– FORTENER EIN PLASS: Øyvind Kleiveland meiner Hans Nielsen Hauge fortener ein plass i medvitet til alle nordmenn. No vil han laga film om Hauge til 200 - årsjubileet for døden hans. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Vil laga Hauge-film på haugiansk vis

– Hans Nielsen Hauge var ein mann for dei store høva. Dette er eit unikt prosjekt som har all moglegheit for å lukkast, meiner initiativtakar Øyvind Kleiveland.

På haugiansk vis ønskjer filmskaparen Øyvind Olav Sydow Kleiveland å samla inn fleire millionar kroner til filmproduksjonen ved hjelp av folkefinansiering, òg kalla crowdfunding.

– Hauge var jo ein serie-entreprenør. Han starta verksemdene sine gjennom å aktivera grasrota og mobilisera venner og kjente. Han gjekk sjølv inn med pengar, men fekk òg andre til å vera investorar og leiarar. Når han såg eit behov som kunne parast med ei moglegheit, aktiverte han sitt store vennenettverk og fekk reist pengar til å drifta det, seier Kleiveland til Kristelig Pressekontor.

Han seier han òg vil søka om støtte frå Norsk filminstitutt og andre regionale sentra.

Kleiveland, tidlegare forkynner og forfattar, trur det vil vera spennande å laga ein kinofilm om Hauge ved å la folk vera med og investera i og sponsa den. Han kjenner seg på mange måtar igjen i korleis Hauge opererte.

– Då Hauge hadde si åndsoppleving heime på Tune, vart han sett fri frå jantelova. Eg eig heller ikkje nokon jantelov. Eg relaterer til Hauge som ein som gjorde det han verkeleg var meint å gjera, seier Kleiveland som står som produsent og medregissør for filmen.

25 millionar

I 2024 er det 200 år sidan Hans Nielsen Hauge døydde. Då ønsker Kleiveland å ha klar ein storslått film om Hauge med eit budsjett på nokre titals millionar.

Saman med ei lita gruppe medarbeidarar og i samarbeid med ein manuskonsulent har han no klart andre utkast av manus og har fått i hamn ein avtale om distribusjon til alle kinoane i landet.

– Norske filmar som gjer det godt på kino i dag, har som regel eit budsjett på minst 25 millionar kroner. Vi har lyst til å laga ein så bra og profesjonell film som mogleg. Viss vi kan få inn over ti millionar gjennom donasjonar og investorar, står vi friare til å laga ein film som kan bli ein suksess, seier Kleiveland.

Han er sjølv fødd 200 år etter Hauges fødselsår.

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå folk i bransjen på dette filmprosjektet. Ein regissør sa at han skulle ønskje han sjølv hadde hatt ideen om ein film om Hauge, seier Kleiveland, som førebels ikkje vil namngi kven dei har vore i kontakt med, då filmprosjektet framleis er på eit tidleg stadium.

Skal bruka erfarne filmfolk

Kleiveland har inga erfaring frå spelefilmproduksjon, men har laga fleire kortfilmar. Han er likevel ikkje bekymra, då planen heile tida har vore å knyta til seg erfarne filmfolk.

– Dei folka vi tenker å samla rundt oss, har mykje meir erfaring med filmproduksjon enn eg. Mellom anna ønsker vi ein medregissør som har erfaring med spelefilm, og profesjonelle folk på lyd, kamera og liknande. Dette er grunnen til at det kostar pengar, seier han.

Han har tru på at det er realistisk å få samla inn millionsummane, men seier det avheng av responsen kor stor del av budsjettet som blir finansiert gjennom innsamling.

– Om vi får inn tre, fem eller ti millionar, vil vera opp til oss og jobben vi gjer med innsamling, men kvifor ikkje? Hauge var ein mann for dei store høva. Dette er eit unikt prosjekt som har all moglegheit for å lykkast.

I første omgang vil Kleiveland samla inn pengar til å produsera ein trailer som kan brukast i vidare promotering og innsamlingsarbeid.

Forkjempar for likestilling

Kleiveland meiner det finst nok interessant stoff i Hauges liv til å laga ein heil TV-serie, men han ønsker å fokusera på tre aspekt ved Hauge: reformatoren, forretningsmannen og likestillingsforkjemparen.

– I Hauges nettverk var det total likestilling mellom menn og kvinner, 100 år før kvinnene fekk røysterett i Noreg. Hauge gav kvinnene moglegheit til å forkynna og å vera forretningsleiarar på lik linje med mennene. Dette meiner vi har vore underkommunisert, og det er svært viktig for oss å få fram, seier Kleiveland, som gjerne kan tenka seg ein kvinneleg medregissør.

– Vi mannfolk kan lett få tunnelsyn og gå glipp av viktige aspekt, så særleg med tanke på Hauges syn på kvinner er eg veldig open for ein erfaren kvinneleg regissør.

Han trur likestillingsaspektet vil engasjera mange.

– Historikaren Ludvig Selmer hevdar i Norsk Kulturhistorie at den religiøse frigjøringa for kvinner som haugianismen bringa, har bidrege til å frigjera kvinnene i heile samfunnet vårt.

Ikkje meint berre for kristne

FØDD MED 200 ÅRS MELLOMROM: Hauge-statuen i Uranienborgparken vart oppført det året Øyvind Kleiveland vart fødd, for å markera 200 – årsjubileet for Hauges fødsel. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Kleiveland er opptatt av at Hauges historie ikkje er noko som berre bør engasjera kristne.

– Dette er ikkje eit misjonsprosjekt og heller ikkje ein dokumentar om Hauge, men ein allmenn kinofilm som er meint for breidda av den norske befolkninga, seier han.

Han ønsker å laga ei balansert framstilling av ein samansett mann og verken tona ned eller overdriva det religiøse aspektet ved Hauges historie.

– Her er det lett å gå i både den eine og den andre grøfta. Det er viktig for meg å visa eit balansert og sannferdig bilde av Hauge, men samtidig visa dei indre kampane han sleit med, ikkje berre alt han fekk til.

Det som fekk den ferske filmregissøren til å innsjå at det var eit behov for ein slik film, var at dottera hans etter fullført ungdomsskule fortalde at ho ikkje visste kven Hauge var.

– Denne mannen fortener ein plass i alle sitt medvit. Det er 59 år sidan sist nokon laga ein kinofilm om Hauge. Det er ei spennande historie om ein innverknadsrik kar. Eg trur det er ein del folk der ute som kan tenkast å vera med på dette, seier Øyvind Kleiveland. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.