Sambåndet

Fredag 25. september 2020
RSS
BILLY GRAHAM: Statuen som skal førast opp av Billy Graham framstiller han slik han såg ut på 60-talet, preikande med ein bibel i handa. Her er han i Oslo i 1955. FOTO: Riksarkivet/Wikimedia Commons

Statue av Billy Graham får plass i nasjonal samling

Den avdøde evangelisten blir etter planen innlemma i National Statuary Hall i hovudstaden Washington DC neste år og erstattar då ein som blir oppfatta som forkjempar for kvit overherredømme.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor den 6. august 2020.

100 STATUAR: National Statuary Hall i Washington DC består av 100 statuar av kjende menneske - to frå kvar stat. Graham vil representera North Carolina. FOTO: US Capitol/Wikimedia Commons

Ein statue i reell storleik av pastor Billy Graham vil bli installert i den nasjonale skulptur-samlinga ein gong neste år. Den skal erstatta statuen av Charles Aycock, som både staten North Carolina og den folkevalde nasjonalforsamlinga Kongressen ønskjer fjerna. Dette melder Baptist Press.

Førre veke godkjente eit lovutval i North Carolina ein modell av statuen som skildrar den berømte evangelisten som døydde i 2018.

Bilethoggaren Chas Fagan vil no byrja å jobba med ein modell i reell storleik som må godkjennast av eit kongressutval. Fagan har tidlegare laga fleire statuar av religiøse skikkelsar, inkludert St. John Paul II for Washingtons St. John Paul II National Shrine i Washington , og dessutan Mor Teresa for Washingtons National Cathedral.

Erstattar kvit supremacist

National Statuary Hall-samlinga består av 100 statuar av menneske som har merka seg ut – to frå kvar stat og donert av statane sjølv opp gjennom åra. Graham, som vart fødd på ein mjølkegard i Charlotte, North Carolina, vil ta plassen til Charles Aycock (1859-1912). Han er ein tidlegare guvernør som i dag blir sett på som forkjempar for kvitt overherredømme òg kalla kvit supremacist. Det handlar altså om ei rasistisk tru på at kvite menneske er overlegne menneske med ein annan hudfarge. Bronse-statuen av Aycock vart plassert i samlinga i 1932. 

Aycock var ein av hovudmennene bak eit raseopprør og kupp i Wilmington, North Carolina i 1898, der eit lokalt styrande råd beståande av svarte amerikanarar vart styrta og erstatta av kvite embetsmenn. North Carolina sin andre statue er av Zebulon Vance (1830-1894), ein tidlegare guvernør og amerikansk senator som òg var ein offiser i sørstatshæren.

Lang prosess

BLIR FJERNA: Slik ser statuen av Charles Aycock ut. KILDE: The Architect of the Capitol/Wikimedia Commons

Etter opptøyane og diskusjonane i kjølvatnet av drapet på George Floyd har mange tatt til orde for å fjerna statuar av slaveeigarar og kjente folk som blir oppfatta som rasistar.

Det kan derfor verka svært timeleg for North Carolina å ta dette valet no, men installasjon av ein statue av Graham i den amerikanske hovudstaden hadde faktisk brei støtte lenge før den siste merksemda rundt rasismen i USA.

Den tidlegare North Carolina-senatoren Dan Soucek pressa på for den nye statuen i 2015 medan Graham framleis levde. Rett etter Grahams død gjekk prosessen inn i høgare gir.

– Frå eit kristent synspunkt er Billy Graham eit uomtvisteleg verdsomspennande ikon, sa Soucek den gong.

Han siterte mellom anna dei seks tiåra Graham hadde ei plassering blant topp ti på Gallups liste over dei mest beundra menneska.

Ville gi Gud æra

Billy Graham Evangelistic Association, i partnarskap med staten North Carolina, skaffar pengar til statuen og installasjonen – som blir anslått å kosta 650 000 dollar.

Franklin Graham seier at statuen, som framstiller faren hans Billy Graham slik han såg ut på 60-talet, ikkje er noko faren hans ville ha pressa på for.

– Faren min ville vera veldig fornøgd med at folk tenkte på han på denne måten, men han ville at folk skal gi Gud æra og ikkje han sjølv, seier Franklin Graham. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Komponist Else Olsen S. blander eksperimentell samtidsmusikk og bedehusmusikk for å gi publikum fragmenter av minner, smaker og fremtidshåp

Lars Dale (58) fra Fredrikstad er ansatt som administrasjonsleder i Awana Norge.

Etter et tiår med frivillig kontingent og tilhørende inntektssvikt, har ImF-styret nå bestemt at Sambåndet skal bli et ordinært abonnementsprodukt.

Dei etterspurde video-snuttane frå The Bible Project er sett av millionar. No kjem dei på norsk, med økonomisk støtte frå mellom andre indremisjonsfamilien.

Laget har lansert nettsida fagsjekk.no, som skal støtte kritisk tenking i møte med mytar, feil og forvirrande framstillingar av mellom anna tru og vitskap i læremiddel og populærvitskap.

Copyright © Sambåndet 2020