Sambåndet

Lørdag 8. august 2020
RSS
MODNING: "Det handlar ikkje om å forsvara Gud, men om å setja seg inn i samanhengane i Bibelen. Jesus legg vekt på å «elska Herren din Gud (…) av alt ditt vit» (Matteus 22,37). Dette er òg ein veg til modning og det å bli vaksen", skriv Petter Olsen. (Biletet er tatt i ein annan samanheng og er her brukt som illustrasjonsfoto.)

Ein annan veg til refleksjon

DEBATT Ein må ikkje seia farvel til eit konservativt kristent verdsbilete for å vera reflektert, Emil André Erstad.

Skrevet av Petter Olsen KOMMENTAR den 2. august 2020.

I BT 30. juli skriv den tidlegare KrF-rådgivaren om det «å skifta meining, bli vaksen og mindre skråsikker», som har gjort at han har funne eit samfunn der lyset har fått sleppa inn.

Erstad kjem med ei slags syndsvedkjenning: Han «levde stereotypien av kristenkonservativ mørkemann fullt ut.» Han eksemplifiserer med at han var oppteken av at livet har to utgongar, at abort i utgangspunktet burde vera forbode, at homofilt samliv er synd, og at alkohol er negativt.  

Ureflektert

Kva Erstad meiner med at han «levde stereotypien» er ikkje heilt enkelt å forstå. Ifølgje Store norske leksikon tyder dette uttrykket «en generalisert forestilling om hvordan en bestemt gruppe mennesker er». Er det nettopp ei slik «generalisert forestilling» ingresspoenget om å «la mørkemenn få sjå lyset», ber preg av?

I alle fall skriv Erstad rett ut at han var ureflektert. No, derimot, når han har kasta av seg «mørkemannen» til fordel for «skepsis», «perspektiv, spørsmål og undering», er alt vorte så mykje betre.

Eg hugsar då eg og andre i den indremisjonskonteksten Erstad omtalar som «snever», var invitert til ein fagdag der lærde teologar skulle opplysa oss om det dei meinte var Bibelen sin manglande historisitet. Til overrasking for desse sto ein akademisk likemann fram og sa det motsette. Om temaformuleringa «Skriftsynet i endring – fra lekmann til akademiker» hadde førsteamanuensen dette å seia: «Eg har ikkje endra meg så mykje dei siste 40 åra.» Ved eit anna høve gjorde ein teologiprofessor det klart at han ikkje har funne grunn til å endra det bibelsynet han fekk med seg frå bedehuset.

Modning 

Poenget mitt er at det finst ein annan veg enn den Erstad synest å ha valt. I staden for å opphøga tvil og undring til eit ideal, er det mogleg å «veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus», slik Peter skriv i sitt andre brev i Bibelen. Skal ein oppnå det, er det naudsynt å lesa og studera Bibelen i samanheng, slik mellom anna dei to nemnde og respekterte  bedehusakademikarane hadde gjort. Det handlar ikkje om å forsvara Gud, men om å setja seg inn i samanhengane i Bibelen. Jesus legg vekt på å «elska Herren din Gud (…) av alt ditt vit» (Matteus 22,37). Dette er òg ein veg til modning og det å bli vaksen.

Emil André Erstad gir ikkje innrykk av å ha tenkt på at ei samanhengande lesing og utlegging av Bibelen kanskje kunne gi han vegleiing i dei spørsmåla han møtte på

Emil André Erstad gir ikkje innrykk av å ha tenkt på at ei samanhengande lesing og utlegging av Bibelen kanskje kunne gi han vegleiing i dei spørsmåla han møtte på. «Livet gir erfaring, og mangfald argumenterer for seg sjølv», skriv han. Om me ser på dette som ei prinsipiell utsegn, spør eg meg kor reflektert ei slik tilnærming er.

Utestenging

Erstad meiner han no er på veg «til eit samfunn der det å skifte meining er heilt greitt og ufarleg og fint. Til ein stad der alle ikkje treng å ha alle svar om alt. Der folk som trur ulike ting, kan snakke fint og sakleg og roleg saman om dei vanskelegaste spørsmåla i livet.» Om han verkeleg opplever dagens sekulær-progressive samfunn slik, finn eg det vanskeleg å kalla det reflektert. Det skulle vera nok å minna om transdebatt og omseggripande utestengingskultur.

Er sprekkene i det sjølverklærte nye verdsbiletet ditt store nok til å sjå dette, Emil André Erstad, eller er du like skråsikker no som du seier du var før?    

Først publisert i Bergens Tidende (bt.no) søndag morgon 02.08.20.

Facebook-profilen min kom det en hel del respons på innlegget. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Den avdøde evangelisten blir etter planen innlemma i National Statuary Hall i hovudstaden Washington DC neste år og erstattar då ein som blir oppfatta som forkjempar for kvit overherredømme.

Stefanusalliansens partnarar i Beirut ber om forbønn for alle som er ramma etter eksplosjonen i byen.

Lyriker Haldis Reigstad er tildelt Kongens fortjenstmedalje etter mangeårig forfatterskap. Utdelingen skjer på lørdag.

DEBATT Ein må ikkje seia farvel til eit konservativt kristent verdsbilete for å vera reflektert, Emil André Erstad.

På Reach The City lærer kristne å dela evangeliet med framande på gata i Oslo. Dette er ein type praktisk undervisning mange saknar i den lokale forsamlinga si.

Copyright © Sambåndet 2020