Sambåndet skal bli et ordinært abonnementsprodukt.

Dei etterspurde video-snuttane frå The Bible Project er sett av millionar. No kjem dei på norsk, med økonomisk støtte frå mellom andre indremisjonsfamilien.

Laget har lansert nettsida fagsjekk.no, som skal støtte kritisk tenking i møte med mytar, feil og forvirrande framstillingar av mellom anna tru og vitskap i læremiddel og populærvitskap.

Copyright © Sambåndet 2020